fredag 1. juli 2011

Junitur nr. 3 - 2011.


Junitur til Karmøy.





Kveldstemning i Åkrehamn.


Vi tok same ferje tilbake fra Jæren og kjøyrer no gjenom  Haugesund og mot Karmøy.




Det er rikeleg med fiskeoppdrett på kysten....


Kårstø, prosesseringsannlegg i Nord Rogaland.


Vårt første stopp her var i Koparvik. Dette er ein ein liten by, godt skjerma fra det harde kystværet.
Kopervik er administrasjonssenteret for Karmøy kommune.




......også fra Koparvik
Det blir ein fin dag, og etter ein del turer rundt omkring reiser vi videre til  Åkrehamn.
Denne byen er ein del av tettstaden Åkrehamn /Vedavågen og er i stor vekst både innan handel, økonomi, befolkning og kultur. Her er det mange små idylliske sørlandshus men folk fortalde oss at ein del av desse husa blir revne ned og erstatta av større boeinngar.





Gamle hus som skal rivast, men desse skal byggast opp igjen i same stil -  fortalde ein eldre mann meg.






 Her var fint og det var stille, men sa folk, vi måtte berre ikkje tru at alle dagar var slik.
Vi fekk høyre historier fra stormfylte dagar og netter, med høge bølger og sjødrev. Det var
ikkje kvar dag det gjekk an å komme seg på sjøen....






Eit besøk på Sandvesanden vart det også tid til. Dette er ei av Karmøy sine finaste strandperler. Den ligg på Sandve nord for Skudesneshamn...


Så var vi i Skudesneshamn.....og det var som ein sommerdrøm :)


Etter ein is og ei avis på denne benken her, var det berre å vandre sakte rundt å syge opp inntrykk av dette maritime miljøet. Det var så stille her og folk kunne verkeleg kunsten å slappe av og nyte livet.....
Kan godt klikke på bildene for å sjå dei avslappande  detaljene...:)



Ut på rotur



Hei, vent litt eg skal vere med også....



Slik ja, no kan vi ro....



...ut på tur....
Herleg å høyre lyden fra åretaka...:)


På bryggekanten



...og med båt i "hagen" er nok livet topp :)



...på bryggekanten...



...finn alle roen...



Vi vandrer videre inn i den gamle bydelen. Rekner ikkje med at det er like roleg her kvar dag, men ein lørdagsettermiddar "etter stengetid" var det ikkje mange personer å sjå. Noken barn leikte "gøyme" mellom desse små husa og her var det så mange fine og spennande hjørner å gjøyme seg bak, at eg godt kunne tenkt meg å vore med på leiken....:)



Innsyn til "verdes minste" kafe i Skudesneshamn :)...med 4 bord og plass til rundt 10 gjester i gangen :)







Når sola kasta sine lange skuggar inn mellom husa, køyrer vi tilbake til Åkrehamn.
På ei høgde over byen var det god utsikt over havet.


 Dette var ein av desse få fantastiske sommerkveldane  vi har fått tildelt dette året...





Her på kaikanten sat eg lenge og tenkte at her vil eg bli....:)


Men etter å ha fått melding frå to utolmodige karar som  venta på oss, starta vi igjen opp og kjørte i den nydelege sommerkvelden mot Førland.



Her på kaia låg båten klar og siste etappe var raskt unnagjort...:)


Ein vakker kveld med sjøbad og tørking av håndklede på terassen....



Ein rask tur ut på Sletta for å få med ...


..dei siste strålane fra sola denne kvelden....


Snart natt i båthavna


...og igjen ein ny dag...


Ein liten tur med fotokamera fekk eg tid til...





....før den kjekke naboen kom inn med morgonens fangs og tilbydde meg eit kurs i filitering.
Tusen takk for det, no er fiskekakene laga. noken er i frysen og noken i magen - dei vart gode!! :)
Vi takkar for eit fint og koseleg opphald her på hytta, og set GPS' på  mot Stongfjorden...


Så, etter eit kort opphald i Førde, er vi igjen i Stongfjorden. Alltid like spennande å komme ned på "svingen" å sjå korleis fjorden er - og å sjå lyset fra havet :)
Denne ettermiddagen såg lovande ut. I tillegg trefte  vi Arild som slo gras og pynta opp i sentrum,  og med lukt av nyslått gras, hyggeleg prat og skarpe skrik fra tjelden som paste på ungane sine, -  då var sommerfølelsen der... :)


Ein liten tur bort om dei flotte sjøbuene til Janne og Svenn vart det også tid til.  Nyopp pussa og fint både ute org inne. Heldige er dei som leiger rom her i ferien....!!



Dette er det ein ferierende i Stongfjorden då vil oppleve, berre ein liten snartur unna .... :)




Ein fantastisk flott kveld var dette! :)



Takk igjen for besøk på bloggen :)

God helg !!

7 kommentarer:

  1. Flotte bilder igjen Liv!!:-))) Karmøy er ein vakker plass!:-) ....og jammen var det ikkje bilde av ein flott ferieplass nederst her og :-D
    Takk for omtalen ;-)))

    Fin helg til deg og Atle:-)

    SvarSlett
  2. Veldig fine bilder! Kan vi reise der en gang? (om det ikke tar for lang tid ;) )

    Hilsen (jente) barne barn ;)

    SvarSlett
  3. Woops... Viste ikke at du var på logget...

    SvarSlett
  4. Flotte bilder,Liv.Enig med Janne veldig fint på Karmøy og Skudeneshavn.

    SvarSlett
  5. Det var eg (Even) og Odd som fiska fisken og då blei bestemor flink til og sløye og filitere.Det Var supre bilder:) :) Helsing Even ditt barnebarn.

    SvarSlett
  6. Fantastisk flott, forstår godt at det frista å bli der nede, men er no glad doke tok til vet:)
    Ha ein fin sommar!

    SvarSlett
  7. Tusen takk til alle - store og små - for kjekke tilbakemeldinger. Blir glad for det... :))
    Ønsker doke ein fin sommar!

    SvarSlett