Luster i Sogn
Klikk på bilda, då blir dei større !
Det var pinse og det var tid for ein liten bobiltur.
Yr.no lova ganske fint vær over heile Vestlandet, så spørsmålet var for i kva retning vi skulle reise.
Eg er svært glad i havet og Stadtlandet, men etter ein telefon frå våre venner i Vågsvåg vart vi fortalt at der oppe var det vind og regn.
Vi sette derfor GPS'en på i retning Sogn.
Vi hadde regn, tåke og yr med oss på vegen, men då vi kom inn over til...
Yr.no lova ganske fint vær over heile Vestlandet, så spørsmålet var for i kva retning vi skulle reise.
Eg er svært glad i havet og Stadtlandet, men etter ein telefon frå våre venner i Vågsvåg vart vi fortalt at der oppe var det vind og regn.
Vi sette derfor GPS'en på i retning Sogn.
Vi hadde regn, tåke og yr med oss på vegen, men då vi kom inn over til...
...Fjærland, letta det i skylaget og det vart ein nydelig ettermiddag.
Vi hadde ein liten runde innom den vakre bokbyen, som denne kvelden var prega av total stillheit både på fjorden og på land.
Markblomstrene er no på det finaste og her hadde det ikkje vore kantslått heller...:-)
Vi er no på veg til Luster.
Målet for denne turen er å kunne få noen fine fjellturer.
Lustrafjorden ligg speilblank...
....og Feigefossen er eit fantastisk skue....
....i ettermiddagssola!
Feigefossen har eit fall på 218 meter og er Norge sitt andre høgaste uregulerte fossefall.
Lustrafjorden er ein ca 40 km lang arm av Sognefjorden.
Her er vakre gamle bygningar som ...
...har sett sine beste dagar!
Men dei flotte skifertaka held seg godt!
Vi tek no turen oppover Gamlevegen mot garden Berge som ligg på ca 400 moh.
Utsikta over fjorden er fantastisk....
....og vegen går gjennom idyllisk landskap.
Mange flotte blomster i liane.
Undervegs passerer vi eit gamalt nedlagt småbruk...
....og vidare oppover er det god sti og flott terreng...
Gamlehusa på Berge er ikkje i bruk.
Vi ser her over til Harastølen, der det det nedlagde Luster Sanatorium ligg.
Gamlehusa her på Berge vitnar om ei driftig tid !
Tykte dette er godt motiv !
Bygningane som er til nedfalls har sikkert mang ei historie...
....som dette skifertaket som veg mange tonn, og er frakta opp hit frå hellebrota langt inne i Dalsdalen !
Frå Berge følgjer vi stien oppover lia.
....og det stig bratt opp- ingen svingar med kvilesteg her...
...men du verden for ei utsikt....
....både i forgrunnen og bakgrunnen..!!
Og målet er nådd; Børesteinen 991 moh. Fantastisk utsikt over eit eventyrleg landskap!
Dalsøren Camping, der vi ligg, ser vi under oss.
Vi tok nokre høgdemeter til, og fekk med det flotte dalføret innover Dalsdalen og fjellheimen.
Så er vi på turen tilbake til campingplassen.
Stien er godt merka.
Men "Dagmar" har gjort stor skade også her.
På Ferestad hadde eigaren vedlikehaldsarbeid på hytta denne dagen, og fortalde oss historier frå staden.
Gamle steimurar og røyser.
...og gjennom gløtt i skogen har vi flott utsikt!
Så er vi attende til Berge....
...og går nok eingong gjennom tuna der...
... og hestane hadde godt med gras i solhellinga.
Og for ei utsikt dei har som bur her !
så er vi nede i bygda igjen etter ca fem timar og ca 12 km fjelltur i finveret!
...og her er slåtten i full gang...
......og Dalsøyri med campingplassen ligg idyllisk til ved fjorden
Bygda ligg der fin pinsedag og....
....og vi bestemte oss for å gå til Harastølen.
Dette er ein veg som også kan køyrast med bil....
....men etter å gått i bratt svingete veg 5-6 km, kom vi endeleg fram !
Luster Sanatorium vart opna i 1902.
Sanatoriumet var ein plass for behandling av tuberkoløse.
Taubana gjekk frå fjorden og hit.
.....men i dag er dette eit trist syn med enormt forfall.
Ser ut som bygningar og interiør er herja av innbrot og hærverk....
...og til nedfalls !
Trist å sjå eit sånt ruvande byggverk og tidlegare eineståande samfunn ikkje er teka vare på !!!
Nedatt til bygda fekk vi haik, det var godt å sleppe å gå den lange vegen ettersom beina begynte å bli slitne....!
Og 2.pinsedag var opphaldet her over for denne gong....
....og turen gjekk vidare innover fjorden til Skjolden, Turtagrø og Sognefjellet.
Fine snøvidder ...og Fanaråken ligg der med skyer på toppen.
Kartet måtte fram for å finne namna på fjelltoppane omkring oss.
Vi ser mot Smørstabbreen.
Øverst i Bøverdalen kom grønfargane att !
...og vi ser oss attende...
I Lom tok vi sommaren igjen, 24 gr, så vi stoppa og over
natta på ein god og fin campingplass før vi dagen etter drog heimatt over Strynefjellet.
Denne Pinsehelga i 2014 var det berre fantastisk !
Velkommen til å besøke bloggen min :-)
Ha ein fin kveld !



























































































