tirsdag 6. november 2012

Moskva









St. Petersburg - Moskva.

Bilder og reiseopplevingar langs Tsarens vannvei.

11 dagars elvecruise i Russland med Russ.

1. - 11. september.

Klikk på bildene for å få dei større.
 
 
 
 
 Fra Kreml.
 
 
 Dette er den siste dagen vi reiser på Volgakanalen.
Vi nærmer oss Moskva...

 
...og elva bukta seg fram mellom skogkledde elvebredder...
 




 
Merkeleg farkost...hotellskip ??




 
 Så er vi framme !
 
Her ved den Nordre Elvehamn la båten til, og her skal den ligge til besøket vårt i Moskva er over.
Etter lunch vart vi henta med buss og tatt med på ei runde rundt i Moskva.
Det var ein grå og regnfull ettermiddag, men av det vi såg gjennom eksos, regn og tåkedis vart vi stort imponert over denne byen med dei fantastiske byggverk.
 
 
 Utsikt fra Lenin høgda. Stor byggeaktivitet !



OL- stadionet frå 1980.
 



Universitetet i Moskva.
 

 
Vi spaserar mot krigsmuseet, men vi fekk dessverre ikkje anledning å besøke det.
 

...men parkanlegget hadde flott standard ....
 


...med utallige fontener....
 


... kostbare utsmykkingar...
 

 
...og alt var holdt ryddig og fint !
 


Vi ser her bygningane og  muren rundt det mest kjente klosteret i Moskva. Dette blei bygd i 1524 i markeringa av erobringa av Smolensk i 1514, som ein festning ved Moskvaelva.

 http://www.sacred-destinations.com/russia/moscow-novodevichy-convent.htm
 
 
 

Nydeleg beliggenheit med flotte tårn og utvendige parkar..!

  

  
  

 
 Her var det ein fin plass for fotografering...
Nydeleg brud!
 


 
Er no tilbake til Russ. Bygningen her ved havna var eit imponerande byggverk, men forfallet var idag stort !



  
Vi ser her ein av få dei enorme "flybåtane" russarane laga, som no ligg på museet ved elvebredda.
 


 
...og ettermiddagen var skya....
 

 
 ...men det lysnar- og håpar på fin dag imorgon !
 
 
  Nydelege skyformasjonar over Moskva ikveld.
 

Så er det ny dag og nye opplevingar...
På veg til Kreml, og mot Kutafya Tower frå år1516.
 
Kreml var opprinneleg ein eigen by med offentlege bygningar, kyrkjer, marknadsplassar, våpenlager og omfatta eit lukka område på 90 dekar.

Kremlmuren og tårna blei bygd mellom år 1485 og 1495.
 



  


 
Tsarkanona er ei enorm kanon laga av bronse i 1586. Den er 5,34 meter lang og veg heile 39 tonn. Kaliberet er 890 mm og dermed den største i verda. Ei kanonkule veg nesten 1000 kg !
 

 
Cathedral of the Dormition eller Uspenskij Sobor (Maria Himmelfart-katedralen) er den største katedralen i festningsbyen. Her blei dei ortodokse patriarkane begravde og tsarane krona.
Inne i katedralen er veggar søyler og tak dekka med fresker og ikonar.
 


 
Cathedral of the Annunciation (Maria bebudelse-katedralen) med sine ni skimrande forgylte kuplar var tsarens private kapell. Ivan den grusomme fekk oppført Grosnenskij-portalen etter han blei nekta adgang til kirka fordi han i strid med kirkas doktrine hadde gifta seg for fjerde gang.
 

 
Arkangelsk Sobor (Erkeengelen Michael-katedralen) blei reist i 1505 og huser levningane av prinsar og tsarar som regjerte i Kreml frå år 325 til 1696.
 


 
Tsarklokka - verdens største, veg 216 tonn og er over 6 meter høg. Den vart produsert i 1733 og blei aldri teken i bruk. Den fekk sprekker under ein storbrann, og eit stykke på 11 tonn fall då ut!
 

 
Dei eventyrlege kuplane på The Upper Saviour Cathedral.


 

 

 
Klokketårnet i Kreml
 


 


 

Vakre blomster og parkanlegg
 


 

 
Den evige flammen til minne om falne soldatar. 
 
 
Den røde plass 
 
 
 Her på den røde plass var det store militære paradar i Sovjettida. Bygningen(ane) vi ser det enorme kjøpesenteret GUM!
 

 
På den røde plass er det alltid mange skuelystne, alle som besøker Moskva må til denne plassen og Kreml!
 
