mandag 21. mars 2011

Nr.1 Litt rundt-omkring på Costa Blanca.

Vårturar i Spania.

Det er alltid kjekt å komme tilbake til Altea, slik var det denne gangen også. Dei første dagane her nede var ganske kjølige og skydekket på himmelen var til tider ganske tett. Regn har det vore også.  Det vart ein del småturer  rundt i nærområdet, litt rydding i huset og div. ting som må gjerast når vi er her.

Klikk for større bilder!




Havutsikt fra Altea
Calpe

Calpe er ein fin plass som utgangspunkt for både fjell og strandturer. Denne ettermiddagen vart det ein tur langs strendene. Ennå er det kaldt å bade, men gjengen vi trefte på hadde både joggetur og ein rask tur i bølgene til stor begeistring for oss andre :-))



Fra stranda i Calpe

Ein glad gjeng :)

.....på joggetur

....og ein runde i bølgene

Frå Calpe.

Kveld i Calpe

Vi hadde også ein tur til Villayousa og besøkte venner som ferierer der. Den gamle bydelen er sjarmerende med sine fargerike hus. Her er også ein flott strandpromenade. Trafikken er i stor grad regulert bort fra strandområdet så her er flott og vandre til lyden fra bølgene som slår inn mot stranda.




Fra den gamle bydelen i Villajouyosa

Fra strendene i Villajoyosa.





Det er fargerikt i denne bydelen :)


Planen vår var å ta ein tur vidare sørover i Spania.
Høglandet i Andalucia har vi reist mykje i tidlegare. Dette er eit fantastisk flott område og er å anbefale.
Etter litt fram og tilbake med reiserute og div. vart valget denne gangen kysten mellom Mojacar og Cabo de Gata (Coasta del Almeria )
Vi var først ein tur ned om Villajoyosa og henta Solveig og Arne som skulle dele turen med oss og som har vore våre gode turvenner på mange turar tidlegare.


Strandpromenaden i Villajoyosa.

Motorvegen er god å ha når det er snakk om transportetapper og å komme raskt fram. Slik var det med turen fra Villajoysa, Mursia, Lorca og til Huercal Overa. Vi tok av til Vera og vidare til Mojacar.
Mojacar ligg på toppen av ei høgde med bebyggelse heilt ned til kysten.
Ein nydeleg plass for lunch :)
Herfra går turen for det meste langs havet, og vi var innom mange fantastiske små perler.

Denne kysten har ein merkeleg mørk nordafrikansk atmosfære står det i reiseboka mi, og det stemmer sikkert :) Det var ein natur med blanding av grøne fjellsider, grå klipper og blått hav. vegane var både beine og svingete, alt etter eige valg...
Vi hadde flott vær og mykje vind. Her var  flotte små byar og tettstader. Då eg ikkje har GPS på kameraet, er det ikkje alle navn eg hugsar igjen, og med fare for å skrive feil, lar eg heller bilda tale for seg sjølv.


Mojacar, Almeria province, Andalucia

 Utsikt fra Mojacar



Neimen, her var det ein kjend kar :)

Utsikt mot Carboneras


Playa de Isleta



Isleta del Moro







San Jose'

San Jose'

Cabo de Gata



Fyrtårn i Gabo de Gata

Fantastiske klipper. Gabo de Gata.





Fyrtårnet.

Havet og saltbasenget i Gabo de Gata





Retamar i  kveldsol

Denne kyststripa er ikkje av dei tettast utbygde for turister, men her er flotte strender og eit flott fjell landskap. Ved ein seinare anledning må det nok bli fjellturer her nede.
Dette er ei fin tid å vere bilturist i Spania på. Det er lite  trafikk på vegar og strender i forhold til sommeren. Hotellprisane og er gunstige på denne tid også, dersom  du styrer unna dei største byane.
Vegen vidare vil nok svinge inn i eit anna fjell landskap :)

Ønsker alle som er innom ein fin dag!!



fredag 11. mars 2011


Ein fin dag i Stongfjorden.


Så langt ut i mars er det ikkje snø vi vil ha, men igjen  vakna vi til ein morgon med snødekt landskap.
Trass snø, vart det ein nydeleg dag med eit fantastisk flott lys. Ein liten runde rundt fjorden og nesten til Staveneset vart det i dag også :)

Klikk for større bilder!



Stongfjorden

Stongfjorden, bilde er tatt fra Underseth

Solnedgang i snøbyger.

Ønsker alle som er innom bloggen min ein fin dag :-)

tirsdag 8. mars 2011


Ein tur til Botnane.
 


Etter værmeldingene å dømme skulle dette vere dagen for  opplevingar av storm og bølger.

Vi planlegger derfor å dra til Kråkenes. Pg. av diverse avtaler, kom vi oss ikkje avgårde før ut på ettermiddagen. Vi hadde heller  ikkje komme langt før meldingen om stenging av Måløybrua kom. Det var ikkje aktuelt å snu, så derfor vart det ein tur ut til Botnane i stadenfor.

Det var stille og fint heilt til vi kom over Magnhildskaret, då møtte vinden og snøføyka oss. Snøen gjekk fort over til eit ufyseleg regnvær som piska oss våte på eit blunk berre vi stakk nasa ut om bildøra.
Værmeldingane om vind slo til for fullt og det var nesten nifst å gå ut av bilen.
Skulle vi få tatt bilder i dag måtte det bli gjennom ope vindauge og unna vinden. Linsa vart våt av regn og sjødrev, så kvaliteten på bilda er ikkje av den beste.

Alle bilda er tatt fra området rundt Botnane.






























Dette var nok siste turen før ferja frå Kjelkenes til Smørhavn vart innstilt også....

Det vart ikkje Kråkenes denne gangen - og heller ikkje store bølger, men  tur i sterk vind var det.
Vel tilbake i Førde er det nesten ikkje eit vindpust, derimot eit tordenskrall i ny og ned....

Ønsker alle ein fin kveld !!