Med bobil i Europa
Fra St. Malo til Rhindalen.
Dobbelklikk på bilda for å få dei større !
St. Malo
Då er det ny dag.
Vi starta tidleg opp og køyrde dei få km. inn til byen.
Litt krusing var det før vi fann ein plass å parkere, men på motsatt side av borga fann vi ei rekke med bobilar og tok sjansen på at det var ok å parkere her for ei stund.
Det gjekk greit :-)
Det var kort veg å gå tilbake til dette imponerende byggverket...
Byen er anlagt på ein granittknaus over havet.
Festningsbyen vart tilført enorme skader under andre verdenskrig, og dei gamle vollane var nesten alt som gjenstod før gjenoppreisninga.
På rundturen vi hadde på muren, kunne vi sjå bastionen, chatauet og Bidouane-tårnet og ei nydeleg utsikt over havet og havnområdet.
Bli med på ein tur rundt borga og opp på muren....
Bli med på ein tur rundt borga og opp på muren....
God info. og fine bilder under denne linken...
Ein tur gjenom porten og ned på stranda.
Det var sol, litt kald vind og skyene trua i horisonten...
...men det er fint, og folk er tidleg ute på morgontur
Inn for desse murane er det også eit "normalt" samfunn med leiligheiter, kontor, butikkar - ei mengd med suvenirer, og mykje meir.
Ei nydeleg utsikt ut over havet.
Utsikt frå muren rundt borga
Her med utsikt til båthavna, er nok litt for ein kvar prisklasse her...
Hus, hage og blomster...
Vi køyrer no mot Dinard og vidare D786 med små avstikkarar...
tok meg ein tur bak huset også...:-)
Så nærmar vi oss Cap Fehel.
Her er ei av Europas største heier og dekker fire kvadratkilometer med vill gras/lyng bevokst mark
Fantastiske fargar...
Cap Frehel.
Vi klatra opp dei 145 trinna i det nye tårnet og fekk ei fantastisk utsiktt over område.
Det gamle fyrtårnet i granitt Tour Vauban fra 1700- talet
...og det nye fra 1950
Rosa klipper av sandstein stuper rett i havet.
Sola driv sitt narrespel med oss heile tida. Fra og vere nydeleg solskin og varmt og godt, kjem det plutseleg grå skyer, vind og regn.
På desse og andre områder der turister og andre ferdast, er det laga stiar som folk skal bruke. Det er ikkje tillat og "vase" rundt over alt.
Dette er blitt gjort i dei seinare tider, og det viser seg at berre på få år har vegitasjonen teke seg opp att. Derfor kan vi glede oss over desse fantastiske heier med eit nydeleg fargespel...
Så er vi igang igjen.
Køyrde D34 over fantastiske lyngheier
kom etterkvart over på D86 som vi følgde resten av dagen.
Målet vårt var no å komme fram til Ploumanac'h og overnatte der.
Ein liten tur ned på den nesten rosa sandstrand
Vegen går slik at vi har god utsikt til havet, dei nydelege strendene og lyng og beiteområder.
Køyrde igjenom Paimpol og vidare til Treguier.
det vart berre korte opphald og ingen fotografering ( rart egentleg )...
Dette er stader som absolutt hadde vore vert eit lenger besøk, men vi hadde høyrt om kampesteinar i rosa granitt og ville fram dit til solnedgang...:-)
...kyr på beite...
...og rundballer - igjen :-)
Vi tok av til ein liten sideveg D6 og køyrde den til vi tok inn på D788
Fordelen med å køyre smale vegar, er at du da kan stoppe korsom helst - nesten :-)
Snart hadde vi Ploumanac'h i sikte...
Eit fint "inngangsparti" til denne vesle byen Plomanac'h
Vi var heldige og fekk ein plass på campingen for natta og no var det ut for å utforske plassen.
I mi reisebok står det : I hjerte av Cote de granit Rose er Grande Site Nationale de Ploumanac'h ein usedvanleg plass med kampesteinar i rosa granitt tilfeldig - og innimellom faretruande - stabla langs 30 hektar med freda kyst og strandlinje.
