lørdag 31. august 2013

Steinkorset - merka turstiar i Naustdal.










Tur til Steinkorsen i
Naustdal
 
 
 
 Det er mange i Naustdal som har gjort ein kjempejobb med å merke og legge tilrette turstiar.
Dette er blitt godt publsert ( bla. på Facebook som MERKA TURSTIAR I NAUSTDAL ) og mange med meg set stor pris på dette.

I
Sidan vi skulle hente to gutar etter skuletid som skulle til Stongfjorden og trekke krabbeteiner, vart valet ein tur til Steinkorset.

Dette er ein flott tur med nydeleg utsikt over Førdefjorden.
Vi køyrer med bil opp til garden Kringla som ligg høgt og fritt med ei fantastisk utsikt.

Litt stigning i begynnelsen på turen, men etterkvart flatar det seg ut og er lett og fint å gå.
 
 
 
 
 
Her er vi begynt på stien og ser ned på garden på Kringla.
 


 
Snart er vi oppe ved dei flotte og godt vedlikehaldne stølane / hyttene som ligg langs stien.

 
Høgt og fritt på Mallasvikstølane
 


 
 
Turen vidare er på slakke stigningar...
 

 


 
 
Kringlevatnet
 



Her er vi oppe ved Steinkorsen 762 moh. Hytteboka er på plass og ein signatur må skrivast.


 
Vi gjekk eit stykke vidare mot Blåfjellet før vi returnerte.
 

 
Utsikta og fjellområdet er flott.
 


 
Haustfargane kjem etterkvart for fullt.
 

 
I sånt terreng kan ein gå å kose seg i timesvis !
 



 
Her ved denne steinen måtte vi snu for å rekke ned igjen til avtalt tid.
Det var ein grå dag med dis og litt vind her oppe i fjellet.
Fotolyset var heller ikkje av det beste.
Regnet truga også i det fjerne, men vi kom oss opp og ned uten ein drope.
 


 
På tilbaketuren har vi fantastisk utsikt mot Førdefjorden og fjella omkring.
 


 
Ser her Erdalen og Erdalsdalen til venstre
 


 
Kråkenes ligg i bukta til høgre.
 

 
...reine kunstverket disse rake stammane i lia...!
 

 
..og attende til start...
...og det flotte gardstunet på Kringla.
 
Dette er ein tur vi snart skal gjenta !
 
I skrivande stund er det blitt lørdag. Ute er det ei blanding av offselege regnbyger med sol inn i mellom.
Krabbefiskarane er no gått over til bollebakst, og når baksten er ferdig blir det boller og brus :-)
I mellomtider skal eg jobbe meir med bildene mine frå Irlandsturen som også snart skal komme på bloggen.
Seinare må det bli ein tur til Staveneset for å gå av oss gjærbaksten i frisk havluft :-)
 
Ha ein fin ettermiddag og takk for besøket på bloggen :-)


3 kommentarer:

  1. Vi er så utrolig heldige som har slik vakker natur rundt oss, og en så dyktig fotograf som tar bilder og deler med oss.I tillegg en fotograf som er sprek og som som kommer seg ut i ulendt terreng. Takk for at du deler.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Steinkorsen er eit av dei kjekkaste turmåla i Naustdal! Passar godt å gå på ettermiddagstid, god trim og flott utsikt. Du har fått fram alt dette med dei fine bileta dine!

    SvarSlett