onsdag 22. oktober 2014

Røros m/meir












Hausttur over fjell og fjord.
 
September 2014 
 
 
 
Denne sommeren og hausten har vi brukt til å reise litt rundt i vårt eige land.
Ein del av stadane besøkte vi for første gang,
 men dei fleste stadane har vi ferdast mange ganger tidlegare.
 
Været med lys og fargar, gjer at landskapet forandra seg frå gang til gang
Dette var litt tidleg på hausten, så haustfargane var nok ikkje heilt på topp ennå.
 
Vi starta fra Stongfjorden ein grå og regnfull dag,
  regnet og tåka hadde vi med oss heilt til vi kom opp her på toppen av Trollstigen.
 
Reiseruta vår var  ikkje bestemt på førehand,
 men det vart ein rundtur over...
 
Trollstigen, Eikesdal, Røros, Femunden, Rondane, Dovre. 
 
 
 
 
Klikk på bildene for å få dei større ! 
 
 

Turen gjekk til Stryn, Gamle Strynefjellsveg, Grotli og forbi Geiranger.
 



I skodda fann vi fram til toppen av Trollstigen.....
 

 
....her er det siste året laga nye "stiar" der folk kan ferdast trygt utover den stupbratte fjellsida. 
 

Ei fin kunstig dam ligg fint i terrenget,
 med opphaldsrom og kafe med store glasfasadar i enden.
 



Vi venta lenge her på at tåka skulle lette,
 og dette var den beste utsikta vi fekk
 før vi begynte på på dei krappe svingane ned over fjellsida.
 

 
Har no passert Isfjorden, og ser her mot Åndalsnes som har besøk av Cruise-båt.
 

Vi valgte turen vidare frå Øverås i Eresfjord innover Eikesdalen.
 

  
Det var først i 1991 at det blei åpna veg til Eikesdal.
 


Dette er eit flott dalføre omkransa av fjell helt opp 1800 meter høgde....
 


....og Eikelsdalsvatnet ligg der blikkstille...
 


....og alt er roleg og fantastisk flott denne dagen..!!
 

 
Øverst i dalen, på Finset, er det bomveg vidare oppover  den bratte fjellsida .
 
Såg i NAF-boka at den ikkje er anbefalt med campingvogn over her
og det skal vere  sikkert og vist !
Boka burde komme med advarsel om  køyring med bobil også,
 for her er det smalt, skarpe svingar, grusveg og sleipt...!
 Veldig glad ikkje å møte andre bilar!
Og eg har bestemt at dette er første og siste gang vi køyrer opp her med stor bil..
Men utsikta var fin...:-)
 

 
På toppen er det  fantastisk fjellområde vidare mot Aursjøen og Sunndalsøra.



 
....mange idyllar....


 
 .....og fine fargar...
 


Hyttegrender langs Aursjøen....
 



 ....og flotte svaberg !
 


 .....og så er vi på veg nedover mot Sunndalsøra.
Ein spektakulær biltur i dramatisk natur !
 Tanken var at vi skulle besøke våre gode venner her på Sunndalsøra,
men dei var også på tur...:-)
 

Då reiste vi vidare til Oppdal, Hjerkin (der vi fricampa)
og vidare gjennom Folldalen mot Røros.
 


Regnbyger og lavt skydekke, men fin tur.
 

 
RØROS
Her var det både regn og sol
og vi hadde ein fin tur rundt i byen
 
Bergstaden Røros er ein av dei få gruvebyane i verda som er oppført på
 UNESCOs liste over verdas kulturarv.
 

  

 
Kjende motiv dette, men må ha det med likevel !
 



Røros har unik bebyggelse som er teken vare på.
 Vi reiser videre ...
 


Litt utanfor bergstaden er det andre som er på tur og...
 

 
...og roleg og avslappande ruslar dei vidare inn i skogen...
 

 
...og takka oss for at vi slapp dei trygt over....!
 


Fine vegar og flott natur.
 




 
Hausten er kommen med fine fargar
 og med kraftige regnbyger og
tordenvær, får vi mørke skyer og ein flott bakgrunn til den gule skogen
Vi reiser videre over grensa til Sverige,
 der det var fire gode venner fra Sunndalsøra som ventar på oss.
Tusen takk for ein trivelig kveld til
Karin og Jon, Elin og Per :-)
 



Så er vi tilbake til vakre Røros i eit nydelig høstvær.
Det var fantastiske fargekontrastter av grønt gras, myrull
 og andre blomster og den brune jorda.

