tirsdag 28. desember 2010

Det har vore ei fin julehelg med fantastisk kaldt og stille vær. Vi har feira jula i Størdal ilag med barn og barnebarn. Dei små har sote rundt frukostbordet og sett at morgonmørket gradvis har gått over til ein nydeleg blårosa farge. Rundt det same bordet har vi som oftast hatt middag når kvelden har komme og laga dei flotte rødorange fargane ute i havet. Barna er alle einige om at det er i Størdal at himmelen har dei aller finaste fargane :-)
Sol har vi derimot ikkje på denne tid av året på "vår" side av fjorden.
Derfor har vi tatt bilen og reist over på den andre sida og vidare ut over....Der har vi hatt fine turer, og litt bilder har det blitt også.
No er snart  jula over og eit nytt år står på trappene.....

2 kommentarer:

  1. Utrulig fine bilder,Liv.Flotte motiv og farger,dette kan du:)

    SvarSlett
  2. Alltid kjekt med kommentarer fra deg Aud, tusen takk!!
    Det var flotte dagar og hente motiv fra :)

    I skrivende stund set eg her i Førde og ser at snøen laver ned....nydeleg vinterstemning :) Har tenkt oss ut over i ettermiddag. Her er det 1 minus, så eg kan tenkje meg at det blir værforandring når vi kjem ut over i fjorden.....

    SvarSlett