mandag 2. mai 2011

Runde





Fra ein tur til Runde.





27. april. Etter å ha vaska og rydda og gjordt bilen klar  for vår /sommer, var det igjen kjekt å dra ut på tur. I ein strålande morgon og med lovnad om forsatt fine dagar, la vi inn Runde på GPS'en og drog avgårde.


Det vesle vatnet i Rørvika var stille som ein spegel.


Sjølv om vi hadde hatt varme og fine dager i påska, låg det forsatt is på Jølstravatnet.


Helgheimskyrkja.

Vi hadde ein flott tur opp over. Tok ferja fra Anda - Lothe og vidare til Folkestad - Volda. Deretter gjennom Eiksundtunnelen til Herøy og Runde. Det var ein kald nordavind, men vi har alltid med klede for allslag vær, så det var ingen problem.

Rundebrua fra 1982, som bind Runde saman med resten av kommunen.

Det bles ein frisk vind

Her har naturen laga flotte steinformasjoner

Runde


Etter ein pause er vi klar til å gå opp på Rundefjellet. Runde har det sørlegaste fuglefjellet i Skandinavia.
Her er det ca. 500 000 fuglar, som lunde, havsule,  krykkje, alke, lomvi, havhest og i det seinare år også storjo. Det er fantastisk flott å vere her. Både og oppleve fuglelivet, men og den nydelege fjellplatået og dei ville stupa rett i storhavet.

Utsikt til det vesle samfunnet, Runde.


På veg oppover

Er klar til å fange eit motiv :)

....lurer på ka ho held på med....:)

Vakker!


Har kontroll på høgdeskrekken,....trur eg....


...er det høgdt utfor her då....


....rett i havet...


.......du får flyge først....

....eg ventar litt....


Har hatt ein flott kveld på platået og er på veg ned i gjen.


Ein vakker kveld!


Planen vår i dag er å gå over fjellet og ned til Kvalneset og Runde fyr.


Det var ein fin morgon, men med litt skyer på morgonen.


På veg mot fyret.


Vi ser ned mot Kvalneset som ligg heilt nordvest på øya. Runde fyr er frå 1767 og sett i ubemanna drift i 2002


Husa her er held i god stand og er mykje brukt til leirskule.


Bli med mellom husa og ned mot sjøen...




Det var fint her nede, men sikkert enormt værhardt når stormane slår til.


Så er vi igjen på toppen. Var ei stund i tvil om eg skulle gå ned her, men er glad for å ha fått med meg dette Det blir fleire turar hit, men då på kvelden...i ein vakker sommkveld.:)

Det er flott å gå på desse heiane.

Her er det fritt fall....




Storjo.


På veg ned fra fjellet

Det er tredje gangen vi er her, og  har nå vi fått med oss det meste av øya, både her oppe og nede langs havet. Eg er klar for tur nr. 4 :-))

Sauene er vande med folk som går opp og ned her.


Hus og naust på Runde...







Så er vi klar for å dra vidare og køyrer ut fra Runde.....


Det ser ut til å bli ein vakker kveld, men den vil vi oppleve ein annan stad :)

4 kommentarer:

  1. Dette var ei stor knippe med vakre bilde frå Runde Liv.Lunda kjem vel på ein viss dato til denne øya.

    Steinar B.

    SvarSlett
  2. Mange flotte bilder frå Runde turen din Liv,likte godt fuglebildene.Var på Runde ein gong,kjempe fint der.

    SvarSlett
  3. Set stor pris på at de er innom :))
    Dette var noen flotte dager, og på Runde er det fantastisk. Ein finværsdag er det topp på toppane ;)Eg er ikkje sikker på datoen her når Lunda kjem inn første gangen Steinar, men er du her på kvelden frå ca 17.30 - 18.00 og ut over, vil du få eit flott syn. Då kjem dei inn frå havet i store flokkar. Denne gangen var det tidleg i sesongen, så vi såg ingen fuglar med fisk i nebbet. Reknar ikkje med at dei hadde fått "barn" ennå :)
    Ta ein tur opp !!
    Ønsker doke ei fin held :-))

    SvarSlett