 
Vi er no i gruveområdet.
 


 
Spennande landskap i motlys... !
 




Gamle busetningar og severdigheiter.
 


 



Røros kirke -" Bergstadens Ziir" stod ferdig i 1784
 og er ein av dei ti mest profilerte kyrkjene i Norge.
 


På vandring gjennom byen.

 
Slagghaugar og trehus om einannan.
 

 
Ein stor oppleving å vandre i og rundt byen....
 

 
....med all den historie som ligg her.
 


 
Røros er ein unik stad som er verdt å besøke.
 



 
Takkar for oss i Røros !
 



 Og ferda går vidare sørover langs Femunden.
 

 

 
...køyrde nokre mil gjennom skogar før vi nærma oss sydenden av Femunden....
 

....og der lysna det... endå det nærma seg kvelden...
 



Fann oss ein fin campingplass ved vatnet.
 


Og der fikk vi med oss solnedgangen



Femunden er den tredje største innsjøen i Norge og den største som ikkje er regulert....
 


 ....men som kanskje den som har finaste solnedgangar ?....


.....og soloppgangar....!


 Utruleg flott morgon med sol og skodde over vatnet.
 
 
Dette er idyll !
 

  

 
Vi kan godt forstå at Femunden og Femundsmarka er populære utfartsmål.
Dette er nok eit område vi vil utforske meir !
 



Turen vidare gjennom litt trolsk skog....

 
...før det åpna seg fine idyllar og herleg landskap igjen.
 
 

Ferda vidare er nordover Østerdalen.
 


 
 Køyrer gjennom flott natur med fine fargar.
 


 
 ...senga på denne skyssstasjonen er ledig...!
 
 
Frå denne "rasteplassen" er det flott utsikt mot fjella i Rondane.
 




 
Brua og stien er mykje brukt av fotturistar som skal innover i Rondane på hytter.


Fantastiske fjell i Rondane !
 



Ein snartur inn i Dørålsdalen måtte vi ha og...
 


....det er eit unikt dalføre med utgangspunkt for gåturar i mange retningar.
 



 
 
 Denne kvelden havna vi på Høvringen.
 
 
Her er godt tilrettelagt for bobilar .
Var ein nydeleg kveld !
Været den siste dagen var som den først, tjukk skodde og regn.
turen tilbake gjekk over Sognefjellet, men kameraet var ikkje i bruk ein einaste gang...

 

 
Derimot når vi kom til Solheimsdalen
 var det tåka i ferd med å lette og himmelen vart høgare...



 ...og det flotte Heilefjellet avslører seg i all sin prakt...
 
Ein fin tur - men lite med gåturer fjella denne gang, det får vi ta igjen seinare...:-)
 
Velkommen innom til å bli med på ein runde i vakker norsk natur.
 
 
Ha ein fin kveld ! 




6 kommentarer:

  1. Ei reise i bilder,takk for turen,den var som vanlig flott:)

    SvarSlett
  2. Har nettopp skrevet et alngt innlegg på bloggen her men da jeg skulle piblisere det så ble det borte. Da tar jeg en lite kortversjon. Flott tur igjen Liv. Det virker som det var flere dager . Vestlandsfjella og den blikkstille fjorden er et fantasktisk skue. Blir aldri lei av slike bilder. Synd at dere hadde så mye tåke men du fikk da tatt mange fine bilder allikevel. Femunden er vakker både i solnedgang og soloppgang og ikke minst frostrøyken. Røros har jeg ikke besøkt men alltid hatt lyst til å se de gamle husene med så mye historie. Rondane og naturen rudt er så vakker. Takk for enda en flott tur . Klem

    SvarSlett
  3. endel skrivefeil. Beklager det.

    SvarSlett
  4. Ny nydleg tur ilag med deg og Atle.

    SvarSlett
  5. Takker for turen :-) Mange utruleg flotte bilder frå fantastisk natur :-)

    SvarSlett
  6. fine bilder fra røros og omegn

    SvarSlett