Med bobil i Europa
Fra Honfleur til Saint - Malo
Kvelden i Honfluer var fantastik og morgonen var også fin.
Hadde ein tidleg morgontur i soloppgang og fin temp.
I løpet av natta hadde crusebåtane på kanalen lagt til kai.
Dette sette tankane i sving om vår forestående kanaltur fra St. Petersburg til Moskva
I byen var det ennå stille...
...men det varer vel ikkje lenge før alle dei som sikkert har frukost no, skal på bytur og få med seg inntrykk og opplevelser frå denne vesle perla av ein by...
På campingplassen herskar også morgonfreden, men etter kvart begynte bilane å køyre ut klar for nye stader.
Her er ein utmerka plass å overnatte og kan anbefalast!
Vi også var snart klar til å starte opp dagens etappe.
Vi vil no forlate denne delen av kysten - Normandie - og set GPS'en på retning Caen.
Då er vi etterkvart over i den nordaustlege del av Bretagne.
Då er vi etterkvart over i den nordaustlege del av Bretagne.
Det er lettskya og fint, 18 gr. og ennå lite trafikk på motorvegen
Halmballer i alle varianter og kyr ha vore ein gjennomgåande ingrediens langs vegane på denne turen, slik var det her også
Vi hadde ein fin tur sørover og det var lite stopp.
Var inn om denne vesle plassen der lørdagsfreden var fullkommen.
...takk for oss...:-)
Flotte gamle kyrkjer...
Små landsbyar...
...og hus bygd i stein.
Så ser vi Mont St. Michell i det fjerne.
Tidevannsøya ligg der like flott og majestetisk som vi husker den fra 1990 - kjekt å vere tilbake...:-)
Det var lørdag og det var enorm trafikk ut over mot øya...
Vi var litt i tvil om vi skulle køyre videre, men den flotte nye stellplazen her gjorde til at vi bestemte oss for å overnatte her.
Været ser ut for å by på både det eine og det andre, og i påvente av å sjå kva vi har i vente, kobla vi oss til Wi - Fi, åt kroasanter og drakk opp siste rest av morgonkaffen.
Vi såg på Origo at Stongfjorden var klar for utekonsert og vi skulle så gjerne ha vore der også...:-)
Etterkvart såg det ut for at vi skulle få ein fin kveld. Vi valgte å gå ut til øya, sjølv om det gjekk busser som vi kunne ta.
( Det er kun busser som får lov å køyre ut her )
Det vart ein fin tur ut over, ca 1 time tok det oss før vi var framme...
Mørke skyer hang over øya, og det var berre eit tidsspørsmål kortid regnet kom...
Det var ei enorm fjære, og vi ville først gå ut over sanden og bak øya
herleg å gå i denne fine sanden
Vi gjekk sålangt vi våga for tidevannet si skuld.
Kvelden på og ved øya vart topp. Vi fekk ei voldsom regnbyge, og vi vart våte som kråker. Men det gav spesielle bilder og eit fint lys. I vinden og sola etterpå vart vi fort tørre igjen
Kvelden vart igjen fin...
...og øya låg bada i vakkert kveldslys.
Her kan de lese meir om denne øya.
Vi gjekk ein runde opp over i øya og klosteret.
Eit flott byggverk med nydeleg utsikt
Her fann vi eit perfekt plass for å sjå når tidevannet kjem inn.
Vi kan så vidt ane bølgene ute i det fjerne...
Det kjem fort inn over...
dette er eit fenomen som mange vil få med seg...
Når tidevatnet møter straumen nedover i kanalen, oppstår det flotte bølger som bølger seg oppover kanalen og sandstrendene
Mykje sand og sørpe, dessutan ein del anleggsarbeid og oppmudring...
..og vatnet stig raskt....
...og folk følger med...
..får håpe alle kom seg til lands....!
Vegen til bobilparkeringa var like lang tilbake, men ein 2 til 3 timar for dag med mosjon høyrer til...
Så er det atter ein ny dag og vi programerer GPS'en til retning St. Malo.
Vi køyrer gjennom idylliske småbyar, liten trafikk...
...og folk nyt nok ein roleg søndagsmorgon...
velstelt
flott og flatt landskap
Vi køyrer D 797 som først går litt inn i landet...
Her er jordbruksområder
...og kyr...
og halmballer som ventar på å bli henta
...flotte gamle hus...
...og vindmøller..
nok ein småby og vegkryss
Vi nærmar oss havet igjen...
roen har senka seg...
