onsdag 19. oktober 2011




Haustferie




Igjen har det vore ei veke med fri frå skule og andre faste gjeremål. Hos oss på residencen har vi hatt besøk av fire kreative og aktive barn.
Været var ikkje det beste i starten, så den gamle låven med alle sine sjulte skattar og hemmelege ting var igjen løsningen. Her har barna arva gamle møblar, lampar med dei utrulegaste lampeskjermar, koppar og kar og mykje anna. Henrik fann pappa'en sine gamle Donald blad og var storfornøgd. Men toppen var då dei fann gamle dagbøker...:)) Bestemora var heldigvis tilstade, og greip inn med ein gang - ingen gamle hemmeligheiter at  var avslørt ...:))
Vel, eigaren sende meldingar at ungane skulle slett ikkje ha tilgang på slikt lesestoff - no skulle desse bøkene brennast ....!!! :)



Her på den gamle låven er det eit hav av gamle ting, og kjempespennande...

.

Gamle stolar og bort, ting og tang - og jammen var det ikkje ei russelue også....:))


Etter eit besøk på låven gjer det ekstra godt med eit bad....



Vel, vi fekk beskjed om å lage bål og det gjorde vi. Andrea passer på at alt brenn :-))



Andrea seier:
Sjå der, no brenn mamma sine gamle bøker...!!
...men du bestemor - eg har lese litt i den eine før ein gang eg....og der var det mange hjerter der....:))


Tru det eller ei - men det vart etter kvart opphald mellom bygene
Ungane kosar seg i fjæra...


Hallo....:))


Klatre tre har vi også...


Ein ettermiddag var vi også ein tur til Staveneset
Ungane leika under dei store steinane i Hollevika, mens eg hadde ein runde med kamera....








Så var det teiner som skulle ut...



Fangsten vart ikkje av den store, berre eit rikt utvalg av karusser i alle fargar og størrelser. Dei vart slept fri og lever forsatt eit godt liv i Stongfjorden.
Derimot fekk vi opp ei teine som hadde sote bom fast siden i sommar.Teina var tom, men på tauet hadde det vokse fram ein heil koloni med blåskjell.


 Spennande !!



Så kom det heldigvis ein dag med sol og fint vær.
Barna vart glade - dei slapp å ha på seg regnbukser...:)
Sola lokka fram minner om glade sommerdagar med lette kleder.
Henrik hadde funne eit lite "lager" på låven.
Sjå ka eg fann - tanta sin fine rosa kjole -  akkurat passe til meg...:-))


Kom igjen doke andre, vi  kler oss  ut....!!


Kjem de ikkje snart...? :-)


Er vi fine; Henrik...?? :-))
Ja, nedanfrå og opp er de kjempekule...



Er du klar bror, til å ta ein tur ut i verden ?? :-)


Kom, vi tar bussen til Askvoll...:))



Trur du Even at vi får vere med bussen ?

E'kje me runde og gode...
Hmm, lurer på om eg skulle hatt med meg niste...?? - eg kjenner eg er blitt litt tom i magen...



Håvar er sikker på at det er ingen busssjofør som vil ha desse rare ungane med seg...


...og bestemora seier at vi er heilt galne...:))



...men eg elskar å kle meg ut...:-)))


Bestemor har lova å bake sjokoladekare, vi spring og ser om den er ferdig...


Nydeleg....


Andrea, du var grådig løyen når du kledde deg ut....:-)


Eg skal aldri kle meg ut...
...men det var kjempekjekt å sjå på doke :))


Kaka var kjempegod....


Tru om eg ikkje må lure meg til eit stykke til - ialefall ein seigemann...:)


Høstferien vart avslutta med ein nydeleg dag - nesten sommar.
Men høst er det, det viser fargane...

Kvelden vart også fin, og alle nyt den vakte solnedgangen...


Ein siste tur på sjøen, og så er det heim og tilbake til skule og vanlege plikter.
I  vinterferien skal treffast igjen, og då skal vi vere her ei heil veke ...
Vi gleder oss....:))


Takk til doke som har titta innom oss og deltatt i leiken....:))

Ha ein fin dag !!


8 kommentarer:

  1. Skikkelig flotte bilder,ser ut som barnebarna dine har hatt ein super høstferie.Kos deg i syden:)

    SvarSlett
  2. Ja, det meste "står på haue" når denne gjengen er samla - eg også :)men vi koser oss og finn på mykje galskap:))
    Ja, vi har det fint her no, sommer og sol og 27 gr. sender litt sol opp over til deg...:)

    SvarSlett
  3. Ja,det hadde vore kjekt om du kunne sende litt sol,her har vore ein skikkelig sur dag i dag,med kraftige haglbyger,men fekk rydda og vaska litt,det einaste ein kan bruke slike dagar til.Men no er det meldt ei veke uten regn frå lørdag av,håper dei ikkje tar feil denna gangen.Fin kveld til dåkke begge:)

    SvarSlett
  4. Ser ut som ein innhaldsrik høstferie. Mange flotte bilder, som vanleg. Den låven såg spennande ut, sikkert artig for ungane å sjå seg om der. Ser av komentarane at du er i varmare strøk. Kos deg.

    SvarSlett
  5. So fine og artige bilder Liv...heldige barnebarna dine som får komme på ein så fin plass og med den spennande låven.... og so ei spennande og opplagde bestemor itilegg :)) Kos deg i varmen,her e da stabilt dårleg.

    SvarSlett
  6. Takker masse for kjekke kommentarar til desse bilda :))
    Vi har det kjekt i desse feriedagane, og ungane set pris på og møtast.
    Ja, no er det eg som har ferie. Er ein liten by som heiter Altea, rett nord om Benidorm. Har hatt fint og varmt vær for det meste, men i kveld er det regn...
    Ein fin kveld til doke! :-))

    SvarSlett
  7. Lillian, kjempekjekt med med hyggeleg tlf. melding frå deg. Kjekt du besøker bloggen min :-))

    SvarSlett
  8. Høstferien var veldig gøy! Håper vi har det like gøy i vinterferien!

    Hilsen Andrea ♥♥

    SvarSlett