torsdag 15. mai 2014

Fossedalen

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
  Fossedalen
 
 



Eigentleg skulle eg laga blogg fra turen vi hadde til Galicia og seinare til Delta de I'Ebre - det kjem litt seinare...:-)

I går, 14.mai 2014, hadde vi ein nydeleg fin tur til Fossedalen i Askvoll, og eg kom heim med ei brikke full av bilder.
Haddde tenkt på tur i dag også, men det sette regnet ein stoppar for.
Det vart ein innedag, og derfor god tid til å jobbe med bilder.

Deler gjerne turen vår med dei som har lyst å vere med...:-)

 

Klikk gjerne på bildene, så blir dei større. 


 


Det var ein nydelig dag, men med den kalde nordavinden var ikkje temperaturen serleg høg.
Vi vurderte fleire turer, men kom fram til at innover nordsida av Dalsfjorden var det gjerne vindstille.
Det var det, og vi fekk ein flott dag !


Vi starta på nordsida, Ottersteinen ved den nye Dalsfjord brua.
(dette bildet viser sørenden av brua, Nishammaren).


Her var laga ny sti innover mot Fossevika.
Den var godt merka og tilrettelagt i eit elles litt kupert tereng i tett granskog.
Her var trapper der det trengdest og sikra med tau og kjettinger til å halde i.
Atle tar ein liten justering...:-)


Snart kom vi fram til ein lysning i skogen og såg inn i bukta
Eg har aldri gått her før, så det var spennende...


...og utruleg flott. Vi gjekk langs med stranda å beundra dei nydelege husa .
Det var både gamle hus, hus som var under restaurering og nyare bygningar.
Det er kjekt å sjå at dei blir teke vare på.



Fin utsikt mot brua var det også.


Det var varmt og godt, så her var det berre å gje seg god tid til å nyte den nydelige vårdagen og omgivelsane.


Vi fann stien som gjekk vidare til Fossedalen ...


...og kom opp på høgda og fekk ei nydelig utsikt mot brua og Dale.


Jack som er på ferie hos oss igjen ( han føretrekk Norge framfor Spania ) var utolmodig og ville vidare.
 

Som alle kan sjå, var utsikta upåklagelig innover Dalsfjorden.

 
 
Jack ventar på at vi skal kaste steinar i vatnet...:-)
 

 
Turen oppover til Nedre Fossedalen var fin og snart var vi inne på grøne bøar.
 



Flotte og godt vedlikehaldne hus her på Nedre Fossedal.
Vi var litt i tvil kor vi skulle forsette videre, men valgte turen oppover til Øvre Fossedal
 

Her er fint å gå, elva renn fint nedover glatte fjellet...
 

 
...og så er vi opp på flatene og Fossdalsvatnet.
 


 
Veldig fint og lett å gå langs vatnet.
 

 
Bjørkeskogen er i vårskrud...
 

 
...og graset har begynt å gro...
 


... og kvitveisa er i full blomst !
 


Stien er godt brukt, sikkert av hjort og andre dyr, men også av turfolk.


....mange idyllar...


... og himmelen speglar seg i vatnet...



...og utsikta mot Heileberget kan ikkje klagast på...


Her ved nordenden av Fossedalsvatnet....


... er vi no i Øvre Fossedalen.



Også her er det lagt ned mykje restaureringsarbeid på bygningane.


Den gamle separatoren har gjort si nytte...!



Her er det fint å raste ein slik dag....!!


Brua over elva er også i god stand.


....og Jack er alltid klar for nye utfordringar...her ville han bade.!



Men vi må nok komme oss heimatt...


....og i ettermiddagssola blei det ein flott tur langs vatnet igjen.



...og fortsatt ventar Jack på pinnen eller steinen han skal hente...!


...og han passar på ikkje ligge meir enn 20 m frå oss.



Rognen speglar seg i vatnet.


...framme ved sørenden...


...ser vi nordover i det fantastiske landskapet!


...godt å slappe av litt før nedstigninga...!


...og nedatt mot Nedre Fossedalen er det ingenting å sei på utsikta....


.....og husa ligg der fint i ettermiddagssola.


