torsdag 20. januar 2011

Med Campingbil til Lofoten !

Nr. 2 - Fra Rørvik og nordover.....

Vi kom til Rørvik seint på ettermiddagen og brukte kvelden til å vandre rundt i byen. Rørvik var  etter vår syn ein rotete by. Det hadde ikkje skada med eit skippertak for å få vekk mykje skrot som slang overalt. Ikkje noke godt inntrykk for turister.....
Norveg - stad for kystkultur og kystnæring var eit flott og moderne bygg, men det var litt i kontrast til dei andre fine og gamle bygningane som låg rundt.


Fra området rundt Rørvik

Naust.


Norveg - stad for kustkultur og kystnæring + bygg fra eldre tider.


Fra Rørvik



Berggarden frå 1879 - museum no, handelstad fra tidlegare tider.

Ei langkyrkje fra 1896. Bygget er av tre og har sitjeplassar til 200......

....også fra Rørvik :)

Vi har hatt godt køyrevær på turen, men den kalde nordavinden har følgt oss heile vegen.Ved avreise frå Rørvik var det 8 +, overskya og grått med litt regn i lufta. Vi skulle nok gjerne ha reist meir rundt her ute når vi først var her, men turen  framfor oss er lang, og vi valde derfor og køyre inn igjen og følge Rv. 17 nord over. Det er regn og gråvær på turen oppover, men vi aner ein flott natur bak regndisen.
Det letta litt etter kvart opp, og vi hadde ein fin tur med ferje fra Holm og til Vennesund.


Fra ferjeleie i Holm

Vennesund

Nordlandsbåtar

Det går raskt vidare opp over øya Sømna. Da vi kom så langt at vi såg Torghatten, såg det også slik ut at det kunne bli ein fin kveld. Vi bestemte da og køyre til Brønnøysund og ut til Torghatten. Parkerte der ute på godt tilrettelagde parkeringsplasser. (det var også ein stor flott campingplass like ved strandkanten)
Vi gjekk turen rundt heile fjellet. Det var godt tilrettelagde stiar og det vart ein nydeleg sommerkveld.
Turen rundt brukte vi 1,5 t på. det var med innlagde fotostopp og div. pauser:)
Då vi har krope gjennom mange holer i dei Spanske fjell, prøvde vi ikkje dette, men det var 160 m langt og 35 m høgt + 20 m bredt.
Ein fin tur som kan anbefalast :)



Vi ser Torghatten!

Frå "baksida" av Torghatten

På stien rundt Torghatte





Det var ennå tidleg kveld, så vi forsette til Sandnessjøen der vi hadde eit lite stopp på kaia.



Motiv fra sandnessjøen


....er i rute...


...også fra Sandnsesjøen


Vi bestemte oss for å køyre ennå ei stund. Dermed kom vi også over med ferje frå Sandvik til Andalsvåg. Herfra er det berre eit kort stykke til neste ferje. Ca 5-6 km. etter Andalsvågen fann vi ein kjempeflott rasteplass for bobilar og campingvogner. Det var reint og fint med vatn, strøm, tømming av toalett og dusj. Den var godt skjerma fra vegen og ikkje trafikkstøy. Og det beste av alt, det var ei nydeleg utsikt over til "Himmelblåøya", Ylvingen. 
Det var ein fin kveld, sola laga eit flott lys i skyene og vi slappa av etter ein lang dag med køyring.



Ein flott jonsokkveld

 Utsikt til Ylvingen


Ein nydeleg morgon, sol og stille, men berre 10 gr. Vi kom tidleg avgårde, og det var berre eit kort stykke til Forvik der ferja går til Tjøtta. Her var det over 2 timar til neste avgang. Tida nytta vi til eit besøk på Vevelstad bygdemuseum som låg like ved. Der var tilsaman 11 bygningar som kvar hadde si eiga historie å fortelje. Alle viste gamle tradisjoner og levesett fra fiskarar og bønder på kysten.
Vevelstad Kirke ligg like ved, flott plasert med  utsikt til dei 7 Søstrer i bakgrunn og med ein fin og velstelt gravplass rundt.



Hus fra Bygdemuset








Vevelstad kyrkje, bygd i 1796 - utvida i 1871



Sjølv om dette var utenom oppningstida, vart vi godt tatt imot og fekk privat visning av ei dyktig og blid jente. Ho tok oss med rundt på tunet og viste oss rundt i husa. Det var svært interesant og dette sette vi stor pris på.....Godt utnytta ventetid!

Fra Forvik var det ei fin utsikt til fjellrekka dei 7 Søstrer.
Ferjekaia låg i eit flott  miljø fra eit av Nord-Norges eldste handelstad Forvik fra 1792. Der var ein ekte gammal landhandel med eige kaffibrenneri og der inne kom du tilbake til fortida :)....sjarmerande miljø!
Mange av husa var under renovering og det såg ut for å vere godt vedlike helde.



Utsikt til dei 7 Søstrer

Den gamle handelstaden på kaia

6 kommentarer:

  1. Spennande å følgje med turen nordover Liv!;))) masse flotte bilder!!

    SvarSlett
  2. Kjekt å sjå alle desse fine bildene,gler meg til neste stopp:)

    SvarSlett
  3. Kjekt de er med, og hald doke fast!! :)
    Dette kan ta tid, trøste og bære...det er ennå langt til Lofoten og det er då dei fine kjem!! :)
    Det er ikkje den beste kvaliteten på desse bildene som eg har lagt inn, det har gått litt fort i svingane av og til ser eg...:))
    Ha ein fin kveld!!

    SvarSlett
  4. Det er ei fin reiseskildring Liv frå ein vakker landsdel eg kun har reist over med fly. Vakre bilder Liv tatt av ein fotograf som er flink å plukke ut og plasere motiva i rette hjørnet på sensoren. Håper eg ein gong får sjå kysten frå Rørvik og nordover.
    Vi gler oss til neste ferje overfart og til nye bilder Liv.
    Du har sikkert masse arbeid foran deg med å redigere og legge ut bilda.
    Du må ha hatt ein flink sjåfør og Liv som skulle passe ferjerutene og nå neste ferje og passe på at batteria til kammera altid var oppladda. Gler oss til neste bolk. Steinar

    SvarSlett
  5. Hei Steinar! Kjekt du er med opp over :)Ja, det er litt av ei reise, både her og der :)Begge turane var/er kjekke. Første gangen eg legg ut bilder på denne måten, men det er kjekt, mykje arbeid og tid går med, det blir ikkje tid til fotografering før eg er ferdig med dette.
    Ja, det er eit team work dette,men har etter kvart fått rutiner på ting og tang.men tru berre ikkje at det går knirkefritt alltid :))ta ein tur nord over,det er fantastisk flott.
    No er eg ferdig med bolk nr. 3 og tar fatt på reisa videre frå Bleik.
    Ha ein fin kveld,og velkommen til å vere med videre.:)

    SvarSlett
  6. Nydelige bilder :-)
    Der det står: Motiv fra Sandnessjøen er forvekslet med Brønnøysund. Kystferie rorbuene ligger på Hestøya nord i Brønnøysund. Den lille øya med hvitt hus på toppen ligger også i Brønnøysundet og heter Buholmen. Det er boligen til tidligere hvalfanger og leder i Kystpartiet, Steinar Bastensen, som bor på den lille øya.

    SvarSlett