søndag 4. september 2011

Hausttur nr. 2 - 2011.



Vidare mot Lindesnes - Flekkefjord.




Det var ein grå morgon då vi gjorde oss klar til å dra vidare. Ennå var det opphald, men dei tunge skyene fortalde oss at vi hadde nebør i vente.




Frå Vik camping



Vi køyrer vidare i dag på Telemarksvegen Rv.41 som slynga seg vakkert gjenom 6 kommuner frå Indre Telemark til Sørlandet.
Vår tur idag går frå Nissedal gjennom Åmli, Froland og til Grimstad.
Dette er sikkert eit vakkert stykke Norge, men denne dagen var det så grått og slike kraftige regnbyger at sikta var lik null.Vindusviskarane går på høgtrykk, men ikkje det ein gang klarar å ta unna dei voldsome regnet som sila ned over oss.
Her hadde vi eit stopp i håp om at det skulle betre seg, men nei....



Telemarksvegen er merka med dei såkalla "Telemarkstavane"
Stavane er plaserte i grupper på tre. Kvar gruppe er skårne ut i spesielle motiv som symbol på den rike folkekunsten i rigionen.


Omsider er vi framme i Lillesand.
Her er stor oppstillingsplass på kaiområdet. Dette var tydeleg poppulært for bilane kom inn og fann seg plasser for natta. Ein fin kombinasjon dette med båt/bil og felles toalett og sanitæranlegg.
Regnet har også tatt ein pause, så vi tar ein runde rundt i byen.


Her var det så fint, tydeleg eit godt klima for blomster....


Ein slik fin kombinasjon må fotograferast nøye, dette var ein god ide og ta med seg...:-)


Her, sa mitt mannlege reisefølgje, må du ta eit skikkeleg bilde...:-)


Lillesand var ein liten og triveleg småby


Utvalget av båtar i havna var her også upåklageleg - ei samling av det meste, både størrelser og sikkert pris...


Det vart eit kort opphald både i Lillesand og av opphaldsværet.  Det regnar og det regna og det var ingen ting som vart foreviga på turen fra Lillesand og til langt forbi Mandal. Vi er no på veg ut til Lindesnes og igjen var det råd å ta eit par bilder.


Det var mange små idyllar ut over....
Eg var overlykkeleg over å kjenne havlufta igjen og såg fram til ein fin kveld og morgondag.





Vi kom ut til fyret og der var det også ein stor plass til parkering. Over 20 bobilar overnatta her ute. Her var ikkje sanitæranlegg og toalett, men heilt ok for ei natt.


Fekk ein fin tur opp på fyret på kvelden



Eg søv ikkje vekk det flotte morgonlyset, så derfor var eg tidleg ute med kammera. Morgonen var fin, lettskya, vind og passe kaldt :-)


Hadde ein fin runde rundt alle desse  husa. Alt var velstelt og heldt godt vedlike ...



Her var også svært mykje bunkerser og minner frå krigen...









Her er det meir moderne innslaget...




Etter ein fin tur i vind og blåst er vi igjen klar for vegen.
Værgudane er med oss i dag og vi har ein flott tur mot Farsund.


I Farsund er det sommer igjen :) det er ein herleg avslappa atmosfære langs kaiene. Ser ut for at folk berre nyt at endeleg er sola her igjen...








Ei av dei fine sandstrendene i området...



Lista fyr.
 Fyrtårnet er det einaste høge steintårnet i regionen og sjeldent i norsk fyrhistorisk samanheng.
Fyrtårnboligane er blant dei få bygningane ved fyrstasjonane her i landet som er frå begynnelsen av 19. århundre.
Området rundt her er også kjent for sitt rike fugleliv.


Denne dagen var det bryllaupsfest her og dette er to nydelege brudepiker :)


Det var stille på havet denne dagen, men dette er ein strekning som kan vere svært så utfordrande for skipstrafikken. Her er ein vrien strøm og vanskelege bølgeforhold.



Så er vi i Flekkefjord som er målet for denne dagen...



Ein god del av sentrum ber preg av gammal flott  trehusbebyggelse og husa er for det meste malt kvite.




Grand Hotell ligg midt i Hollenderbyen i Flekkefjord. Det er bygd i 1898 og har ein særprega og flott arkitektur.


Herrene i hagen :)

Etter ein liten ettermiddagsrunde i Flekkefjord sentrum parkerer vi hos Målfrid og Tor.
Solveig og Arne kom tidlegare på dagen og vi får ein kjempehyggeleg ettermiddag og kveld på terassen i nydeleg og varmt sommervær. Vi jentene har mange felles opplevelser, og andre nyheiter  deler vi rikt  med kvarandre :) både sant og usant fra "gamle dager"og nyare tid :)) Er det noke vi lurer på hentar Målfrid utklippsboka si frå FIRDA :) då dreiar det seg mest om bryllaup , fødsler og begravelser. Kven som har gått frå kvarandre, prøver vi etter beste evne å halde styr på sjølve. Solveig og Målfrid har nyleg vore på skulegjenforeningsfest på Askvoll og er rimeleg bra oppdaterte....:))
Karane? - nei dei spaserer i hagen ....



Vi samlast etter kvart rundt bordet der vi fekk servert heilt ferske reker, henta på kaia for noen timer sida.
Det vart ein fantastisk hyggeleg kveld som varte ut i dei små timar :-) 



Reker med nydeleg tilbehør!


Desser frå hagen, rips og blåbær!


Til vårt hyggelege vertskap er det berre å takke for ein svært hyggeleg kveld -  likeins til vårt trivelege reisekammerater :))
Til doke som ser innom bloggen min , seier eg også takk ... :))


Ønsker doke alle ei fin høstveke!!

7 kommentarer:

  1. Her var mykje flott å sjå. Kjempefine bilder, Liv.

    SvarSlett
  2. Kjekt du er innom bloggen, Ann Tove :))
    Det var litt mykje regn, men elles ein fin tur.
    Nå regner det her også,og kveldane er begynt å bli lange. Det er på tide å finne fram handarbeid, ei bok eller ei billedmappe :)
    Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett
  3. Veldig kjekt å vere med deg på tur,flotte bilder :-) vi var til Lindesnes i fjor sommar,var så fint der ute og vegen utover,der kosa eg meg.Lika meg best når eg ser havet....Ha ein trivelig haustkveld! her går strikkepinnane i lag med tastatur og 71 grader nord:-))

    SvarSlett
  4. Takk for turen,Liv.Fine bilder,som vanlig.

    SvarSlett
  5. Fin kveld til doke også, Marit og Aud - og så kjekt å ha doke med på turen :))
    Eg held på å lage ferdig siste delen av denne turen - slik at eg kjem meg heim igjen :))
    Som doke også sikkert erfarer, så tar dette tid, så det er godt det blir litt lengde på kveldane :)
    Det er eit kjekt arbeid, og ekstra kjekt når doke kjem med slike fine tilbakemeldinger:-))
    Tusen takk!!

    SvarSlett
  6. Fin tur og ja, snekka var fin:)

    SvarSlett
  7. Tenkte nok du ville like snekka du også, Arild :)
    Desse to karane som eg reiste ilag med, vart heilt forgapte, men dei var einig om at dei nok måtte ha hjelp til vårpussen :)

    SvarSlett