torsdag 3. mars 2011


På tur til Grotle.





Denne veka var det barna fra Bergen som har vinterferie. To av dei kom til oss......
At nokon hadde vore på Bulandstur veka før, hadde det både sett og hørt om. Opptatt av retferdigheit er dei også, så det var med ein gang bestemt at tur måtte det bli denne veka også. Andrea har vore på Refviksanden med oss før og er imponert av desse flotte strendene vi har (finare en syden) så strandtur vart ønske denne gangen.....
Dette skulle vere ein dagstur,  og målet vart då Grotlesanden.
Turen starta frå Førde tirsdag kl 9.00 Det var grått, tett skodde og litt yr i lufta, så vi tenkte at dette vart nok ikkje dei store opplevelsane. Men tru det eller ei, ute på den andre sida av Naustdalstunellen, var det blå himmel, sol og eit nydeleg vær. Vårt første stopp vart Eikefjorden.


I Eikefjorden var det vår i fjæra.

....kom å sjå!

Her var det fint.



Fra Eikefjorden går turen videre ut over langs fjorden. Vi tar av i retning Svelgen. Nordalsfjorden låg stille og blank, men sola hadde ennå ikkje fått skikkeleg tak, så brua låg ennå i skugge.


Her med utsikt til denne fossen måtte vi ha eit stopp.


Sola varma godt oppe i desse hamrane, og is og stein rasa i eit vekk ned i vatnet. Godt det ikkje var ein veg under her iallefall....


Haukå

Her i Haukå var det ein fin vårdag, og fjæra var forlokkande her også....men vi reiste rett til vinteren igjen.
Oppe i Magnhildeskaret var det mykje snø, og tåka låg lavt over fjella. Det var ein god del folk som var på tur inn over i fjellheimen,  det vart nok ein fin dag her også....


Tåke i fjellet

....men det lettar nok opp.


Dette vart ein tur med reise gjennom mange årstider....mange ganger. Ungane tykte dette var spennande og var undrande over at det var så store forskjeler på så korte avstander.
Her er vi igjen ved fjorden - på Indrehus og det vart snakka frampå om det var lov å vasse....

Men nei, du får heller ha buksa ned i støvlane.....seier storesystra :)

....ikkje lenger ut, du får vatn i støvlane...!!!

....det er ikkje enkelt å vere minst, eg får sitte litt her eg, så eg ikkje gjer noke gale...:))

Midtgulen

Denne skulle fått eit vårpuss.....

Vi har pasert Svelgen og er igjen i vinterlandskapet

Her var det flott tereng for turgåing...

Vi hadde aktiviteter i brøytekantane....:)





Mot Ålfoten



Humøret er på topp!



Fra Davik

Utsikt mot Hornelen

...snart ved Rugsund.

Ein liten stopp i Rugsund
Frå Rugsund
Hornelen i dis og men skodde på toppen.


Så er vi framme i Grotle. Forsatt ein fin dag,... trur dette er den første vårdagen dette året. Ein liten innkjøpsrunde på butikken må vi ha, bollar og chips...vi er no på tur...:) ... likeins ein runde med kammera...

 Motiv frå Grotle




 Grotlesanden var like fin i dag som sist vi var her. Litt meir dis frå havet denne ettermiddagen, men sola varmar og vi hadde ein fin ettermiddag og kveld her ute. Ungane kosa seg, ei flott strand og springe på ,sand og vatten å leike med....livet var herleg, og her var det kjekt å vere :))
Eit godt råd er å ha med klebyte og ein pose å ha klede og sko i, så slepp ein å få sanden inn i bilen.  Denne sanden er det ikkje lett å riste av, den heng på som det skulle vere lim!!















Den fine kvelden lokka folk ut....

Damene som var her, hadde også ein fin strandtur. Dei er no på heimveg og det må etter kvart vi også tenkje på. Skulle gjerne vore her lenger for å ha fått med meg solnedgangen, men den får vi ta fra ferja :)


Kveldstemning på Grotle




Bilda er tatt på veg til Smørhavn



Dar kjem ferja :)

Ein flott tur tilbake til Kjelkenes

...og ein vakker kveld

...med ein nydeleg solnedgang.

Med høg iso var det akkurat nok lys til at vi fekk med oss oppdrettet på Haukåna også :)

Kveldsdis

Ein fin dag og ein koseleg tur med barn i godt humør.
Alle våre barnebarn har vore på tur og livet er retferdig....:)  No gjenstår ei helg med samling av alle 4, evaluering av turar og andre aktivitetar, og så går livet atter sin vante gang med skule og plikter.

Ha ein fin kveld!! :)



















6 kommentarer:

  1. Det er flott på Grotlesanden, trur vi må ta med ungane dit ein gong også!:))) men då med båten vår:-)
    Såg ut som ein koselig og flott tur, klart at dei måtte på tur når dei andre hadde vore veka før:-D
    Flotte bilder Liv!:)
    Fin dag og helg til deg!:)

    SvarSlett
  2. Ser ut som de har hadde ein kjempefin tur den dagen. Var heldige med veiret òg. Ellers har det vore so som so med det denne veka:) Kjempefine bilder. Du får ta turen til Herland når det vårast. So kan eg ta deg med på turen rundt og opp på Brurastakken. Mange flotte motiv der.

    SvarSlett
  3. Takk for turen igjen, godt å komme seg ut litt:)

    SvarSlett
  4. Kjempe fine bilder Liv,var nesten så eg fekk heimlengsel.Skal opp over neste helg,så då må kamera være med.God helg:)

    SvarSlett
  5. Fantastiske bilder!

    Heldige barnebarn som får oppleve så mykje fint ilag med besteforeldra sine :)

    SvarSlett
  6. Hei og tusen takk for kommentarene til alle saman!!
    Må nok innrømme at det er godt med ein roleg dag etter to travle veker :))
    Men det har vore kjekt, og eg ser fram til neste besøk...

    Doke er alle velkomne til å vere med på nye turar ut over våren :-))

    SvarSlett