fredag 6. mai 2011

Godøy og Alnes





Til Godøy og Alnes

Mai, 28. - 29.
Turen går no til Ålesund, over bruer og gjennom tuneller over til Godøy. Det er ein fin vårkveld, folk steller i hagar og slær plener. Vi køyrer heilt ut på enden av vegen, treffer folk og får avklara at det er greit å parkere bilen her ute. Dette er parkeringsplass for busser som kjem med turister til fyret, men no er det ope berre i helgane.



Eg tar turen langs den fine rullesteinstranda og dei flotte murane. Det er mange som er ute og nyt den fine kvelden. Mange hyggelege mennesker å prate med og motiva her ute er ikke verst dei heller.





Alnes fyr i kveldsol.

Alnes fyr vart oppretta i 1852 for å lede fiskebåtane trykt opp til det vesle fiskesamfunnet Alnes.
Nåverande fyr vart bygd i 1876 og vart automatisert i 1982. Det er også eit lite historisk museum i fyrtårnet. Ein lokalkjend fortalde at det var 17000 besøkande i fjor.



Vegen opp til fyret



Etter solnedgang


Sein kveld ved fyret


Vi har avtaler i Molde ut på dagen, men først vil vi ta ein tur til toppen av øya. Det er igjen ein nydeleg dag med blå himmel.

Dei av oss som er ute kl. 6.oo får med seg slike øyeblikk....

....og ein tur i doggvått gras ...

Fyret i motlys

...og rundballer i morgonlys...

Her kan du starte på vegen mot toppen. turen går først gjenom bebyggelsen..



....forbi alle desse koselege husa, og ved ein rød/grå låve er stien godt merka vidare

ein flott båt i havna

denne grinda må du igjenom for å komme ut i marka

....så er det rett opp :) og snart blir det ei fantastisk utsikt over Alnes.


Ferskvatn og hav



På toppen - herleg!!
Storehornet 497 m.

Utsikt mot Ålesund og ned på øya

 

Det er berre å nyte denne flotte utsikta før vi snur ned over igjen.


På vegen ned igjen


Her kjem vi igjen ned til bebyggelsen og vandrer den same vegen tilbake,- no med lys i ein annan vinkel.






Vi går igjen mot fyret ...

 
..og forbi den nydelege sandstranda....

Vår tur går no vidare mot Molde...


Til alle som er innom bloggen min : Ha ei nydeleg vårhelg :-)

5 kommentarer:

  1. Flotte vårbilder frå ein flott tur. Det må vere kjekt med bubil, so ein kan kjøyre og stoppe når ein vil. Ha ein fin tur vidare.

    SvarSlett
  2. Flotte bilder,kjempe fint å reise rundt på Møre:)Ha ei fin helg:)

    SvarSlett
  3. Flotte bilder Liv, ser ut som dåke kosa dåke ;-)))

    SvarSlett
  4. Utrolig flotte bilder fra deg Liv :-)

    SvarSlett
  5. Takk tilbake til doke!!
    Alle som lager blogg veit at det tar litt tid, og då er det kjempekjekt med slike fine tilbakemeldinger :))
    Ja, det er ein fin og fri måte å reise på, og svært sosial. Kjem i kontakt med mange folk - der er vel litt på same måte som med båt kan eg tenkje meg...
    Denne turen var fin med at vi kom oss ut på langtur kvar dag, elles kan det fort bli mykje køyring
    Ha ein fin kveld, jenter :-))

    SvarSlett