Irland
Den grøne øy.
Del 3
Den grøne øy.
Del 3
Då er den siste bussturdagen her, og turen går til Dublin.
Sjølv om her var fest og halløy til langt fram på morgonkvisten, var det reint og ryddig då bussen var klar og koffertane på plass.
Får starte med litt fotografering fra bussen denne dagen også.
Dette er fra eit fraflytta hus i nærleiken av Kilkenny by der "reisande" hadde okkupert huset med alle sine bilar, vogner og hestar.
Dette kunne til tider vere eit problem i Irland der hus stod tomme.
Grøne og fine enger...
Og rundballer...:-)
Vi nærma oss Dublin og har eit lite stopp i parken der denne karen ligg henslengt.
...diskusjonar på gang...
Då har vi parkert framfor hotellet der vi skal bu.
Vi hadde først ei bussrunde rundt i byen der Helena fortalte oss om alle flotte bygningar, kyrkjer og slott.
DUBLIN
Byen blei grunnlagt av norske vikingar i år 840 og blei et sete for eit norsk kongedømme, men i 852 overtok danske vikingar kontrollen...! Og sidan blei det årelange kampar mellom Irarar og nordmenn/danskar.
Byen ligg ved den store bukta ved elvane Poddle og Liffey.
Alle inngangsdører i dette bygget hadde forskjellige kraftige fargar, nokre med flotte utsmykningar.
.... det blei fortalt at dørene måtte ha forskjellige fargar for å finne rett dør heimatt etter etter pub-besøk...!!
.... det blei fortalt at dørene måtte ha forskjellige fargar for å finne rett dør heimatt etter etter pub-besøk...!!
Mange flotte bruer over elvane i sentrum....
....og fine gangvegar langs elva og gatene.
Det var ein fin kveld til byvandring...
Irland er kjent for demonstrasjoner - denne gangen er det situasjonen i Syria det gjeld.
Så er det siste dag i Dublin, og denne dagen er som ofte før, den flottaste dagen på heile turen
Blå himmel og sommartemperatur.
Vi besøkjer så Trinity College.
Trinity College ligg som ein oase i byens liv og røre....
...med fleire bygningar og eit flott bibliotek....
...her er også ei av verdas vakraste bøker, Book of Kells, med dei fire evangelia rikt illustrert.
Boka blei nedskreve på pergament i klosteret Kells i år 800.
Turistar på omvisning.
Denne dagen var ikkje vi ein av desse...:-)
Flott kunstverk !
Sidegatene gamle Dublin er fargerike og fulle av butikkar og pubar.
Dublin Castle
Fantastisk kunstverk av sand !
Bilder av Christ Church Cathedral.
Langs elva og over bruer...
....er det berre fint å spasere,
Nokon "slappar" av med mobiltelefonen, andre tar bilder...!
O`Connell Brigde. Brua som er like brei som lang...!
Gatelangs...
Handlegatene er romslige og vakre.
...og underhaldning er der over alt...
Temple Bar-området har mange flotte severdigheiter....
....og er full av liv og røre...
...barna likar opptreden og musikk...
Denne delen av Dublin er verdt eit besøk !
Kjærestepara har hengt frå seg hengelåsa og kasta nøklane i elva !
Posering framfor Dublins minste pub....
....men vareutvalet er likevel stort....!!
På veg til hotellet....
....kom det kraftige regnskurer....!
For oss var tida i Irland og Dublin over.
Vi går no til hotellet der bussen ventar på å køyre oss til flyplassen.
Under arbeidet med denne bloggen om Irland, har eg reflektert over turen og opplevelsane.
Set igjen med den følelsen av at det har vore heilt topp på alle måtar, mykje kunnskap om landet, mange flotte opplevelsar og mange bilder ...
Stor takk til Helena, Brendan og Temareiser som har tatt oss med i dette vakre, grøne landet.
Takk til alle som var med for trivelege dagar ilag :-)
No er vi klar til å ta turen på eiga hand for å oppleve meir av det vi har fått eit slikt fantastisk inntrykk av!!
Tusen takk til alle som har besøkt bloggen min og gjeve meg gode og flotte tilbakemeldingar
her og på FB :-))
Kjempekjekt å ha doke med !!
Neste blogg blir ein bobiltur i vakker Norsk høstnatur.
Ha ein flott dag !
Veldig bra Liv!
SvarSlettHelsing Målfrid
Kjekt å høyre Målfrid !
SvarSlettEr glad for at du vart med på denne reisa, når det ikkje vart i verkelegheita :-)
Klem !
Flotte bilder fra denne byen.Mange fine gamle bygninger.Alltid koselig å være med deg på tur i bildesamlingen din. Takk.
SvarSlettBerit