onsdag 7. august 2013

Gaustadtoppen, Utladalen og Jostedalen.


 
 
 
 
 
 
 
 
Bobiltur


Gaustatoppen, Utladalen og Jostedalen
 
 
 
 
Juli månad som skulle gje oss sommer og sol, gav oss istaden regn, mykje regn...
Vi pakka derfor i bobilen og sette kursen mot Sogn. 
 


 
Her på parkeringsplassen mellom tunellane i Fjærland trefte vi Harald og Marit og vart einig om å reise østover, der som sola skuller vere.
Været betra seg, og vi hadde ein nydeleg tur nedover Hemsedalen og overnatta ved Nesbyen.
  
 
Frå Nesbyen køyrde vi over til Numedal.
Ein fin tur, men lite fotografering.
 


 
Vi har etterkvart passsert Rjukan, og ut på kvelden parkerer vi ilag med mange andre bobiler på parkeringsplassen ved Gaustatoppen.
 
 
Ein nydeleg kveld med litt småregn i lufta som skapte flotte fargar i solnedgangen.
Planen vår er og gå på toppen i morgon.
 
 
 Trass gråvær med skodde på toppane, var det tidleg på morgonen mykje folk som var klar for tur.
 

 
I starten var det fint tereng og lett å gå.
Tåke og mørke skyer i horisonten ...
 

 
...kunne lett gje oss regn...
 

 
...men foreløpig var det berre tåka som låg mørk og truande over høgdene.
 

 
Det vart etter kvart ein tur på stein, god sti og ingen problem og ta seg fram
 


 
Snart er vi oppe ved masta, og vi er ikkje åleine på denne turen.
 
 
Marit er fornøgd med å komme opp på platåeet
Tåka kom og gjekk, men akkurat her fekk vi ei lita stund med sol.
 


Matpause, telefonsamtaler og fotografering...:-)
 

 
Siste delen av turen var ikkje lang, men her var bratt på begge sider...
 



Her var folksomt i steinurane her. Mange hadde valgt den lette varianten å ta bana til toppen.

Gaustabanen består av en batteridrevet vogn på skinner som frakter passasjerene ca 860 meter horisontalt innover i fjellet.

Midt inne i fjellet er det en mellom- og omlastningsstasjon, hvorfra det går en skinnegående pendelbane i skråsjakt med lengde 1040 meter opp til 1800 moh. Derfra er det utgang fra anlegget til den såkalte Tuddalstippen, like i underkant av Gaustatoppen Turisthytte.
 



 
Det var ein fin tur og ei fantastisk utsikt.
 
Gaustatoppen, eller Gausta, (1883 moh) ligg i Tinn Kommune i Telemark fylke og er det høgaste fjellet i fylket. Fjellet ligg rett sørom Rjukan.
Gaustatoppen er det punktet i Noreg med størst utsikt, målt i kvadratkilometer. Under ideelle forhold har ein utsikt over eit område på 50 000 km², om lag ein sjettedel av arealet av fastlands-Noreg. Til samanlikning kan ein frå Galdhøpiggen (2469 moh) sjå om lag 35 000 km².
 

 
Frå campingplassen på Tuddal. 



Tessungdalen med elva Tessungåe....

 
 ...som har fantastiske jettegryter ....



....og fine formasjonar brear og vatn har utforma.
 


 
Turen gjekk viare til Geilo, og deretter mot Hol - Aurland.
 
Regn og vind møtte oss etter vi hadde passert Geilo, og det var ikkje fotovær.
Akkurat her ved denne idylliske gamle fjellgarden gjorde sola ein liten visitt :-)
 


 
 
 Så dukkar vi ned i tåkehavet ved nedkøyringa til Aurland
 

 
Var litt fasinerende å sjå kor tåka kom og gjekk
 

 
Elva var enorm der den rann nedover mot Aurland.
 

 
Vi overnatta på den flotte campingplassen i Lærdal
og ut på kvelden letta det opp, og yr lova fint vær i mange dagar.
 
Dagen etter køyrde vi til Øvre Årdal og vidare til Utladalen.
 


