tirsdag 14. juni 2011

Junitur, nr. 1

Junitur til Askøy

Junitur med første stopp på Askøy hos Andrea :-)



Sommerværet kom med sommerfesten i Førde 4. juni  - og vi trudde det skulle vare lenge....
Søndag morgon 5. juni, var det stille, sol og varmt. Etter ein liten rundtur var den gode sommerfølelsen der også - Lukt av blomster og nyslegne plenar, surrende humler og  fuglesang ...




 Sommeridyll i Førde




Det var ein alt for fin dag til å kjøyre bil i, men vi hadde avtaler på Askøy, og naturen som vi fekk med oss på turen var vakker! 
På Askøy var dagen planlagt , og snart var vi på Kollevågen -  ein nydeleg plass.




 Hei, eg vil vise deg litt rundt på denne fine staden....


Ta av skoa og bli med Håvar og meg ein liten tur rundt omkring - sanden er varm.....
Alle bildene her er fra Kollevågen.





Så er vi ferdige her med bading og div. gjeremål...
Kvelden er ennå ung, og vi rekk ein tur til ....


....til Herdla, her er det også fint.




Her på Herdla er det mange minner igjen fra 2. verdenskrig. Restar etter flyplassen som Luftwaffe etablerte, hangarar og restar fra gamle verkstader. På Herdla museum kan ein få med seg utstillingar og info. om krigens dagar.

Flystriper

Hurtigruta snik seg nesten på land...


Her ute er det også eit svært rikt fugleliv. Dette er det også ein avdeling om på museet, men det kjekkaste
er no å oppleve fuglane ute i naturen



Herdlavågen gjestehus - ekte idyll - står det i reklamen. Det stemmer sikkert, for her var det fint :)


På Juvik vart det ein nydeleg kveld. 
6. juni var det igjen slutt på sommeren, det var grått og vått!!


....og utsikten var heller dårleg...
det vart ein innedag!

7. juni var det også regn og tåke, men ut på kvelden klarna det opp og det vart ein fin tur til Hellesøy




 




Her trefte eg to hyggelege karar som dreiv med konkuranse i brevdueflyging. Denne kvelden skulle dei sleppe to puljer på 130 duer i kvar pulje. Duene veit kor dei høyrer heime og spenningen no var kor mange som kom tilbake til heimen :)
Eg som aldri har sett noke slikt før, vart så forvirra då duene vart slepte, at kameraet også virrar i alle retningar. kvaliteten på bildene vart der etter... 





Det var eit kjekt møte, og tusen takk for interesann info og hyggeleg prat.
Ser no på sida deira http://www.blombrevduer.com/ at alle duene -2 var komme heim. Kjekt :-))
Lykke til videre !!


Fra Blomvåg




Igjen ein fargerik kveld på Juvik :)


8. juni vart ein fin dag og vår tur går til Telavåg.



Rorbuer og leiligheiter i Telavåg.






Vegen ned til den gamle gravplassen i Telavåg var kronglete og smal, men vi fann den...
Denne kyrkjegården var nytta fram til 1930 åra. Då skonnerten Hermann forliste i 1882, vart dei omkommne gravlagde her.
Her møtte vi også Simon Thomasson frå England som hadde røtene sine frå Telavåg. Han lette etter grava til ein gammal onkel. Simon fann grava her, og det var eit følelseslada stund for han og for oss som fekk høyre historia hans.



Fra vegen og trappa ned til Gravplassen.
Alle bildene her er fra den gamle gravplassen










Fra området rundt Telavåg




 Telavåg


I Telavåg besøkte vi Nordsjøfartmuseet. Her fekk vi sett ei sterk krigshistorie (film ) fra Telavåg. Staden vart jevna med jorda den 30. 4. 1942 som straff for at 2 sepo. menn vart skotne der.
Her var det også fortalt om Shetlands-Larsen og hans menn. Dei utførte 52 turar frå 1941 til 45 på norskekysten. 4 av turane gjekk  til Staveneset.
Her møtte vi igjen Simon og fekk litt meir fra hans historie.
Simon, håper du fekk det utbytte av turen som du hadde håpa på. Ønsker deg ein fin sykkeltur vidare :)


Desse bilda er fra Glesvær.


Handelstaden Glesvær går tilbake til 1600 talet.
Glesvær kafe ligg på Glesvær sydvest på Sotra. 8 min frå Telavåg. Kafeen er innreda med orginalinnredning frå den gamle butikken frå rundt 1900.



Alle medaljer har ei bakside - det hadde kosta så lite å få eit mykje bedre inntrykk.
Sett fra ein besøkande sine auge.....


Fine rorbuer, men her også var ei bakside :(


Pingviner på Glesvær - alt er skore ut i plater.


På Juvik var det ein grå og lun kveld :-)

Har hatt noen fine dager på Askøy, mange opplevelser og flotte turer. I morgon starta vi opp bobilen igjen og drar litt videre sør over.

Takk for besøket, alle som er innom!!
Ha ein fin kveld :)

3 kommentarer:

  1. Hei Liv.
    Eg synest bildene blei bra. Skal snart legge dei ut på nettsiden. Takk skal du ha :)

    Svein.

    SvarSlett
  2. Fantastiske bilder Liv.Både frå Førde og Askøy mm.

    Kan berre reise med deg å sjå kor vakkert land vi bur i.

    Oddveig

    SvarSlett
  3. Kjekt du kunne bruke bildene, Svein :-)

    Og til Oddveig, så kjekt at du også har vore inn om bloggen min!
    Kjempekjekt å ha deg med på tur :))

    SvarSlett