tirsdag 8. mars 2011


Ein tur til Botnane.
 


Etter værmeldingene å dømme skulle dette vere dagen for  opplevingar av storm og bølger.

Vi planlegger derfor å dra til Kråkenes. Pg. av diverse avtaler, kom vi oss ikkje avgårde før ut på ettermiddagen. Vi hadde heller  ikkje komme langt før meldingen om stenging av Måløybrua kom. Det var ikkje aktuelt å snu, så derfor vart det ein tur ut til Botnane i stadenfor.

Det var stille og fint heilt til vi kom over Magnhildskaret, då møtte vinden og snøføyka oss. Snøen gjekk fort over til eit ufyseleg regnvær som piska oss våte på eit blunk berre vi stakk nasa ut om bildøra.
Værmeldingane om vind slo til for fullt og det var nesten nifst å gå ut av bilen.
Skulle vi få tatt bilder i dag måtte det bli gjennom ope vindauge og unna vinden. Linsa vart våt av regn og sjødrev, så kvaliteten på bilda er ikkje av den beste.

Alle bilda er tatt fra området rundt Botnane.






























Dette var nok siste turen før ferja frå Kjelkenes til Smørhavn vart innstilt også....

Det vart ikkje Kråkenes denne gangen - og heller ikkje store bølger, men  tur i sterk vind var det.
Vel tilbake i Førde er det nesten ikkje eit vindpust, derimot eit tordenskrall i ny og ned....

Ønsker alle ein fin kveld !!


7 kommentarer:

  1. Flotte bilder frå Botnane,du er jammen flink å ta ut på tur i ruskeværet,trur nok at Frøysjøen ikkje var heilt blid i dag.

    SvarSlett
  2. Takk for kommentaren Aud:)
    Det var heilt andre forhold i dag enn for ei veke siden. Ville ikkje stått på øvre dekk på ferja og tatt bilder i dag :)

    SvarSlett
  3. Fasinerande med slikt veir:))) mykje vind og regn der eg og var, så bilda måtte takast gjennom vinduet frå bilen:)

    Flotte bilder Liv!
    Fin kveld til deg og:)

    SvarSlett
  4. Flotte vindfulle bilder. Det har vore ein forrykande dag, det tok godt i vindkasta her ute hos oss.

    SvarSlett
  5. Tusen takk for kommentarer og for at doke har besøkt bloggen min :))
    Det var vind og regni går, i dag laver snøen ned her hos meg....eg vil ha vår!!

    Ønsker alle som er innom ein fin dag :))

    SvarSlett
  6. Har lava ned med snø her og i dag,ser ut som vi må vente på våren.

    SvarSlett