Utladalen ligg innst i Sogn, i Årdal Kommune. Utladalen er dramatisk og vill. Som eit to mil langt øksehogg er dalen Sognefjorden si forlenging inn i Jotunheimen.
Rundt dalen ligg det høgastligjande fjellpartiet i Noreg, med mange toppar på over 2000 meter. Her ligg og dei alpine Hurrungane, eit attraktivt område for fjellklatring.
Vettisfossen, med sitt 275 meter høge, frie vassfall, er Nord-Europas høgaste. Mange av dei omlag 30000 besøkande pr. år, har nok som mål å vitja denne fossekongen.
Men Utladalen er og ein av europas djupaste dalføre, og bergtek mange besøkande med sin ville og frodige

 

 
 På Skåri, ved Hjelle, finn ein Utladalen Naturhus. Eit senter som med sitt innhald og sin plassering, gjev alle moglegheiten til å oppleve denne heilt spesielle natur-dramatikken.
 






 
 
Vetti Gard Turiststasjon har husa besøkande i dalen heilt sidan 1870 åra. Her har kjentfolk som Slingsby, Grieg, Nansen, Dronning Sonja med mange fleire vitja. Den svært sjukdomsråka Edvard Grieg meinte han blei 10 år yngre for kvar gong han fekk komme til Vetti.
 








 
Mange fine motiv på Vetti Gard.
 



Dei fyrste sikre kjeldene om busetnad på Vetti skriv seg frå 1120. Sidan 1775 har garden tilhøyrt noverande familie.I 1985 flytta brukarane frå Vetti, men kvar sommar er det folk her, som følgje av
turiststasjonen.


 

Elva Utla har sitt utspring i breane inne ved grensene mot Lom. Nedover dalen tek Utla imot fossefall frå dalane på vest- og austsida. Elva pressar seg ned Vettisgjeli og slyngjer seg nedover Utladalen med fossar og stryk på si ferd mot Årdalsvatnet og Sognefjorden.
 



 
Vettisfossen, med sitt 275 meter høge, frie vassfall, er Nord-Europas høgaste
 






 
Attende på Vetti Gard.
 


 
 Høytørking
 




Nydeleg stad ved Utla !
 




Avdalsfossen er også mektig !
 


Utladalen Naturhus har mykje historien å fortelje !
 



 
---------------- 
 

Vi dreg så vidare over fjellvegen Årdal- Turtagrø, men været gjorde at vi fortsatte til...
 

 
Sognefjorden.
 



 
Vi er her langt opp i Jostedalen.
 



 
 ...og er her ved vegs ende !
 
Ein enorm demning er bygd her siste åra.


 
 Utsikt frå toppen av demma nedover dalen.
 


 
....og utsikt mot brear andre vegen !
 



 
Fine fargar i finæret!
 

  
...men vatnet var mykje nedtappa ...
 

 
....som skjemmer naturen !
 

  
Etter eit par timars tur langs vatnet, kom skodda...og vi sprang tilbake fortast mogeleg !
 



 
Godt kamuflert gjetar/jakthytte (?).
 


 
 
 
Fåbergstølen.
 


 
Ein vakker kveld i Sogn...
 
 
Har hatt ei fin runde, men no går turen tilbake til Sunnfjord og kysten.
 
 
Takk for at du vart med på tur :-)
 
 
Ha ein fin kveld !
 
 


4 kommentarer:

  1. Takk for denne turen også. Like fin som alle de andre.Så mye vakker natur.

    SvarSlett
  2. Fantastiske bilder ! ser de har vert på mange fine turar i sommar. Kjekt de har vert her ute og :)

    SvarSlett
  3. Fin tur i flott vestlandsnatur. Grieg har rett, du vert yngre når du kjem fram til Vette, det er berre å prøve for andre og.

    SvarSlett
  4. Alltid kjekt å få tilbakemeldinger på bloggen min.
    Mosjon, frisk luft og vakker natur er ikkje feil :-) Etter ein slik tur, kjennest det faktisk ut som Grig har rett :-)
    Gjer som Arild skriv, ta ein tur til Vetti...
    Tusen takk for hyggelege kommentarer, Berit, Marit og Arild :-)

    SvarSlett