lørdag 20. oktober 2012

Goritsy - dag 6.







St. Petersburg - Moskva

Bilder og reiseopplevingar langs Tsarens Vannveier.

11 dagars elvecruise i Russland med Russ.

1. - 11. september.



For å komme over til neste del av reisa - trykk på "nyare innlegg" heilt nederst på sida, under kommentarfeltet.



Denne morgonen seglar vi på Volga-Baltikum-vannveien, eit system av elvar, kanalar og sluser som gjer det muleg å segle mellom Svir og Volga.
Denne dagen skal vi besøke Goritsy og...



... Kirilow-Belozersky-klosteret


På vår værmelding for dagen, står det +16 og regn.
Her er det tidleg morgon, og eg trur egentlig at dei fleste søv ennå...:-)
Det er ein fantastisk avstressande måte å reise på dette, og det flyt så sakte avgårde at alle inntrykk får god tid til å feste seg :-)


Ein og anna lastebåt glir stille forbi, men elles er den lite eller ingen trafikk av småbåtar.



Vi segla over Kvitesjøen som har ein rund form med diameter på 46 km, og max djupne på 33 m!
Området er spesielt då folk har klart å bevare dei tradisjonelle måtane å lage ting på.
Meir enn 90 % av innbyggarane har forfedre frå regionen, noko som er skjeldan i det nordvestlege Russland.


Sola er begynt å krype opp over på himmelen ...
 
 
 ...og det ser ut for å kunne bli ein fin dag.
 

 
Det er fint med morgonlyset inn over desse små "øyane"
 

 
I det 14.århundre blei regionen rundt Kvitesjøen kjent for å vere det største spirituelle og litterære sentrum.
 

 
Det tanken som stadigt vender tilbake er den enorme kontrasten mellom storbyens gull og glitter og fattigdom  på landsbygda...
 

Denne kyrkjeruinen står igjen etter at elva vart demt opp og landskapet rundt forsvant  

 
Frå den grøne oasen langs elva - sett med mine auge...:-)
 


 





 
Båten la til kai i Goritsy og derfra vart vi henta med buss og køyrt ca 6 - 7 km til klosteret som vi skulle besøke...

 
Så er vi på veg inn hovudporten til  Kirillo-Belozersky klosteret.
 
Dette var eit av dei rikaste klostera i Russland og herska over 400 landsbyar og hadde 22.000 leiglendingar !
Klosteret hadde også ein heil flåte med elvebåtar !
 
 
 
 
 
Fra utsida av klostermurane
 

  
 
Ferapontovskaya-tårnet
 



Mange flotte tårn og kupler
Monastery`s Ensemble
 

 
Holy Gates
 

 
Klosteret blei bevart som eit museum, ikkje fengsel som mange andre kloster blei brukt til etter revolusjonen. Derfor er det mange skattar oppbevart her.
 

 
  
 
..ein av våre hyggelege guidar poserar for oss...!
 

 
Gardstunet !
 


 
Church of Transfigurasjon



 
Klosteret består av ei mengd med bygningar og rundt heile området var det ein høg og solid mur!
  
 
Utsikt frå sjøsida.
 

 
Rundt klosteret var det ein mur på 2 km og den var 7 m tjukk
 
 
 
Church of Transfigurasjon frå andre sida, pluss ei hyggeleg dame frå Førde !
 



 
Moscow Tower


 
Church of St. Euphimius the Great
 

 
Runda her er snart over- likevel mange tårn og kuplar å sjå !
 

 
Klokketårn og Church of Archengel Gabriel.
 

 
Også her blei det brukt mykje pengar til restaureringsarbeid.

 
...så var det berre å komme oss ut att- og bussen stod klar...
 

 
 ...men først måtte det kjøpast suvenirar...
 

 
Utanfor klostermurane var det også gamle flotte byggverk, og dette blir kanskje også teke vare på.
  

 
I Goritsy ligg også eit nonnekloster frå 1544. Det var kona til ein av sønene til Ivan den grusomme som etablerte klosteret, men både ho og sonen lot Ivan drukne då han meinte dei var forædarar!
 
Etter kvart blei klosteret eit "fengsel" for slektningar av Tsaren som var falt i unåde !
 

 
Så er opphaldet her i Goritsy over og vi seglar vidare mot Rybinsk reservoar og Yaroslavl.
 

Sjølv om det var tunge og grå skyer over oss det meste av dagen, vart vi spart for regnet.
Kvelden vart stille og fin, men på Russ var det "Piratmiddag" og stor ståhei...:-)
 

 
 
Dagen har vore full av opplevelsar, og i skrivande stund kjenner eg at alle inntrykk begynner å falle på plass :-) 
 
 
Vi seglar inn i natta, og eg takkar igjen for følge til dei som ser innom. 
 
 
Ha ein fin kveld !

1 kommentar:

  1. Ei spennande reise de har vert på,mykje flott å sjå! :) dette siste bildet var jo knall tøft :) Fin søndag til dåke :)

    SvarSlett