tirsdag 16. oktober 2012

Kizhi - dag 5.

 
 
 
 
 
 
St. Petersburg - Moskva.


Bilder og reiseopplevingar langs Tsarens Vannveier

11 dagare elvecruise i Russland med Russ.

1. - 11. september.
 
 
 
Klikk på bildene for å få dei større.
 
 
 

 
 På den 6 km lange museumsøya midt i Onegasjøen ligg nokre av Russlands eldste og best bevarte trehus og trekirker.
Den 37 meter høge FORKLARELSESKIRKA fra 1714 er museet sit trekkplaster og står på Unescos liste over verdens kulturarv. Den skal ha blitt oppført til ære for Peter den stores seier over svenskane i 1709 ( slaget ved Poltava).
Kirka er bygd i 5 etasjer på eit åttekanta fundament, og den har heile 22 kuplar belagt med over 30.000 småplater av osp.
Er litt usikkert kven som hadde ansvaret for bygginga, men ei legende fortel at  Mesteren Nastor hadde ansvaret.
Han bygde kirka med øks, og etterpå kasta han øksa  i Onegasjøen med orda: " Det har aldri vore bygd, og vil heller aldri bli bygd ei slik kyrkje"
 
 
 

 
Det var ein nydeleg morgon då vi nærma oss den vesle øya Kizhi som ligg nord i Onega innsjøen (Europas nest største innsjø)




 
Det var ein fin innsegling mot Kizhi.
 

 Soloppgangen var fantatisk...
 

 
....og med slike eventyrlege siluettar blei det magisk....
 

 
...og fasinerande å sjå disse gamle trekyrkjene mot morgonlyset !
 
 
Etter frukost går vi iland på Kizhi.Vi besøkjer mange av husa på øya og får innføring i historia til Kizhi.
 

 
"Vinterkyrkja"
 

...med dei gamle og fine ikona  .


 ...som pryda heile veggane.
 

 
Hovudbygget var under kraftig restaurering, var jekka opp fleire meter for å skifte laftestokkar og reparere grunnen under.
 

 
 
Fantastisk handtverk å hogge ut og montere stavar til alle disse kuplane.
Trestavane synast å vere som på stavkyrkjene i Norge.


 
Grønsakhagar....
 

 
skigardar...
 

 
 ...uthus...
 


 
...bustad og fjøs under same tak
 
 


 ...og folk som ville fortelje historia bak folk og bygningar...
 

...og om kva dei sådde og hausta for å klare seg gjennom dei kalde vintrane...


Her fekk vi sjå hausting og behandling av lin !



Idyll...!


Klokketårnet, hovudkyrkja og vinterkyrkja.


Høysåter og mølle
 

 
Samlingane på denne museumsøya kjem fra andre stader rundt Onegasjøen
 
 

 

...linhausting...


....og ljåar og gamle river...


...og slipesteien med den fine foten...!




Erkeengelen Mikals Kapell.
Dette kjem fra Lelikozero og er ei av perlene i det nordlege Russlands arkitektur.


 
Vi ser den vesle Lasarus' oppstandelseskyrkje lengst bak på bilde.
Denne stamma opprinneleg fra Murmansk-klosteret, og skal vere bygd i slutten av 1300 talet, noko som gjer den til ein av Russlands eldste trebygningar.
 


..mange fotografar !
Vindmølla her er fra Volkostrov og vart bygd i 1928
 

...og koselege russiske damer...!
 

"Rikmannshus" i fleire etasjar....
 


 
..som innheldt mange gamle redskapar og bruksting som vi fekk vite historia bak.
 

 
 
Dette dyret var ikkje redd turistar !
 

 
Så tek vi avskjed med denne fantastiske staden og opplevingane her.
Vi har hatt noen spennande og flotte timar her, men igjen skulle det vore kjekt å utforska meir...
 

Turen til Kizhi var egentlig ein liten avstikker, og vi segla no tilbake på same veg...
  


...og snart er vi  på innsjøen Onega igjen..
 

 
Det er overskya og litt vind...
  

 
...men vi hadde ein fin og behageleg tur...
 

Vi seglar no inn i Volga- Baltic canalen

 


 Volga med sine 3690 km, er Russlands viktigaste vannvei og tilknytta via eit nettverk av handlaga kanalar, til alle fire av landet sine største sjøar.



 Halvparten av elvefrakta i Russland er transportert på Volgas vatn, og elvane er vanlegvis seglbare fra mars til midten av desember.



Tidlege sommarmånadar kan gje storflom, og i den siste tida av sommaren kan låg vannstand avdekke grunnar og sandbankar.
 

 
 
 
Denne natta segla vi igjenom mange sluser...
 

 
 ..men her på båten er det middag med Russiske mattradisjoner,
servert av dyktige, smilande og blide servitører.
 



 
 I suvenirbutikken er det også ei nydeleg og hjelpsom jente.

 
 
Her ligg vi i sluse og det er ein nydeleg kveld på dekk.
 

 
Ei rask regnbyge "polerte" dekk, og det vart fine speglingar...:-)
Dei fleste  er inne, for der er det underhaldning med passasjerer og mannskap.
 
 
Mens båten seglar vidare mot Goritsy,
har vi ein triveleg kveld med mykje latter og løyer.
 
 
Takk for besøket på bloggen :-)
 
Ha ein fin kveld!
 
 



4 kommentarer:

  1. Takk for turen, nydelege bilder.

    SvarSlett
  2. Takk for turen,flotte bilder igjen,Liv:)

    SvarSlett
  3. Som alltid mange flotte bilder. Likte spesiellt trebygningene. Kirken med kupler og spir så helt fantastisk ut. Noen av trehusene så litt ut som i gamle dager i Norge. Takk for at du deler. Ha en flott dag.

    SvarSlett
  4. Igjen blir eg glad for kommentarer fra doke :-)
    Når eg tenkjer tilbake på turen, er Kizhi ein av høgdepunkta fra dei mindre stadane vi var innom.
    Vi også snakka om at mange av desse husa godt kunne vore fra den norske landsbygda. Mange av redskapane som vi fekk sjå, var også heilt like dei vi finn igjen her i gamle fjøs og låvar.
    Fint at slikt blir tatt vare på, både her og der....-)

    Ha ein fin lørdagskveld !

    SvarSlett