lørdag 27. august 2011

Hausttur, nr 1. - 2011.

 Augusttur.


Det var igjen tid for å komme ut på vegen igjen...
Planlegger ein tur ilag med Solveig og Arne. Dette skal blir ein tur uten forutbestemt mål, men der vi undervegs bestemer reiseruta...
2. august starta vi og køyrde opp over til Jølster og Skei.
På Skei er vi alltid innom fotobutikken til Alf Helgheim. Der blir vi alltid møtt av hyggelege folk med topp kundebehandling og god produktkunnskap. Noen ganger blir det handel, andre ganger berre ein hyggeleg prat.
Etter kvart er vi på veg mot Fjærland. Det var for det meste ein overskya dag, men det var stille, fint og godt køyrevær :)




Jølstravatnet var blankt som ein spegel...


Kjøsnesfjorden, Jølster


Bøyabreen, Fjærland


Ds.


Utsikt inn mot Fjærland


...også fra Fjærland


Fjærland


"lokal kunst"  i Fjærland


Utsikt mot Berge i Fjærland


Langs Fjærlandsfjorden


Vi avtalte med Solveig og Arne om å møtast i Lærdal. Her var det ein nydeleg kveld med + grader
godt over 20 talet, og det var uvant for oss som kom ute fra kysten...
Sjølv om det kom ei kraftig regnbyge på kvelden, var vi standhaftige og sat under markisa og naut den lune sommerkvelden.


Lærdal har ein flott campingplass som kan anbefalast.


Morgonen etter var det igjen stille og fint vær, og folk tok livet med ro og kosa seg på det flotte
området rundt campingplassen




Turen startar denne dagen over fjellet frå Lærdal til Aurland.


Sidan vi låg først på vegen, stoppa vi her og venta  på vårt reisefølge. Det tok tid, vi lurte på om dei hadde prøvd seg på ferjetur frå Refsnes etter gammalt :) Men endeleg kom dei, smilande og blide...
Solveig kunne fortelje om eit skilt som viste vegen til Aurland "som ikkje var der" og om noke som likna på ein traktorveg med elvefar i julspora og gras i midten og på begge sider :-) Ingen låg bak, heller ikkje var der møtande trafikk....(heldigvis, sa ho ;-) og  hadde prøvd på og få sjåføren til å snu.  Men Arne var standhaftig og sa at dette er rett veg - Lien har jo fere føre...:-))
Etter kvart kom dei fram til ein bebyggelse der det kom ein  kar og spurde: Can I help you ? ;-))
Vel, dei var komne til Vindedal - og fekk beskjed at: køyrer de lenger inn i dalen no, så vil de aldri klare og snu...Dette er ikkje vegar for ein RAPIDO på 7.40
Vi fekk oss ein god latter alle og omsider var vi klar for å fare videre...

Alle bilda nedover her er tatt på vegen til Aurland.












Den spektaktulære utsiktsrampen over Aurland - bygd i 2006


Aurlandsfjorden



Aurland










Var også ein liten tur inn om Flåm, men regn og vind gjorde opphaldet kort denne gangen.



Venta ei stund her på at regnbyga skulle ta slutt, men den gang ei...
Utsikt mot Vassbygdvatnet mot Aurland.




Motiv på vegen mellom Aurland - Hol.





Strandavatnet, Hallingskarvet i bakgrunnen.
Overnatta på Birkelund camping.


Igjen ein grå dag.
 Vår tur går no mot Hol og vidare til Geilo.
Dette er fra ei av dei populære hyttegrendene ved Geilo
Køyrer videre mot Imingdal og tok av til Tinn - Austbygd.




Sønstevatnet.


Desse bilda viser utsikt innover Skålbø.






Motiv fra Tessungdalen som går mot Tinn og Austbygdi.





Fra området rundt Tinn


Fra Tinnsjø



Mørke skyer og kraftige regnbyger har fylgt oss på heile turen, så det er mykje gråtonar i desse bilda.
Låven og fjøsen her var derimot så rød og fin at sjåføren vart beordra om eit stopp...



