lørdag 18. oktober 2014









Hyen og Hyefjorden.
 
 
Det var oktober, det var søndag,
 og været var slik at det kunne bli både sol og regn.
Fotoutstyret var på plass i bilen og vi tok turen langs Jølstravatnet.


Vi er på rundtur; Førde, Sandane, Hyen, Storebru, Førde.



Klikk på bilda for å få dei større !



 
Det var stille på vatnet...
 


...og tåka laga nesten ein trolsk stemning
 


Etter kvart kom sola fram og laga spennende lysefekter i landskapet på Kjøsneset.


 
Vi reiste videre til Sandane og
ut over langs Hyefjorden
 


Fjorden ligg der blikkstille, og sola kjem gløttvis fram mellom skyene......
 



.....noko som gir landskapet og fjorden fantastiske fargar og nyansar...!
 

 
Her er det berre og nyte stillheita og den blanke fjorden.

 
Holmen ligg der i utruleg flott skue då sola kom fram.
 


 
Hyen speglar seg i fjorden.


Gjengedalen og Gjengedalsstøylane i haustfargar
Vi køyrde bomvegen inn til Støylen
Dette er eit flott turområde med muligheiter for turer i alle retningar
 


 
Her på Støylen er det mange flotte bygg......
 


.....og mange fine fotomotiv !


Ein fin haustdag med fortsatt fine fargar i fjellet.
 




Elva renn lunt og fint gjennom myrlandskapet her oppe...
og eg kosa meg med kamera...:-)
 




 
Er attende til fjorden der regnbygene ligg på vent...
 


.... og sola bryt gjennom skydekket og lyser opp landskapet !
 



Eit lite fotostopp langs ei elv like ved Lykkebøvatnet.
Her har stormane herja vilt og laga eit virvar av rotvelte og gamle mosegrodde tre.


 

Fantastisk fargeinnslag mellom furu og grantre
 


 
 
Har hatt ein flott tur i eit fint haustvær.
 
Takk til doke som titta innom og var med på søndagstur :-)
 
Ha ein fin kveld !
 
 

 



onsdag 8. oktober 2014

Lodalen, Stryn














Lodalen i Stryn


Ein fantastisk flott sommer er over
Den nydelige hausten går etter kvart over i kortare dager og lange og mørke kvelder.

Her på min blogg har det vore både sommer og haustferie.
 Har ikkje vore flink til å legge inn bilder, men dei ligg her i arkivet mitt å venter på å komme fram.

Vi har hatt mange flotte turer i vårt eige fylke, og eg har lyst å starte opp igjen med turen vi hadde til Lodalen ein dag i juli.

Lodalen har ei dramatisk historie.
 Rasa i Ramnefjellet i 1905 og 1936 la bygdene i grus,
 og tilsaman 136 mennesker mista livet.

Det var ein dag med tunge skyer,
 men dette gav fine og dramatiske farger til det spesielle landskapet i Lodalen
 




Mange idylliske plassar langs Lovatnet




Turistbåten ved kai i Kjenndalen
 


Kjenndalen




Kjenndalsbreen
 





 Ramnefjellet og Lovatnet
 

Frodige bygder
Før rasulukkene i 1905 og 1936 var bygdene Nesdal og Bødal rekna for svært grøderike, med god næringsrik jord.
Etter raset i 1905 vart tuna bygde opp nær dei same plassane.
Mange spurde seg kvifor dei ikkje flytta frå bygdene ?
Svaret på dette kunne vere at ein ikkje rekna med at fjellet ikkje skulle rase så dramatisk to gonger.
Den andre og viktigaste grunnen var vel at ikkje folk hadde så mange alternativ.
Som ein ser ligg det no tonnevis med stein og ur under såret i Ramnefjellet.
Kjem her nye ras vil ikkje desse kunne danne svære bølgjer fordi vatnet no er fyllt opp.
Også andre bygder langs Lovatnet vart råka av bylgja fra raset.
Langs heile vassdraget vart det gjort matrielle skader.

 
 
 

 Dette er skipsvraket etter dampbåten "Lodalen" som frakta folk og fe på Lovatnet.
Under første raset i i 1905 blei båten løfta 40 meter opp og kasta 300 meter inn på land.
I raset i 1936 blei båten skylt ytterligare eit par hundre meter opp!


 ...nesten gjengrodde stiar, men roleg og fint å gå på tur.

 
I Bødalen går vi på "historisk vandring" langs oppmerka sti.
 




 Dette er ein interessant tur som fortel oss kor busetnaden var før og etter rasa.
www.loen-bilder.no





 Fint å sjå innover mot Nesdal


Ein fin tur,
 men og ein tur som gjev sterke inntrykk frå dei tragiske rasulykkene.
 
 Takk til doke som besøker bloggen min
 
Ha ein fin kveld !