lørdag 31. mai 2014

På tur i Grimelia.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
På tur til Blåfjellet
Grimelid, Askvoll
 
 Vi har hatt fine dagar i det siste som oppfordrar til fjellturar.
Turterreng har vi i massevis rundt oss her ute i Stongfjorden og i dag tok vi turen til Blåfjellet
Dette er ein tur på eit par timar.

 


Det var lettskya og fint når vi starta på turen frå Grimelia.


Grønt og frodig i bakkane......og litt nordavind gir havet fin farge....


....og ei fantastisk utsikt ut over Stavfjorden til øyane utanfor.


Snart kom vi opp til dei gamle kopargruvene og slagghaugane frå gruvetida på 1700 og 1800 hundretalet.


Spennande å sjå dei gamle gruveinngangane...


...det var imponerande å sjå disse gamle røysane.



Flotte vidder når vi kom lenger opp...


...og fint å gå på god sti.


Enger med myrull.....


...og utsikta mot vest imponerande.


Vi ser Blåfjellet som ligg der oppe...


.... og utsikta vart flottare dess høgare opp vi kom.


Vi ser her vestover mot  Follevåg . Atløyna i bakgrunnen har hette på seg idag...!


På toppen  må vi skrive oss inn i boka...
...det har vore mange her før oss !!


Vi ser her mot Skålefjellet i Stongfjorden.
( med kikkarten såg vi folk på toppen - det var nok Linda :-) )



Fin vandretur...


...og kjekt å gå bak å snikfotografere...:-)


men ups, der vart eg oppdaga...


vel, eg prøver meg til igjen...:-)


Så er vi nede ved gruvefeltet igjen
 og det er fantastiske fargar i desse fjellpartia.



 

Og så måtte fotografen fotograferast...


Ned mot Grimelia...


...er det fleire minne om gamle dagars gruvedrift.



Og utsikta må berre nytast!





Sauene likar seg i matfatet....!



Grøne engar med Høgeheia på Stavenesodden i bakgrunnen....


....og Tansøy og Askrova mot nord-vest.



Det var ein kort, men fantastisk tur.
Bli gjerne med Indre Sunnfjord Turlag på denne turen søndag 1. juni
Dei startar fra Grimelid Kl 11.00


Tusen takk til alle som er innom bloggen.


Ha ein fin sommerdag :-)

4 kommentarer:

  1. Ja, eg kjende atte på alle motiva.
    SB

    SvarSlett
  2. Takk for at du tar oss med på denne fine turen også. Det er en helt fantastisk utsikt ut over havet.Det er så vakkert. Flott også å se de grønne engene under de flotte fjella. Flotte bilder. Hva fikk de ut av gruvene, Jernmalm?

    SvarSlett
  3. Ops, ein skriveleif. Sikkert tilgitt ?

    SvarSlett
  4. Fine bilder frå Grimelia og Blåfjellet Liv, Takk for turen;)

    SvarSlett