 
St Basil Katedralen med dei eventyrlege tårna...
 

 
..og dei fargerike fasadane...
 


 
..og flotte fotomotiv..!
 

 
Kreml-muren med eitt av mange tårn.
 

 
Denne dagen var det mange sperringar på plassen  pga demontering av scener og tribunar etter den International Military Music Festival" som var arrangert 1.- 9. sept.
 


Lunchen denne dagen hadde vi på ein elvebåt som tok oss med på tur på Moskvaelva.
Bygningar av ymse slag langs reiseruta....
  





 
 
 Så er dagen for avreise her.


 
... dette må nok vere den flottaste morgonen vi hadde på heile turen.
Blå himmel og sol...
For oss er det pakking og rydding på lugaren .
  

 
Snart er alle klar og koffertane står fint oppstilt på kaia og ventar på å bli sett på bussen til flyplassen.
 

 
 Vi har hatt ein flott og opplevelsesrik tur.
Vi har fått eit innblikk i Russland si historie og sett litt av landet.
Vi er vel vitande om all dette er berre ein liten del, men nok til å vekke lysta til å oppleve meir... 
Vist kunne været ha vore betre, men det kunne vi ikkje gjere noke med.
Opphaldet på båten har vore heilt topp.
God mat og godt reinhald.
Vi tykte nok den første dagen at lugarane våre var små, men det vart vi fort vant til.
Kvar dag har vi vore på land og opplevd nye stader, og langs vannvegen har det vore mykje å sjå - til tider vel mykje skog :-)
På kvelden har det vore aktiviteter, musikk og dans.
Det som vi av og til sakna, var litt meir info undervegs på båten, stadar vi ikkje besøkte men som reiste forbi.
 
Da vil eg først takke for trivelege dagar ilag med eit kjekt reisefølge.
Har fått hyggelege tilbakemeldingar fra mange av doke som har vore inn om bloggen og titta på bildene fra turen.
Det er kjekt, så tusen takk :-)
 
Set også stor pris på kommentarane her på bloggen og på alle hyggelege tilbakemeldingar på FB.
 
 
Velkommen innom til ein titt på bildene fra Moskva.
 
 
Ha ein fin kveld !
 
 
 


10 kommentarer:

  1. Gubbandeisen så masse fint! Du har jammen fanga mykje i linsa di,dyktige! :)

    SvarSlett
  2. Takk for det Marit :-)
    Turen var fin og spennande. Mange bilder på linsa vart det, og mange inntrykk i hodet :-)
    Har tatt litt tid å bearbeide alt både her og der :-) men no er i alle fall bloggen ferdig.
    Tusen takk for alle kjekke kommentarer fra deg Marit, blir glad for det :-)
    Ønsker deg ein fin kveld !

    SvarSlett
  3. Utrulig kjekt å følge dåke på reisa.
    Det er så mange flotte bilder - skulle gjerne ha trykt "liker" på mange av dei :)

    Takk for reisa!

    SvarSlett
  4. Imponerande flotte bilder,Liv:)Takk igjen for turen,kjekt å sjå desse flotte bilda:)Ha ein fin kveld:)

    SvarSlett
  5. Igjen tar du oss med på tur, denne gang siste del av denne turen.Det var utrolig mange enorme og vakre bygninger i Moskva. Mange flotte kupler dekket av gull. Antar at dere ikke ble tatt med til den mer fattige delen av byen, den var nok ikke så flott. Allikevel er det mye historie og mye skjønnhet. Du klarer å fange alt det så flott.Takk for turen.
    Du må nok ut å reise igjen for det er så flott å følge deg.
    Ha en flott uke

    SvarSlett
  6. Kjekt at de vart med på turen gjenom bildene mine, Line og Aud :-)
    Håpar det har gitt eit lite inntrykk av denne reisa, både frå båten og turane på land.

    Ha ein fin kveld !

    SvarSlett
  7. Berit, tusen takk for kommentaren denne gang også :-)
    Kjekt at du har følgt med meg på heile turen.
    På denne turen fekk vi nok sjå mest av den rike og vellykka delen av landet.
    Hadde vore utruleg spennande å reist litt på eiga hand, men då måtte vi ha søkt om utvida visum og gjerne leigd drosje med guide.
    Det er mange spennande reisemå rundt om i verden, men no tar eg ein liten tur til Altea :-))

    Ha ein fin kveld !

    SvarSlett
  8. Nydelege bilder, ja dette må ha vore ein kjempefin tur.

    SvarSlett
  9. Kjekt med kommentarer fra doke, Ann Tove og Janne :-)

    SvarSlett