Dei natuskapte skulpturane av massiv granitt-blokker og mindre steinar er utforma av 300 millionar år med erosjon.
Den rosa granitten består av ei blanding av kvarts , glimmer og feltspat.
Turen gjekk forbi båthavna...
...og det varte ikkje lenge før vi fann det første eksemplara av store steinar...
Desse fine husa imponerer meg...
...og hortensiablomsten...
Måtte kjøpe meg ein slik då eg kom heim - og eg forventar at den blir like fin :-)
Nydeleg landskap og steinar i fleng...
Vi finn fram til ein merka sti som går langt ut over langs strandlinja, men innser at det blir forseint å ta denne turen no på kvelden.
Vi går tilbake til campingplassen og håpar på ein fin morgon...
Det vart ein vakker morgon :-)
Frukosten kjem på plass i ein fart, og vi er snart på veg ut...
fiskarane er også tidleg oppe og på veg ut til båtane sine...
Her er det nok viktig å komme ut mens floa er høg...
mykje utstyr som skal vere med, så samarbeid må til...
Fargerik og fin.
Det er ein herleg morgon - skapt for tur både på land..
...og sjø...
Det var ein spennande sti som gjekk fram på høge knauser med nydeleg utsikt ...
...igjenom grøne lunger...
...og til benkar som var til for å nyte utsikta...
Her kan vi godt snakke om steinbed...:-)
Lune små vikar
og rare steinfigurar...
Bli med på ture
og sjå dei fine husa og dei artige steinane...:-9
Denne plakaten fortel om vegitasjonen fra før 1995 då folk kunne ferdast fritt og forandringa med stiar fram til 1995.
Så er vi tilbake i utkanten av byen/landsbyen og hortensiaen pyntar opp
Sykkelstativ...
Sikkert ein rideskule på tur :-)
Vi har hatt ei runde på 3 timar i vakker og spennande natur.
Så etter avslutta tur og lunch er vi klar til å dra vidare.
Campingplassen var fin og tydeleg ein populær plass med ein god del langtidsparkering.
Den av dei få ledige plasser vi fekk, var liten, men ok for ei natt.
Vi var tenkt å køyre til Trebeurden på denne ruta, men valgte no og avslutte denne kystturen.
I staden køyrde vi ut mot motorvegen til St. Brieuc og vidare mot Rennes, Le Mans og vidare mot Paris
Det var lite trafikk på motorvegen, så det var ein fin kveld å køyre i.
Denne natta låg vi på Champagne Syd ilag med trailarane.
Det var vanleg med slike overnattingsstader før i gamle dager, når vi var på full fart sør over til Italia.
No er det meir sjelden.
Så kl 7.30 er vi på farten over slettelandet i Champagne.
Nydeleg morgon, 13 gr.
Køyrer mot Metz og tar av mot Luxembourg og videre til Trier.
det er god flyt i trafikken så det går raskt unna.
det er god flyt i trafikken så det går raskt unna.
...då er vi i Tyskland
Druerankar
Vi kom fram til Braubach i Rhindalen på ettermiddagen og
hadde hyggelege dagar ilag med gode venner :-)
Turer på Rhin
Fjellturar
Turer til slottet
og ein nydeleg tur til Koblenz
Siste kvelden i Rhindalen var kvelden for den store sommerfesten i Koblenz og byane langs Rhinen
Her ser vi alle båtane går opp over for seinare å komme pynta med lys tilbake.
Denne kvelden er det fyrverkeri fra alle borger, faklar langs elvebredda, og eit lyscow uten like.
Dette var ein fantastisk opplevelse og ein fin avslutning på ferien.
Turen i morgon blir til Køln, Dortmund, Bremen og Hamburg
Det vart ein lang dag, men den var trailerfri og alt gjekk greit....:-)
Tusen takk til våre gode reisevenner for hyggelege dager i begynnelsen av turen,
og for kjekke dagar i Braubach :-)
Tusen takk også til alle som har vore med på turen igjenom denne bloggen og for alle kjekke tilbakemeldingar her, på Fb. og elles alle som gjev meg ros for bloggen.
