onsdag 8. juni 2011





På tur i skog og mark.




Enghumleblom


Det var langhelg, og Even og Henrik kom til Størdal med høge tanker om fisking langt til havs ( ut om Staveneset ) og om å få ei lange som var litt lenger en den lengste dei hittil har fått :-)
Vel, værgudane ville det ikkje slik, vind og regn sette ein stopper for den etterlengta fisketuren. I staden vart det ein runde ut i skog og mark med hunden Jack og fotokamera.




Etter mykje regn dei siste dagane, var det vatn og elvar overalt.
Dette inspirerte til å prøve ut høgda på støvlene og vanntettheten på regnbuksene. Bilda vart også fine - syntest vi....:) 



Ramsløken trivdest også ved elvekanten.



Bregnene har gode vekstforhold her i denne eventyrskogen...



Marihånd




Fint var her - og spennande, men til tider ganske uframkommeleg. Det kunne godt vore ein saueflokk som hadde beita her. Skogen begynner å få altfor godt tak mange stader...


 Storknebben pynter opp med sin fine farge


 Her var det frodigt. Og til alle som ikkje likar kvitløk- hald doke unna denne staden ... :)


Den norske kvitløken blomstrer fint !!

Grønt og frodig, men neppe fisk her...



Siden alle vi tre på denne vandringa elsker mat med  kvitløksmak, finn vi det passende å slutte med bilde av denne blomsten...
Vi hadde ein fin tur, barna var våte og fornøgde og hunden likeins. Før vi var heime kom sola igjen fram på himmelen og gav oss litt varme. No ser vi fram til ferie og finvær og mange fisketurer som gjev storfangst ...

Det er kjekt å dele denne vesle turen med med doke.
Tusen takk for besøket på bloggen :-))

5 kommentarer:

  1. Fine bilder, kjekt med fototurer, tenker guttane kosa seg :-) Ha ei fin lang helg Liv ;-)

    SvarSlett
  2. Ja, vi kosa oss :) mykje spennande å sjå for to kreative gutar. Hesten ute i Staveneset fekk ein omgang med kos også :)
    Fin helg til deg også, Janne!:-)

    SvarSlett
  3. Her var det mange fine bilder,Liv.

    SvarSlett
  4. Takk for fin tur. Dette såg koseleg ut.

    SvarSlett
  5. Takk for kjekke kommentarer, Aud og Ann Tove :))
    Det er berre å kle seg etter været og komme seg ut,finn som regel eit eller anna å feste på brikka :-)

    SvarSlett