Med bobil i Europa
Fra Boulogne til Le Treport
Klikk på bilda for å få dei større!
St. Valery - ei lita perle
Morgonen på bobilparkeringa i Boulogne var nydeleg, nesten forgale og reise her ifra.
Men kl. 7 hadde vi kaffi og kornflakes i magen og klar for tur vidare.
Det er fine vegar i Frankrike, behøver slett ikkje køyre motorveg for å komme fort fram.
Snart var vi framme ved området der elva Somme renn ut i havet i ein diger bue med sanddyner og sandsletter. Ved lavvann kan havet trekke seg 12 km. tilbake og etterlate seg enorme horisonter og ei fullstendig ro.
På kvar side av denne bukta ligg to sjarmerende byer.
På kvar side av denne bukta ligg to sjarmerende byer.
Den eine er St. Valery
Den er ein liten gammel by med bymur, promenader og nydelege blomster...:-)
Den er ein liten gammel by med bymur, promenader og nydelege blomster...:-)
Her var det fred og ro...
...og eigentleg var det berre å sette seg i skyggen under dette treet og la desse flotte omgivelsene synke inn...
Her var nok sådd med blanda blomsterfrø.
Eit lite eventyrrike var det...:-))
Her var det muligheiter til å vere med ut og oppleve kanalar, tidevatnet og havet utanfor.
Så er vi igjen på vegen....
Det er koselig å køyre igjenom desse småbyane...
Ville de Ault
Litt opplysninger om Ault og omgivelsene rundt under denne lenka.
http://translate.google.no/translate?hl=en&sl=fr&tl=no&u=http%3A%2F%2Fwww.ot-ault.fr%2FMULTI%2Findex.php
http://translate.google.no/translate?hl=en&sl=fr&tl=no&u=http%3A%2F%2Fwww.ot-ault.fr%2FMULTI%2Findex.php
Hadde ønska meg sol når vi skulle besøke desse flotte klippene. Trur nok kveldslyset hadde vore med og gjeve eit anna inntrykk. Her er det regn i vente, men likte egentleg denne duse blåfargen også.
Her er flott og annleis. eit heilt spesielt landskap...
Sjøen er kommen heilt inn til klippa, skal vi komme over til den andre delen, må vi enten klatre eller gå ein heil omveg rundt og opp på klippen...
Dette gjekk jo bra...:-)
Så er vi over på den andre sida
Og vi kan beundre både klipper, fargar...
...og sjå om det blir fangst her...:-)
Ein tur over klippene vart det her også, og utsikta over byen var flott.
Fint var det den andre vegen også, med blomstereng og regn i lufta.
Litt meir utsikt over byen før regnet kom og vi spring ned igjen mellom gatene...
Ein av dei ting som har vore artig på denne turen er å sjå forskjelen på byggestil og matrialer husa er bygd av. Dette varierer mykje fra distrikt til distrikt.
Dei er gamle mange av desse fargerike husa
Kyrkja i Ault
Artige hus...
Så er vi igjen på farten og reiser videre til Le Treport
Fra havnområdet i Le Treport
Også her i Le treport er det ei elv som renn ut i havet - elva Bresle
På kvar side av elva ligg to av Frankrikes eldste badebyer.
Le Treport i vest er ein viktig fiskerhavn, og fersk fisk og sjømat er standard på dei travle restaurantane ved kaia.
Her ser vi den store forskjelen på flo og fjære.
Enorme mengder med teiner var stabla her på kaia
Her er det tidevatnet som bestemmer kortid båtturen skal vere.
Det er mange rare fiskeredskap...
...alt må fungere som det skal...
...så er han ferdig til å begynne.
Veit ikkje ka han fekk inn i denne " nota"men fangst vart det...:-)
Utsikt mot vestsida
Mers-les-Bains på den andre sida av elva har den finaste stranda og ei lang rekke med flotte 1800-tallshus i art nouveau-stil, med snirklete balkongar og nydeleg flisarbeid
Her må ein gå mange turer fram og tilbake og verkeleg få med seg alle dei flotte detaljene.
I sterk kontrast til den fargerike husrekka, ligg dei små og sjarmerende badehusa.
Bli også med på ein tur på den nydelege stranda
Så er det kveldslyset som legg sitt gylne skjer over klipper og hus
Legg merke til kor like fargar dei har - husa og klippene...
Vi avslutta kvelden med ein tur på klippetoppen, og på vegen opp gjekk vi forbi den flotte kyrkja
Utsikt over byen...
...og havet...
Så er det tilbaketur til campingplassen.
Har hatt ein lang dag/kveld i byen, men det er så fasinerende og gå på slike stader at tida går fort.
Som de kan sjå, er no sjøen komme inn i havna. Båtane har blitt flytande og vi får eit heilt nytt bilde og inntrykk av havnområdet.
Ca. 20 min brukte vi å gå fra havnområdet og
tilbake til campingplassen.
Ein fin tur i måneskin...
Då får vi sjå når morgonen kjem
om vi skal bruke meir tid her eller vi skal dra vidare.
Takk igjen til alle som er innom bloggen :-)
Ha ei fin helg !
Atter en gang mange flotte bilder. Takk for at du tar oss med. Utrolig flott natur. Spesiellt de bratte klippene mot havet og flotte hus med utskjæringer og karnapper.det er nesten som man burte ta en tur dit. Vakkert.
SvarSlettHa en fin helg
Alltid hyggeleg kommentar fra deg, Berit - tusen takk :-)
SvarSlettTrur at våren også må vere ei fin tid der nede, så tenk på ein tur...
Ha ei fin helg du også !
Takk for turen Liv. Det var fint å sjå på bilete av "la douce france"
SvarSlettTakk for turen den var som vanleg utruleg flott dokumentert med bilder og ord.
SvarSlettEg vert med vidare ;)
Søndagsmorgon og eg kosar meg med blogglesing :) Mykje vakkert på denne turen,flotte desse klippene og alle dei morsomme fine husa.Vakkert,vakkert....:-))
SvarSlettTuren vart ekstra kjekk når de vart med...:-))
SvarSlettTusen takk for fine ord og for besøk på bloggen - blir glad for det :-)
Ønsker doke alle ein fin kveld !
Hey I κnow thіs is off toρic but I wаs wondering if you knew of any ωidgets
SvarSlettI could add to mу blog that automatiсallу
tweеt my newest twіtter updates. I've been looking for a plug-in like this for quite some time and was hoping maybe you would have some experience with something like this. Please let me know if you run into anything. I truly enjoy reading your blog and I look forward to your new updates.
my site :: Arjun Kanuri