søndag 5. august 2018

Runde.











Tur til Runde
August 2018.
 
 
Etter fleire års pause har eg no leita fram bloggen min igjen. Har etterkvart sakna det å kunne gå inn her og sjå tilbake på fine turar og opplevelsar. Denne sommaren har vore heilt fantastisk med turar i vakkert ver og omgivelsar.
 
Den siste veka har vi hatt ein nydelig tur på Mørekysten ilag med Åse og Arne.
Var eigentleg tenkt å reise på mandag, men etter melding om ubeskriveleg store nedbørsmengder og torden, tenkte vi at det var best å vere heime ved dørene og passe på at alt var som det skulle før vi for avgårde.
Vel, tirsdag ved middagstider var det framlis ikkje komme ein dråpe regn, så då starta vi opp campingbilen og drog avgårde. På Jølster kom det riktig nok ei byge, men ikkje meir en normalt. Hadde ein fin tur opp over i overskya og fint køyrevær.
 
På Goksøyr camping på Runde var det mange bilar som vanlig, men den hyggelege verten fann plass til oss denne gongen også. Etter ein god middag som Åse og Arne laga, var vi klar for ein kveldstur.
Havlyset her ute ved havet er heilt fantastisk, men denne kvelden vart det heilt magisk.
Når regnbyger og solnedgang slår seg sammen, blir det ofte ein fargerik opplevelse
 
 
 
 
 
Naturen var raus med fargane denne kvelden. 
 

Det var som om himmelen stod i brann.
 
 
Drivhusa på Runde treng ikkje ekstra lys denne kvelden.

 
Nå har sola gått så mykje tilbake at ho kjem ikkje lenger fram om neset på Runde.
 

 
 
Etter kvart gjekk fargane over til meir lilla...
 
 
og det var på tide og gå til ro.
 
 
Målet  med turen var å gå på Rundefjellet.
Vi våkna opp til eit strålende vær med god temperatur.
 
 
Snart var vi på veg opp over, og det var lett og fint å gå.
 

Fyret på Runde.
 
 
Denne gangen nøyde vi oss med å gå bort på kanten og sjå ned på dei vakre bygningane.

 
Fint tilrettelagt stier over myrane.


Utsikt og skummelt bratt.
 

 
 Runde er kjent som eit fuglefjell. Her hekkar mykje fugl i bratthenget.
 

 
 Saauene har si middagskvil ved stupet.


 
 Flott turterreng, og lange flater med gode stiar.
 
 
 Vi har god tid til å nyte turen og utsikta.
 

 
 Mektig natur...…
 
 
.... fabelaktig utsikt...
 
 
.....og god sti.



 
Det er populært å komme til fugleøya Runde. Hit kjem det folk frå alle verdensdeler for å fotografere lundefuglen som  kjem inn fra havet.
( bilder fra ein tur tidlegere i sommer )

 
 
Lundefuglen er ein tillitsfull fugl og let seg villig fotografere
 
 
 Her kjem fleire bilder av det spektakulære landskapet.....
 
 
 .....klippene....
 
 
 ....og kløftene.
 
 
 Runde sin Preikestol?
 

 
 Kor tid vil denne klippe rase ut....
 



 
 For å komme til Runde køyrer vi over denne brua og sjøfyllinga.
 


 
 Vi må berre nyte naturen her.
 
 
 Det blei tilsaman ein tur på ca 10 km på denne turen.
 

Etter eit døgn på Runde drog vi vidare rundt fjordane, passerte Ulsteinvik og til bygda Flø.
Parkerte på Flø Camping.

 
Nydelig kveld der sola kom fram og la eit gullskjær over hav og land.
 

Langs vegen vidare er det fint å gå tur.

 
 Flatt og fint landskap mot storhavet.
 
 
 Innanfor moloen på Flø.
 

 
Solnedgangen fekk vi med oss her og!
 
 
 
Her er vi på toppen av Roppehornet 412 moh.
 Starta fjelltur i opphaldsver, etterkvart skikkeleg regnver, men likevel flott tur med utsikt utover øyar og hav.
 
 
 Ulsteinvik.
 
 
 Ulsteinvik.
 
 
Ålesund.
Startar turen opp bakkane over byen....
 
 
..... 418 trappetrinn til toppen av byfjellet Aksla......
 
 
 ....der utsikta er flott over byen.
 


 
Fin vandring langs bryggene i sentrum.
 
 
Siste stopp på turen er i Våtedalen, Jølster i regn og skodde.
 
 
Tusen takk for fin tur til Åse og Arne
og for koselig kveld i Ålesund til
Line, Andrea og Håvard :-)
 
 
Takk også til doke som har besøkt bloggen !
 
 
Ha ein fin kveld alle :-)
 
 
 
 


3 kommentarer:

  1. Tusen takk Liv for ein fantastisk "tur".

    SvarSlett
  2. Tusen takk for at du har besøkt bloggen min og for at du la igjen så fin tilbakemelding !
    Ha ein fin dag :-)

    SvarSlett
  3. Så kjekt å sjå at du har rista liv i bloggen din igjen! Så fantastiske bilder du har tatt på turen til Runde <3 Veldig kjekt å sjå! Og takk for veldig koselige stunder sammen både i Flø og i Ålesund <3

    SvarSlett