onsdag 26. januar 2011

Med campingbil til Lofoten!


Nr. 5. Med Flakstad som utgangepunkt.


Vil starte med å takke alle som har vore innom bloggen min. Det er kjempekjekt¨å sjå at så mange føl med meg opp over - godt "drivstoff" og svært innspererende for meg, TUSEN TAKK!!


Fra vi kom iland frå ferja i Fiskebøl, går det raskt mot Svolvær og vidare.... Denne gangen er vi berre raskt innom, men vi gleder oss til å komme tilbake på returen.
Det som er planen no er å finne ein stad som vi kan ha som utgangspunkt for turar rundt i Lofoten.
Valget vart Flagstad - på Skagen camping. Campingplassen ligg heilt ut mot havet. Her er romsleg, grønt og fint, og du parkerer stortsett der det passer deg. Gode sanitærforhold, ryddigt og reint!
Områda rundt er nydelege, stupbratte fjell, kvite strender, brusande/stille hav og grønkledde lier. Her er alle fiskeria, fiskerikulturen og tørrfisken - og ikkje å gløyme lukta av tørrfisken :)
Dette er inntrykk som set spikra fast i hukommelsen min, og som eg håpar eg kan formidle litt av gjenom bilda mine.


Frå området på campingplassen i Flakstad











Kveld ved havet. Alle bilda er tatt fra campingplassen













Midnattsol på Flakstad :)


Det vart ein heilt fantastisk kveld/natt. Masse folk frå mange land i Europa, og snakk om fotografering.....For dei aller fleste var dette ein heilt ny oppleving å sjå sola på denne tid av døgnet.
Litt søvn vart det, og planen er no og dra i retning Reine. Litt meir dis og tåke på morgonen, men elles fint...


Morgon på Flagstad


Det vart ein fin dag og vi hadde ein spennande tur ut over. Det var mange bubilar på vegane,og litt stopp vart det.


Ein liten pause


Landskapet oppnar seg



Vårt neste stopp var Hamnøy. Dette  er ein av idyllane på Lofotøyane, med rorbuer og fiskehjeller i havnområdet og ein bebyggelse omkransa av mektige fjell. Det var som eit eventyr...:-)



Alle bilder frå Hamnøy











 






Vidare reiser vi forbi den vakre Sakrisøya og derekte til Reine. Det er mektege fjell som omkranser denne plassen. Skulle vore opp på eit fjell her for å få eit panoramabilde....


Bilda her er frå Reine











Vidare går turen så langt vi kom med bil - til Å. Der parkerer vi og tar beina fatt, i ein heilt fantastisk vær. Det var heilt stille og 20 +. Hadde vi vist at det skulle bli slik, skulle vi nok ha planlagt ein tur ut til Røst!



Utsikt til Værøy og Røst








Etter ein fin dag, reiser vi no tilbake til campingplassen på Flagstad. På vegen tilbake såg vi at tåka kom sigande raskt inn frå havet. Temp. gjekk ned og det var kald vind.













Vi brukte kvelden til å lese litt i aviser og brosjyrer som vi hadde samla opp. Hadde også tlf. kontakt med Rannveig og Laffen som er under vegs opp over. Om alt går etter planen, skal vi treffast her i morgonkveld. Vi gleder oss til selskap noen dager.
Det var også stor underhalding av ein tysk turist som mata måsen med reker.....



  

 

12 kommentarer:

  1. Gratulerer med blogg!
    Flotte bilder her inne Liv!

    SvarSlett
  2. Kjekt å sjå desse flotte bilda dine,Liv.

    SvarSlett
  3. Velkommen til bloggen min Trond, det var hyggeleg!! :)
    Ja, det er for det meste frå din flotte landsdel desse turbildene mine er fra:) det var ei flott reise, lever den opp igjen nå gjennom bildene!...seinare blir det Vestlandsbilder :))

    Kjekt at du er med Aud, det var ubeskriveleg flott. Vi hadde tenkt oss noen fjellturer også der oppe, men tida strakk ikkje til! Må nok opp igjen:))

    Tusen takk for kommentarene, begge to!!

    SvarSlett
  4. Dette gir inspirasjon til å reise mot nord for fleire vil eg tru, meg inklusive.

    SvarSlett
  5. Så flotte bilde! Eg har jo køyrd gjennom det same området fleire gongar, og halvdelen av gena mine kjem frå Lofoten. Har og mange bilde av omlag dei same motiva, men eg trur ikkje eg kan konkurrere med dine!

    SvarSlett
  6. Eg ser apsolutt gleden og verdien ved å lage denne bloggen for meg sjølv, og eg synest det er kjempekjekt om det kan gje andre lyst til å reise opp over også.
    Vi hadde alt slag vær, men det var spesiellt kjekt at det vart så flott i Lofoten.
    Arild, eg synest du skal ta ein tur nord over.... berre vent til alle bilda fra Svolver kjem!! :-)

    Knut, det var kjekt at du også har vore innom bloggen min!
    Du må vere stolt av å ha gener fra ein slik flott plass :-) Visst har vi fint kystlandskap på Vestlandet også, men dette er nok litt meir spektakulært.
    Tusen takk for kjekke kommentarar, Arild og Knut:)..og velkommen tilbake, neste stopp blir Nusfjord!! :)

    SvarSlett
  7. Eg blir stum av beundring når eg ser på bilda dine! Det eine blinkskuddet etter det andre! For ein fantastisk natur vi har i dette landet vårt!

    Tusen takk for at du deler dine fantastiske bilder og gode reiseskildringar. Ei fantastisk reise - og heldigvis er vi ikkje heilt framme enno ;)

    SvarSlett
  8. Så kjekt at du har titta innom Line !
    Skulle gjerne hatt deg med på desse fotorundene :) Det er sant som du skriv, vi har ein flott og variert natur i lander vårt, og du er velkommen til å vere med på resten av turen også!
    Men du,... tenk om vi hadde laga blogg på alle Italiaturane våre...det hadde vore noke og sett tilbake på :))
    Takk for kjekk tilbakemelding Line, og god helg!!

    SvarSlett
  9. Eg vil nesten ikkje at reisa skal ta slutt - det er så vakkert! Det hadde nok vore endå vakrare å blitt med på turen sjølv, ja.

    Det hadde vore eit fantastisk minne å blogge frå Italiaferiane våre. Men med den kvaliteten på bileta vi tok då, så hadde det ikkje blitt det samme ;)

    SvarSlett
  10. ...men kvaliteten på turane den var gode :))

    SvarSlett
  11. Mange fine bilder Liv, fra bla.min heimplass Reine.

    Herbjørn Jakobsen

    SvarSlett
  12. For det første må eg få takke deg Herbjørn for mail fra i sommer med gode tips til turen.
    Som du ser, hadde vi ein flott tur. Værgudene i Lofoten var på vår side, og dagane der oppe var spesiellt flotte. Du har ein eksotisk heimplass som vi ønsker å komme tilbake til....
    Tenkjer at hausten også kan vere ei fin tid der oppe. Då vil vi ta med oss dei turane som du tipsa oss om i siste mail.
    Set stor pris på at du har vore innom bloggen min, og seier tusen takk for kommentaren:))

    Ønsker deg ein fin ettermiddag!!

    SvarSlett