Dal kyrkje ligg ved avkjørsla til Gaustablikk.
Dette er den eldste kyrkje i Tinn kommune
Bygd i 1775, påbygd i 1842 og restaurert i 1960 - 62



Kraftverk -  også ved vegen mot Gaustablikk


Rjukan i regn.
Køyrer videre mot Gaustadtoppen og Tuddalsdalen.
Desse bilda er tatt på vegen fra Tuddalsdalen og mot Selgjord. Videre mot Vrådal og tilslutt Nissedal.









Her ved Nisservatnet overnatta vi på Vik camping. Stor og flott plass. Topp sanitæranlegg og god standar.


Denne dagen har vore prega av eit skiftande vær med tildels mange regnbyger, men  mildt og stille.
Det har vore ein fasinerende strekning og reise gjenom. Sjølv om vi har valgt "småvegar" har standaren på vegane vore bra. Her ferdast mykje folk som nyt fjellivet, enten på vandring i fjella eller som oss, langs vegane.
Eg skulle ønske for bilda sin del at vi hadde hatt litt meir sol og blå himmel, men været må vi ta som det er. Vi har opplevd så mykje flott natur og inntrykka står i kø....
Turen går også vidare...

Takk for besøket på bloggen :-)
 Dagen i dag er lørdag og eg ønsker doke ein fin kveld !!

9 kommentarer:

  1. Åh so mange fine bilde!! Har reist omtrent same ruta,men e ikkje så flink som deg til å finne fine motiv ;)

    SvarSlett
  2. Tusen takk Marit :))
    Når eg fartar i fjøra, i skog og mark eller langs vegane, finn eg mange motiv. Nokre bilder blir bra, andre blir sletta.
    Når vi er på tur, er det oftast mannen min som køyrer. Men du kan tru eg ser mykje fint då også.men
    eg får klar beskjed: "Du må ikkje tru det går an å stoppe kvar gang det dukkar opp eit fint motiv" -
    så du fårstår Marit, då går eg glipp av mange fine bilder - trur eg :-))
    Når det er sagt, så synest eg du har kjempemange flotte og stemningsfulle bilder, gleder meg kvar gang du legg ut nye :-)
    Ha ein fin kveld :-)

    SvarSlett
  3. Så mykje fine motiv du har funne, men så er det eit fint område du har kjørt gjennom. Forstår at du ikkje fann så mykje fint på Geilo å ta bilete av, men du kunne jo ha stoppa og tatt bilete av oss!!!
    Skal gå inn på bloggen din ein annan gong og-
    Gerd

    SvarSlett
  4. Her var det mange fine bilder,Liv.Ser ut som dåkke har hatt ein flott tur med mykje fin natur.

    SvarSlett
  5. Kjenne igjen den der med mannen som kjøyre og madammen som ser og vil ta bilder ;) berre att min han stoppa berre når han må ;))
    Tusen takk for fine ord om bilda mine,no blei eg veldig glad :-) somme tider føler eg att eg får det til,men andre ganger so får eg ikkje til eller eg ser ingenting,det går opp og ned....Men det er ein kjempefin måte å koble av og stresse ned,det å ta med seg kamer og gå ut på tur,timane går fort då :)
    Ha ein goe dag :)

    SvarSlett
  6. Gerd, så kjekt at du har vore innom bloggen min. På Geilo er det sikkert mange fine motiv :) men denne dagen var det gråfargane som dominerte. Det er nok fint der no når skogen begynner å få haustfargar. Elles er vinteren der oppe ei fantastisk tid, vil eg tru...
    Må berre tilstå at vi kom ikkje på at de budde På Geilo, men ein anna gang skal du sjå vi ringer på døra :-)

    Aud,vi hadde ein fin tur trass mykje nedbør,Det er ikkje så ofte vi køyrer denne vegen, så det var kjekt.

    Marit, vi får vere einige om at sjølv om desse mennene er vridne når det gjeld å stoppe, så er dei greie å ha med på tur :-))
    Du har heilt rett, å fare ute med kamera, er ein fantastisk rekreasjon :)

    Ønsker doke alle ei god helg :-)

    SvarSlett
  7. Flott tur og flotte bilder:)

    SvarSlett
  8. Flotte bilder frå ein flott tur!:-) God helg til deg :-)

    SvarSlett
  9. Blir glad eg, Arild og Janne for at de er innom bloggen min :)Tusen takk for kommentar:)
    Ha ei fin veke !

    SvarSlett