torsdag 5. april 2012




 Bulandet.

2. april. 2012






Bulandet er ein triveleg og vakker plass å besøke
Det er det vestlegaste levande fiskeværet i Norge.
Hekta saman med 6 bruer ligg øyane der som perler på ei snor.
ca. 300 holmar og skjær, små og store. Det bur folk på ca. 15 av dei.




Då vi bestemte oss for å reise ut over, var det ein klar og stille morgon i Stongfjorden.
På ferjeturen ut over forandra været seg til ei hagl og snøbyge som varte heilt til Bulandet.
Men det var nordavind, og når det då lettar blir det flott lys og nydelege fargar.



Det er kjekt å vandre rundt på kaia her å sjå på dei flotte fiskebåtane...



Var innom Jokerbutikken også.
Der hadde det vore full opp-pussing. Lyse og trivelege lokale, god plass mellom  reolane, godt vareutvalg og  flott orden i hyllene.
Ein koseleg prat med Kari Helen ( dagleg leder ) toppa det heile.
Ønsker lykke til med den "nye" butikken - vi kjem igjen...:-)



Måsen slåst med haglbygene ( det gjorde eg og kamera også )

 


Etter kvart letta det opp, og Fedøya var vårt mål for dagen.



Turen ut over her er fasinerende i all slag vær, men kjekt var det at sola kom fram igjen...



Alden i det fjerne.




Så er eg så langt ute som eg kan komme - på Klona...





Fantastisk skue å følge med på bølgene og havet...

 



Sandøya ligg rett fram, men for å komme dit må  ein i båt...





Sjølv om det var iskaldt i vinden, var det ein flott ettermiddag - timane gjekk fort...

 



Fyret på Sandøya.

 

Sola var på hell, og kasta lyset flott over dei kvite skumtoppane.
Vi hadde avtale om kaffi på Værlandet, så turen gjekk tilbake dit.
Til alle på Fedøya som vi også skulle ha besøkt - vi kjem snart igjen...:-))

Til doke som har vore med meg på denne vesle påsketuren her på bloggen - tusen takk for følge...:-))

Ha ei forsatt god påske !!





5 kommentarer:

  1. Takk for fin tur, dette er vel det nærmaste eg kjem Bulandet i påska. Flotte bilder, som vanleg.God påske vidare.

    SvarSlett
  2. Nydelige bilder Liv!:))) Det er flott i så lang vest i havet ;)
    Fortsatt god påske!

    SvarSlett
  3. Vakker,vakkert :) e so fint med alle kontrastane i veir og vind,blir spennande bilder av det. Du e so go på å fange det opp.Har vert på rundtur der ute med båt.Ein sykkeltur der ute har vert på planen kvart år,men har aldri blitt,men ein gong so blir da vel ei rå med da :)

    Ha ein fine kveld :)

    SvarSlett
  4. Takk for alle trivelege kommentarer fra doke, jenter :-))
    Likar meg her ute, og ein dag med slikt varierende vær som her, blir det ofte mange spennande motiv også.
    Ein sykkeltur over bruene er heilt topp det Marit, det bur du prøve :-)

    Ønsker doke ein fin kveld :-)

    SvarSlett