Litt rundt-omkring på Costa Blanca
Det er ikkje berre sol og sommer her nede på kysten. Vi har hatt dager med sterk vind og mykje nedbør. Då er det berre å kle seg etter været, å komme seg ut å "nyte" det. Desse bilda er tatt i Altea sentrum på morgonen, og det er sjødrev både i lufta og på linsa :)
...ein liten lysning i skydekket...
Skal vi hoppe ut i??
...nei, vi ventar på roligare sjø...:)
Var også ein tur til Calpe. Det også sterk vind og mørke skyer !!
Calpe
Det har vore ein ruskete dag, men ka gjer vel det når vi kan gå på restaurant ...
.....med hyggelege Bergensere :-))
Avslutta kvelden med ein runde på stranda og fotografering med lang
lukketid....
lukketid....
....på stranda...
...og i gatene....
Vi var inviterte nedover til Mil Palmeras, der det var nokon som hadde ein stor dag å feire :) Reiste i same været som kvelden før,... vind og regn. Det var med oss heilt fram og varte kvelden til ende....
Fra stranda mot Santa Pola
Men så vart det forandring!!
Det vart ein flott morgon, sjølv om tåka låg på lur ute i havet!
La Manga ligg ikkje så langt unna, og denne dagen bestemte vi oss for ein tur dit. La Manga ligg i Murcia regionen. Denne regionen er stor produsent av frukt, grønasker og blomster.Området er varmt, men har problem med vanntilførsel, spesielt etter at turismen er i stadig auke. Her fra dette området kjem og dei kjente Yumilla og Yecla vinane frå. På vegen til La Manga kjøyrer vi gjenom litt av desse grøderike områda...
Ikkje snø, men små plast drivhus .
Når berre eg får sjåføren til å stoppe finn eg fram til det meste :) Huset er nok fra eldre tider, men vannslangen er frå ny tid og klar til bruk :)
La Manga i det fjerne. ( her må det dobbelklikkast :-)
La Manga er ei halvøy og ligg i regionen Murcia. Øya består for det meste av privateigde leiligheiter og hotell. Næringslivet er vel for det meste i servicenæringa. Byen er bygd opp på ein sandbank. Den her ei samanhengande sandstrand mot Middelhavet på 20 km. Øya er på det breidaste 400 meter og på det smalaste 60 meter.
Her er flott og fint på alle måtar og det seiest at det er den staden i Europa som har flest soldagar. Her er derimot ikkje anledning til fjellturer, og siden eg heller ikkje spelar fotball, trur eg det hadde blitt litt einsformigt i lengden - for meg :)
Motiv frå La Manga. Dette er fra den ytterste delen på øya.
Det vart ikkje tatt så mange bilder her ute. Alt var nesten likt, så derfor var det vanskeleg å velgje motiv :)
Vi hadde derimot ein god lunch før vi reiste tilbake til Mil Palmeras og feira 50 års bryllaupsdag til Bjørg og Magne.
Nydeleg middag med tilbehør, flott musikk, hyggelege folk og mykje latter :)
Takk for ein flott kveld, Bjørg og Magne !!















































































