torsdag 27. oktober 2011

Del 1 Litt rundt omkring i Castilla - La Mancha regionen.


Høsttur i Spania.

Del 1



Igjen var vi på plass her i Altea.
Det var med stor glede vi landa i Murcia og kjende den varme lufta. Her på kysten av Spania har sommeren og høsten vore ekstra tørr og varm. Dette står i stor kontrast til det våte og vindfulle klimaet vi kom fra.
No skal dei nytast , desse vekene fram over...



Når vi kom ned her, fekk vi endeleg oppleve den sommaren som vi omtrent ikkje har hatt på Vestlandet i år.
Blått hav, sol og varme og i tillegg mange hyggelege mennesker...




Flotte kveldar på terassen og middager og bursdagsfeiring i Villajoyosa...



Men så, tidleg ein morgon pakka vi i bilen og køyrde inn over i landet.
Vi køyrde motorvegen til Alicante, videre tok vi av til Madrid. Ein del av landskapet her er ikkje så fint.tørt og lite vegitasjon. Etter kvart flater landet seg ut, og i dette distriktet ligg dei kjende byane Yecla og Jumilla som er kjent for sine gode vinar...


Etter kvart som vi nermar oss Albacete, er vi inne på dei Spanske høgslettene. Dei er endelause og utrulege...


Her er mykje kornproduksjon, og no er markens grøde hausta. Åkrane er pløygde og klar for neste års avling.


Det er heilt utrulege fargevariasjoner på slettelandet no på høsten...


I den vesle byen Chinchilla de Monte Aragon, har vi eit stopp.
På eit bergfyllt framspring over La Manchas sletter omtrent 12 km sør for Albacete, ligg ruinane av ei borg fra 1400-talet. Den vesle byen  har vokse opp omkring borga.  Den  er i dag litt prega av forfall, men koselig å vandre rundt i, ein kan få følelsen av at tida har stått stille her...




Midt i byen er eit hyggeleg hovudtorg, og denne dagen var det market og stor ståhei...:-)




Her går praten livleg...


Her er inngangen til huleboligane som også finnst på vegen opp til borga. ( den vart ikkje fotografert )



Utsikt over slettelandet.




Så er vi igjen i bilen, og eg må nøye meg med eit bilde i fart...
Her var uendeleg mykje eg kunne tenkt meg å festa på brikka, men denne strekningen fram til Cuenca var det vi kaller ein transportetappe. Då seier sjåføren at det skal vere minst mulig stopp....:-)
...og slik blir det :-(


I Don Quitjotes landskap i hjertet av Castilla - La Manchas slettene kneisa Cuencha på ein einsleg topp...
Her kan du beundre dei fantastiske hengande husa, besøke katedralen eller berre spasere rundt i dei gamle smale gatene..
Klippene er så bratte at byen aldri har trengt noen bymur...


Dette er eit gammalt kloster, men munkane er forlengst borte og i dag framstår det som eit moderne og flott Paradore hotell. Her er tatt vare på gamle veggtepper og andre utsmykkingar frå klostertiden.
Hotellet  ligg flott til på ei høgde og har ei upåklageleg utsikt.



 Her er dei  hengande husa i Cuenca Dei ligg mest som eit ørnereir fram på stupet.
I eit av dette husa er det ein flott restaurant. Dei som har høgdeskrekk, bør be om eit bord lengst inne i rommet...:-)



Paradore hotellet



Fra Cuencas gater...



Mellom  det 12. og 13. århundre vart denne vakre katedralen  i Cuenca bygd.  Den har ein renrssansefasade i lys stein, interiøret i stortsett i gotisk stil.
Det er flott å sitte her på Plaza Mayor og nyte den vakre  bygningen...


Flotte klatreplanter med vakre høstfargar, pynta opp dei bratte klippene


Cuenca.
Den gamle delen - middelalderbyen - klynga seg fast til toppen av to djupe djuv som dannast av elvane Huecar og Jucar.


Litt fra innsiden av hotellet...





Vi hadde ein flott tur på toppen bak byen. utsikta var fantastisk..



Frå den nye og moderne delen av byen


Kveldstemning i Cuenca.







Vi overnatta her i Cuenca - i det vakre paradorehotellet.
Hadde ein fin kveld, og var klar til vidare tur dagen etter.


Kjekt at de titta innom bloggen min og er med på turen...:-)


Ha ein fin dag!!

9 kommentarer:

  1. For eit knippe fantastiske bilder! Hit kunne eg veldig gjerne tenke meg å reise ein dag. De får vise meg på kartet kor det er, så skal eg følge i dykkar fotspor :D

    Line

    SvarSlett
  2. Ja, vi hadde ein utruleg flott tur på det Spanske høglandet !

    SvarSlett
  3. Nydelige bilder.Må vere kjekt å reise rundt å sjå anna enn berre badestrender og parasolla ;) E litt misunnelig her eg sete vasstrukken og forblåst.....:P Kos deg :)

    SvarSlett
  4. Ser ut som dere hadde ein kjempe flott tur.... Er litt misunnleg på dere..

    Siri Kitt

    SvarSlett
  5. Fantastisk flott.
    Dette er nok med på å lade batteria framfor vinteren`s utfordringar.
    Er ikkje "litt" avundsjuk:)

    SvarSlett
  6. Vel tilbake til Altea, har vi no hatt dager med eit voldsomt regnvær og vind. I dag kom sola tilbake og varmen er stabil.
    Denne turen var kjempeflott. La Mancha slettene er enorme og inne i dei små gamle byane var det som å komme til ei anna tid. Som Marit skriv, det er så kjekt å få med seg litt anna en strender og parasoller når ein er i varmare strøk.
    Kjekt med tilbakemeldinger - og ja, reiseruta deler eg gjerne.
    Hopp på eit fly, leigebil er det på flyplassen :-)
    Ha ein fin kveld!!

    SvarSlett
  7. Kjempe fine bilder,Liv.Kjekt å sjå.I dag har sola vore framme her,mildt og fint.Håper det varer lenge.Ha ein forsatt fin ferie:)

    SvarSlett
  8. Veldig fine bilder. Gleder meg til dokke kjem heim! Kor tid kjem dokke heim? Helsing Even

    SvarSlett
  9. Takk for det Aud, og kjekt du har sett innom :)
    I dag har vi gråvær, så det er godt vær å lage blogg i ...:)
    Even, kjekt at du også har vore på besøk her :)
    Vi gledar oss kjempemasse til å treffe igjen deg og brorane dine...
    Vi reiser herfra den 16. nov. Tida går fort, så vi snakkast snart...:-))
    Klem til deg !

    SvarSlett