fredag 17. februar 2012






Januardagar i vær og vind...








Sjølv om Jack ikkje var med på  turer før i slutten av mnd. lar eg han få vere det første bilde i denne bloggen...
Dette er ein Jack Russel rase, og han er ein trufast, kjærleg og rask liten kar.
  Det er kjempeselskap å ha han med seg på tur :-)


1. januar var som dagane hadde vore i jula, ruskete med regn og vind.
Det vart likevel ein snartur i Staveneset.
Kler ein seg etter været, er det godt å komme  ut i den friske sjølufta.
Noke fotolys var det vel ikkje, men tok med eit par bilder tilbake




4. januar
Hadde sett mange bølgebilder fra Kråkeneset i jula, men med slik vindstyrke som det var då, var det ikkje aktuelt å reise opp over.
Denne dagen derimot bestemte vi oss for å ta ein tur...


Var ikkje sikker på om vi hadde valgt rette dag, men det var ganske sterk vind og haglbygene var kraftige.
Dette er fra fjellet mellom Kvalheim og Kråkenes



Utsikta ut over til Kråkenes fortalde oss at bølgene sikkert ikkje var så store denne dagen...


Litt bilder vart det, men heller ikkje lyset var det beste...
Sola forsvant og det var iskaldt...




Haglbygene låg på lur rundt Stadt...


Kråkenes Fyr.


Vi kom oss opp på toppen og ned på den andre sida. Her er det fint å fotografere fra, men det er kaldt...







Kjekt var det, og spennande, så eg gleder meg til ein tur seinare...


Her er vi på tilbaketur over fjellet.



Ein liten snartur ut på Refviksanden vart det også, men lyset minkar så her vart det blåtime...



Ein Stongfjordtur blir det ofte, og denne dagen var det fint å kjøyre ned gjenom Solheimsdalen i nydeleg vintervær...



Ein liten avstikker inn til Oslandsbotnen.
Ein tunn is held på å legge seg på det stille vatnet...





Ein nydeleg vintrdag i vakre Naustedalen...


På veg mot Vona.
Dette var den dagen då eg oppdaga at eg hadde ski i Førde og stavar i Stongfjorden.
Det vart derfor ein tur uten ski...



...i eit nydeleg vinterlandskap...


Har hatt mange skiturer ned denne bakken..


Ein liten tur opp til Espeland...




Flott gamalt hus og nydeleg utsikt...


.
Låve på Fimland.


Igjen ein flott dag på Fimland.
Denne dagen på ski...




Nausta




Ein Stongfjordtur igjen, der snø og haglbyger er på veg inn fjorden...


Mykje vær og vind - i dag reiser eg først i Staveneset. Eg likar godt å gå på tur der ute. Bilen blir parkert  ved helleristningane og fra der og til Holevika og tilbake er ein ok runde...





Denne dagen tar eg ein tur til Grimelia også, og her var det ganske vindfullt og flott.


Bølgene slår høgt opp over heisekranen til Dag og nesten heilt inn på duken til PJ :-)



Bølger fasinerer meg og det gjekk fort noen timer her på berga.


Dagmar har vore på besøk i naustet til Dag...


Den gamle grinda...


Stadion i Naustdal i regn og tåke.


Ein vakker Jølsterdag...
...rundt Jølstravatnet...














...og tilbake til Førde...





Så er det ein tur til Staveneset og Jack er kommen til oss på besøk.
(han valgdte Størdal framfor Egypt som ferieparadis...)




Det er spennande og vere hund her ute :-)
Mykje å sjå og lukte på...


Igjen ein dag med kald austavind




Ein liten fjæretur i nærmiljøet :-)




Merka at det var lett å komme seg ut på tur med ein hund i huset.
Har hatt mange fine turer både langs fjæra og litt opp i høgdene





På ein av våre fjæreturer fann vi denne rarieteten.
Det var skjell som hadde vokse fast på denne blåsa.
Vi hadde ikkje sett denne type skjell før, så vi skjøna at dette måtte vere noke som Dagmar eller andre vindar hadde hatt med seg fra havet.



Andeskjell er navnet, det er eit krepsdyr som fester seg til drivgods, båtar eller som her, ei blåse/ bøye.
Dyret lever i Middelhavet, Atlanterhavet og Nordsjøen




I denne skjella var det ikkje liv, den hadde nok lege ei stund på land.



Svartstilket Andeskjell



Rundt om på Grimelia er det mange små idyller...





Det var ein nydeleg søndag, og sola varma godt der ho fekk tak.




Jack var ein ivrig snørydder



Ein rundtur i Holmedal i sol og litt kald austavind.




Frå Engjabøen i Holmedal





Ein stad ut på kysten..


På tur til Staveneset...


Den siste kvelden i januar var fargerik ...


og i Olav sitt rike var det stille og vakkert...


Set igjen med ein følelse av at januar var ein mnd med mykje gråvær og slik har det vel vore i februar også.
Men ein del fine dagar inn i mellom har vi hatt og dei er kjærkomne og set farge på tilværelsen vår :-)


Takk til alle som igjen har sett inn om bloggen min :-)

Ha ein fin kveld!

10 kommentarer:

  1. Eit galleri med vakre bilder Liv. Her ligg masse arbeid bak ein slik serie med bilder, og ikkje minst etterarbeidet med bilda. Kjekt å sjå frå Vågsøy, Kråkenes og kor trolsk lyset gjer det der vest. Igjen fine bilder Liv, Dåke må ha ei fin helg.

    SvarSlett
  2. Herlige bilder alle sammen Liv,kjekt å sjå.Enig med Steinar ein fantastisk jobb du har gjort.

    SvarSlett
  3. Nydelege bilder.Ja, det er nok meir arbeid med desse enn dei bilda eg sjølv tek. Eg berre knipsar og brukar dei som dei er:-) Ha ei fin helg.

    SvarSlett
  4. Tusen takk tilbake til doke, Steinar, Aud og Ann Tove :-))
    Denne bloggen har blitt min nye form for fotoalbum og dagbok,og eg deler gjerne bilder med doke :-)
    Det er ganske tidkrevende, men kjekt når bilda er på plass.
    No ønsker eg meg fine fotodagar med spennande lys.
    Ha ein fin kveld :-)

    SvarSlett
  5. Flotte bilder.Likte veldig godt dei bilda med Jack.
    Gleder meg til å sjå dei nye bildene du tar.
    Helsing Even!

    SvarSlett
  6. Vakre bilder! Og teksten du skriv saman med bilda forsterkar den fine stemninga:) Mvh Bente

    SvarSlett
  7. Det er veldig fint å sjekke ut din bilder på galleriet ditt Liv!

    SvarSlett
  8. Tusen takk Even, Bente og Leo for kjekkt kommentarer :-)
    Med alt regnet vi har hatt i det siste har det vore lite fototurer, men no vil eg ha vår, sol og fint vær.
    Gleder meg til å komme rundt med kamera igjen.
    Håper de vil sjå innom igjen...
    Ha ein fin kveld :-)

    SvarSlett
  9. Enig med dei andre her , masse flotte bilder, kjekt å sjå innom til deg her, Liv!:))) ....fått deg hund?
    Fin dag til deg!:)

    SvarSlett
  10. Kjekt du ser innom, Janne :-))
    Har ikkje vore så aktiv med kamera i det siste. Blir så lei av desse gråfargane, så no håpar eg på værforandring...
    Nei, hunden hadde eg berre på lån, men det var grådigt kjekt med ein turkammerat. Tålmodig var han også - når eg ville ta bilder...:-)
    Ha ein fin kveld :-)

    SvarSlett