Vi køyrer heilt i havkanten, og det er vakkert her...
Regnbyga ligg på lur
Vi nærmer oss byen Cancale, og fann ein fin parkeringaplass for bobilar på ei høgde i utkanten av den vesle byen.
Vi reiser i den mest hekteske turistsesongen, og såleis er det ikkje alltid like lett å finne parkering.
Dei vanlege parkeringsplassane er som oftast kun tillat for små bilar, men det er godt tilrettelagt for bobilar også. Skiltinga er god, det krevst berre litt meir leiting...:-)
Det er så mange fine stiar og parkar over alt. Det er fritt for søppel, det er reint og det er velholdt.
Skulle ønske meg litt meir av dette i det rike landet vi kjem ifrå...
Så har vi gått gjennom parken og kom rett ned i byen og stranda.
Regnbyger, skyer og vind laga dei mest fantastiske blåfargar på havet...
No er tidevatnet på veg ut, og det varer ikkje lenge før båtane står på tørre land.
Dette er eit område fullt av aktivitet, med landsbygd og sjø, jordbruk og akvakultur og eit Fransk kjøkken som ber preget av begge.
I dag var det søndag, og folk pynta seg og hadde lunch på fortausrestaurantane...
Dei fleste hadde østers...
I ettertid er det litt flaut og sei at vi ikkje prøvde denne delikatessen...:-)
Her ved båten var det full fest - veit ikkje om dei hadde mat
i selskapet...:-))
i selskapet...:-))
...slik ja, det blir ikkje tur her på noen timar...
Så fann vi vegen tilbake mellom smuga ...
... koselege hus med blomster og blondegardiner...
...og roser ( ortensia )
ved trappa
...Og stien tilbake var like fin...
Kysten her har fått ei anna form. Her er ei dramatisk sammensetning av odder, vikar, klipper og tidevansfenomen.
Vi nærma oss St. Malo, og tok inn på ein campingplass utanfor byen. Hadde tenkt å gå innover til byen på kvelden, Det viste seg å vere 6 km. inn til sentrum, så den turen vart droppa.
I staden vart det ein fin tur i fjæra der vi såg på båtar som venta på havet...
....som ligg der hulter i bulter som om det skulle vore ein storm som hadde kasta dei på land..
...og folk som sankar skjell, sneglar, makkar og andre rare ting...
Desse gutane og andre laga fårer i sanden og vi skjøna at det var noke dei leita etter...
dei var svært konsentrerte....
Fårer i sanden som i ein åker heime! Stor aktivitet blandt store og små; heile familiar var samla for å
leite etter noko i sanden....
...og når bevegelsane vart svært så akrobatiske, måtte vi spørje kva dei leita etter...
...og det dei fann var småfisk- lik brisling- som levde i sanden når det var fjære sjø ! Den var svært vanskeleg å fange der den åla seg nede i den våte sanden...!
Sikkert godt med eit bad for å få av seg all sanden..
Vi gjekk den lange fjæra tilbake...
og hadde ein nydeleg kveldstur ...
...på stranda...
...i boligstrøk...
...og ut til der som solnedgangen var finast...
Nesten som i Staveneset...:-)
I morgon køyrer vi inn til St. Malo...
Håpar de blir med på denne etappen og vidare opp til festningen i morgon.
Takk for besøket :-)
Ha ein fin dag !
Denne reisebloggen din er flott. Syns det slottet/borgen med og uten lys var mektig. Også morsomt å se at tidevannet kommer innover strendene. Har aldri sett det slik før.Takk for turen så langt.Gleder med til neste innlegg. Ha en fin kveld.
SvarSlettNydelige bilder igjen,veldig kjekt å sjå,føle neten at eg e på reis eg og :) fin søndagskveld til deg :)
SvarSlettFlotte bilder igjen,tak for at du deler bildene med oss.Ha ei fin veke:)
SvarSlettAlltid kjekt å finne kommentarar frå doke, jenter.
SvarSlettI kveld har eg lagt ut siste resten av denne turen. Har sett igjenom alle bildene og synest reisebloggen vart ganske bra. I tillegg er det kjempekjekt å få slike kjekke tilbakemeldingar fra doke.
Det vart slik her som det er i verkelegheita - når ein nærmar seg heim, er det ok at det går fort.
Hadde ein del bilder fra Tyskland som eg var tenkt å ha med, men eg kjenner på at no var det nok for denne gang...:-)
Ønsker doke ei god natt, og takk igjen for kommentarer...:-)