Kjekt at det er så mange fra Bobilverden er innom også... :-)
No skal eg ta fatt på ei heil mengde bilder fra turen fra St Petersburg til Moskva.
Det skal bli blogg av dei også :-)
Det kan ta litt tid, men dei kjem...
I vakre Grimelia var det også rundballer...:-)
...og ingen solnedgang er vakrare en den i Staveneset...:-)
Ha ein fin haustdag !
Her ser vi alle båtane går opp over for seinare å komme pynta med lys tilbake.
Denne kvelden er det fyrverkeri fra alle borger, faklar langs elvebredda, og eit lyscow uten like.
Dette var ein fantastisk opplevelse og ein fin avslutning på ferien.
Turen i morgon blir til Køln, Dortmund, Bremen og Hamburg
Det vart ein lang dag, men den var trailerfri og alt gjekk greit....:-)
Tusen takk til våre gode reisevenner for hyggelege dager i begynnelsen av turen,
og for kjekke dagar i Braubach :-)
Tusen takk også til alle som har vore med på turen igjenom denne bloggen og for alle kjekke tilbakemeldingar her, på Fb. og elles alle som gjev meg ros for bloggen.
Kjekt at det er så mange fra Bobilverden er innom også... :-)
No skal eg ta fatt på ei heil mengde bilder fra turen fra St Petersburg til Moskva.
Det skal bli blogg av dei også :-)
Det kan ta litt tid, men dei kjem...
I vakre Grimelia var det også rundballer...:-)
...og ingen solnedgang er vakrare en den i Staveneset...:-)
Ha ein fin haustdag !
Igjen har du laget et flott innlegg om turen dere hadde . Så utrolig mange flotte bilder. Fra slottet i havet, nydelige farger fra blomster og lyng. Lyngen gir så flotte farger.Pittoreske småbyer og strender. Du må ha hodet fyllt til randen av flotte naturinntrykk. Flott at du deler. Selv om du strikker litt så må du fortsette med å ta bilder . u er kjempedyktig. Ha en fin dag
SvarSlettKjempefine bilder. Det har vært en nytelse å følge deg gjennom Europa. Du er dyktig i komposisjon og utførelse. <;-D
SvarSlettDå er det berre for meg å sei tusen takk, Berit og Reidar for at de har besøkt bloggen og for at de har tatt doke tid til å legge igjen ein kommentar.
SvarSlettEg blir glad over å få slike tilbakemeldingar over bilda mine.
Å fotografere er ein hobby som tar mykje av tida mi.
Først når eg er i naturen og tar bilder, seinare når eg lagar blogg.
Turane som vi tar er kjekke i seg sjølv, men der er også utfordrande å komme på nye plasser og finne nye fotomotiv.
Ønsker doke ein fin kveld, og igjen tusen takk for fine tilbakemeldingar :-)
Hei Liv :)
SvarSlettJeg har de siste dagene kost meg med å se på bildene fra alle 6 "episodene" av denne turen. Og jeg føler nesten at jeg selv har vært på tur ;) Du har en egen evne til å formidle det med slik virkning, i bilder og ord!! Mye fint å se. Kystbilder, hus, landskap og detaljer av div slag. Takk for at du deler!
Hei igjen Gry :-)
SvarSlettDet er kjekt med slike tilbakemeldinger og kjekt å høyre at du opplever desse turane mine på denne måten.
Slik var det tenkt også, men det er ikkje alltid eg synest sjølv at eg får det til...:-)
Det er ganske mykje jobbing med bilder og når eg då skal lage ein tekst til, er eg ofte lei...
Trass ein del arbeid er det kjekt å lage blogg, og så opplever eg sjølv turane to eller oftast fleire ganger - og så er det kjempekjekt å dele reisene (og bilder) med andre :-)
Ha ein fin dag og takk for besøket her på bloggen. :-)