Vidare nedover passerar vi hytter og....


....uthus.


...og Jack er fortsatt i full vigør...!

 

Her ser vi Dalsfjorden, Fossevika, brua og Dale.


...klar for å gå ned trappa,...


....men etter litt argumentasjon måtte Jack legge att pinnen sin...!


Nede i Fossevika er det både gammalt og nytt !




Så er vi klar for siste etappe mot parkeringsplassen ved brua.


Stien er godt merka.


Fantastisk grønfarge i granskogen på denne tid...!


Bregnene strekkjer seg mot lyset.


Veldig mykje nedblesen skog. Må sikkert vere frå nyttårsorkanen i -91/92!


Og vi går etter rødmerket...


...til vi kjem til denne trappa vi ikkje gjekk i før i dag....



...og måtte gå tilbake for å finne den andre stien langs sjøen..


 Og etter ein fantastisk tur, er vi no på Ottersteinen der bilen står!



Takk for besøket på bloggen !


Ha ein fin 17. mai :-)

12 kommentarer:

  1. Flott tur! Har vore litt usikker på kor parkeringsplassen er.

    SvarSlett
  2. No veit du det Reidun.:-)
    Ta kontakt, så kan vi ta turen ilag :-)

    SvarSlett
  3. Flott vårtur i ordentlig Vestlandsnatur. Mange fine bilder av hytter og hus, fjell skog og mark. Jack ser ut til å kose seg også på turen. Takk for turen Liv og Atle

    SvarSlett
    Svar
    1. Alltid kjekt å lese dine kjekke kommentarer, Berit :-) Det inspererer meg til å forsette å blogge turer :-)
      Ha ein fin dag og fin 17. mai !

      Slett
  4. Flott tur og fine bilder. Kanskje bør det merkast litt betre kva rute som går til Heileberget og kva som går til Ottersteinen når ein returnerer Fossevika. Eg tok sjølv av til Heileberget ein gong. Men mogeleg dette er betre no enn då sist eg gjekk her.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for hyggeleg tilbakemelding, Gustav :-)
      Dette er nok kjende trakter for deg, men for meg var det ein ny tur.
      Eit område som byr på mange muligheiter og som skal bli kjekt å utforske meir.
      Du har rett ang. merking. Det var sett opp piler, men det var lett å oversjå dei, spesielt når du går der første gangene og er ukjend i terenget.
      Gjerne eit lite skilt med navn til dei ulike stadane.
      elles stor takk til alle som har vore med å laga flott sti !
      Ha ein fin dag, fin 17. mai og gratulerer med eit nytt lite barnebarn :-)

      Slett
  5. Dette var ein veldig fin tur å vere med på ,gjennom bilda dine. Har hørt om desse plassane og hatt lyst å gå der ,men har aldri blitt til :-) No fekk eg enda meir lyst å gå ,greit no med brua :-) Flotte bilde og godt fortalt.Norsk natur e no berre da finaste ....:-))

    SvarSlett
  6. Så kjekt at bilda mine gav deg insperasjon til turen, Marit.
    Det er ein kjempefin tur. I starten går stien i gjenom tett skog og kan vere litt sleip av mold dersom det nett har vore nedbør. Elles er resten berre ein fornøyelse ...:-)
    God tur !

    SvarSlett
  7. Hei Liv. Her var mange flotte motiv som eg hugsa fra eg var liten. Denne turen skal vi ta i sommer no når brua er komt. Helsing naboen :-)

    SvarSlett
  8. Takk for besøk på bloggen og for hyggelig kommentar :-)
    Det skal bli eit nydelig vær i helga, så da passer det fint med ein tur til Fossedalen.
    God helg :-)

    SvarSlett
  9. Hei. Var så heldig å få tilbringe mange sommerferier i Fossedalen som barn.
    Mange år siden sist jeg var der, så bildene brakte gode minner fra en svunnen tid. Takk for at du deler opplevelsen med oss.

    SvarSlett
  10. Hello! We love this blog. How many minutes to slowly hike form the Dale bridge to lower Fossedalen? Thank you!

    SvarSlett