tirsdag 8. februar 2011

Hausttur, nr. 1 - 2010.

Hausttur!



Det er forsatt dårleg vær og lite freistande og farte ute å samle bilder på brikka. Driv forsatt å rydder litt i bildene mine og kom over bilder fra ein hausttur vi hadde siste dagane i september.
Synest kontrastane fra fjell til hav var flotte og vil gjerne dele....

Frå Gamle Strynefjellsvegen


Når du er eigar av ein campingbil, går du ofte med ein slag uro i kroppen om at du skulle vore ein stad...
Slik var det ein fredagskveld i slutten av  september også. 
No er det slik at Atle likar seg godt litt opp i høgda, og eg kan ikkje komme langt nok ut på fjøresteinane.
Derfor må det litt forhandlinger til.... Denne gangen vart det fjellet!
Tidlegare har vi vore eigar av ei hytte langs gamle Strynefjellsvegen, og forsatt er trangen til å komme opp igjen i dette terenget stort.
Vi starta laurdagsmorgon frå Førde i eit nydeleg haustvær, klårt og ganske stille på morgonen.
Hadde eit lite stopp på Moskog.....



Gamle bygningar på Sunnfjord Museum.






Turen gjekk raskt opp over til Stryn. Etter kvart som vi kom opp over vart det litt forandring i været. Litt skyer  og ein kraftig kald vind følgde oss opp over til fjellet.
Vi tok av til den gamle vegen opp over. Etter kvart begynte dei flotte haustfargane og gjere seg gjeldande.



Bilda er tatt langs gamle Strynefjellsvegen og ned til Grotli


Skridolaupen i det fjerne.
 (Har hatt  mange flotte turar til den toppen )
Haust i fjellet








Det var utrulege fargespel i fjellet og naturen rundt. Meininga var å ha ein fjelltur her oppe, men denne ettermiddagen trur eg ikkje nokon av oss var heilt motiverte. Dessuten var det ein isande kald vind, så vi kjøyrde tilbake mot Stryn igjen.
Vi hadde ein flott tur tilbake og det vart igjen ein stille og fin kveld.



Fin kveld

Så var vi tilbake i Førde og tilbrakte kvelden ilag med andre campingbilvenner. Her vart det planlagt tur til Grotlesanden på søndag.
Vi køyrde tidleg morgon og det var eit nydeleg vær, nesten forgale å sitte i ein bil....



På vegen mellom Grov og Isane








Det var nesten sommartemperaturar når vi kom opp til Grotlesanden. Folk bada og kosa seg og det var sterk kontrast til den kalde ettermiddagen i går. Vi fann ein lageleg plass til bilen, parkerte og gjekk ut og naut den flotte ettermiddagen. 


På Grotlesanden er det sommarstemning.

Sandstranda på Grotle er 2 km lang

....silkemjuk sand og flotte svaberg

....og grønt gras som er godt å gå på



....gamle naust

...og igjen ei flott strand

....ein fantastisk solnedgang

Folk vi trefte sa at det hadde vore få slike kveldar denne sommaren...

Det vart ein draumekveld...

Så flott...

...at vi sår ingen grunn til å dra her ifrå

Sola har gått ned i havet

Fargespel i sanden





Det er snart natt!


Vi vart her denne natta, men reiser vidare i morgon.....






























































6 kommentarer:

  1. Hausten er ei fin årstid, synest eg. So mange fargar som kjem fram i naturen. Flotte bilder, følte nesten eg var med på denne turen :)
    Ha ein fin dag.

    SvarSlett
  2. Så kjekt du er med Ann Tove :))
    Eg følte det passa og ta fram desse fargerike bildene i denne "regntida".
    Du er velkommen til å vere med vidare, turen skal ende opp på Ytre Fure på Stadtlandet:)
    Ha ein fin dag du også!

    SvarSlett
  3. Den minnebrikka di må vere stappfull av motiver:-D Nydelige motiver og bilder!:) ...eg følgjer gjerne med vidare;))) Fin kveld til deg!:)

    SvarSlett
  4. Flotte haustbilder,kjekt å sjå bilder frå heim kommunen min.Sjølv om det var haust var det godt å sjå litt andre fargar og lys.Skal følge med vidare.Fin kveld til deg:)

    SvarSlett
  5. Flotte bilder og slike kveldar er berre ein fryd å sjå.

    SvarSlett
  6. Eg har mange bilder på brikka, det er rett Janne :)Tanken min var å få slette ein del samtidig som eg lagar desse bloggane. Men dei fleste er gode å ha.....:)
    Takk til doke alle for kjekke tilbakemeldingar!
    Kjempekjekt å ha doke med på tur :-))

    SvarSlett