onsdag 29. august 2012

Cap Blanc - Boulogne. Bobiltur 2012. Del 2.









Med bobil i Euopa



Fra Cap Blanc til Boulogne



 

Solnedgang over Den Engelske Kanal
Fotografert fra Bologne
 



Så er vi igjen på motorvegen og vi køyrer Køln - Mons - Lille,
kl. 13.40 køyrde vi over den Belgiske grense.
Det var ein god del regn på turen, men også litt sol.
 Denne dagen var ein rein transportetappe.
Vi køyrde motorveg heile dagen, berre stopp for kvile og matpause, pluss ein lang stopp fordi ein trailer hadde velta og alle dei mange tusen tomflaskene måtte samlast oppatt  :-)
 



Bilder vart det lite av, men her er eitt eg klarte å fange opp i fart...
 
 
Her ved denne bondegården var det motorveg-avkøyring og ein fin plass og stoppe.
 


Flotte kyr - her er bonden på veg og skal ha dei inn i fjøset....-)
 
 
Så ser vi endeleg skilt med navn til kysten.
 Vi har ein liten diskusjon på om vi skal køyre ut til Dunkerque eller til Calais.
Veit ikkje heilt om vi vart einige, men vi kom iallefall heilt ut på kaiområdet i Calais :-)
Vil sei at det var litt flaks at vi ikkje kom over til Dover også :-))
Etter kvart fann vi kystvegen som går langs med havet, og vi såg igjen det nydelege landskapet vi for fire år siden opplevde ein nydeleg sommerdag.
Vi såg toppen av Cap Blanc Nez og det var så fint at eg gløymde å ta bilder...

 

 Så har vi funne ein campingplass som låg fint og skjerma til for vind, omtrent midt i denne kornåkeren :-)
Dette var nok ein av dei gode, gamle slaget. Ikkje noke nytt og moderne sanitæranlegg, men reint og heilt ok. Her var hyggelege folk, det meste gjekk sjølvsagt på fransk. Den lange og spennande samtalen blir det ikkje, men vi klarer oss :-)
Språk er som regel ikkje noke hinder i og reise...
Den vesle landsbyen heitte Eskalles
 


Her var heldigvis plass ( bak låven ) og snart var vi på veg ned over til klippene og havet...

 

Det er ein flott opplevelse og komme ned på strendene å sjå opp på desse utrulege kalkklippene.
Her var det lang fjære og turen ut over er endelaus...

http://nn.wikipedia.org/wiki/Cap_Blanc_Nez
 

Det er populært å fiske - her er fiskaren fornøgd for kvelden

 

Det er fantastisk å gå på desse strendene, men det er ein nødvendigheit og vite når tidevatnet snur,
havet kjem fort inn !
 
 
 

...leiken er over for i dag, kanskje blir det nokon som blir leie seg når dei ikkje finn igjen leikane...

 



 
Leik i bølgene...
 


 
Så er vi oppe på kanten igjen.
 
Det fine med Normandie er at det er tilrettelagt med turstier langs heile kysten.



 
Det var strålande sol då vi kom ut til havet, no er det tydeleg at det er regnvær som er i vente...



Vi hadde likevel ein flott tur langs klippekanten
 


 
Her i dette område veit alle kva som hende under andre verdenskrig, og det er ennå mykje som fortel si tydelege historie...


Kornåkrane er modne og mange stader var det full treskjearbeid på gang
 
 
 


Menneska på stranda blir små under disse mektige klippene !

 

 
 
Veit ikkje kem som bur her...:-)
 
 
 
 
Våkna tidleg opp av duekurring og småfuglar som trippa på biltaket.
 
 

Ortensia- den nydelege blomsten som pynta opp i alle hagar her nede.
 

 
 
Det er morgon, det er grått,  men det er god temp. Vi tar opp igjen turen fra i gårkveld.
Frisk vind  bles den salte havlufta midt i fjeset og får oss våkne.



 
 
Fra desse klippeplatåa er det flott utsikt.
  


 
Gardsbruk



 
 
Her langs klippene kunne vi gå i timesvis....
 
 


 
Wissant er navnet på denne vesle byen.
 



Bunkersen hadde rasa ned i sanden....




...og bunkersen som fortsatt står derpå klippa er ein del av Atlanterhavsvollen tyskarane bygde langs kysten av Europa...

 
 
...her var det berre 100- 200 meter mellom kvar av dei !
 
 

 ...dette er meg...:-)


...og slik vart resultatet av fotograferinga...:-)


Vi tar farvel med campingplassen og det hyggelege vertskapet
Her kan de sjå bilde av staden og beliggenheita for campingplassen.
Eg fekk desverre ikkje bilde i slik fint vær...


http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Escalles01.jpg




vi dreg vidare, same vegen som traktoren - midt igjenom kornåkeren...:-)






Denne staden har eit stort forsvarsverk bygd over eit stort område.
Her er tilrettelagt med gode parkeringsplassar,stiar og informasjon om staden.

http://nn.wikipedia.org/wiki/Cap_Gris_Nez




Vi har vore på desse stadane før, då i nydeleg solskin og blått hav.
I dag var det mest grått, men historia som desse stadane fortel om, visast i all slags vær- gjerne mest i grått !



Her kan ein gå i timesvis og alltid oppdage nye ting...




Vi tar ein liten avstikker ned til havet...

 
Denne plakaten fortel om kor viktig det å følge med tidevatnet.
 

 
 



Det er krigsmuseum mange stadar langs kysten. Dette er blandt dei store, og det er mange besøkande.




Denne dagen var det både vind og kjølig, men naturen er fasinerande likevel.



Det er berre og kle seg godt...



Så har vi gjen tatt ein etappe ned over langs kysten. Regnbyga som vi har venta på heilt siden i gårkveld slær no til for fullt.
Etter litt overtaling klarte eg og lokke sjåføren med meg på tur langs stranda...:-)

 



...og vi får oppleve resultata av kreftene til ver og vind langs strendene.




Steinar, restar av gamle tremoloar, lange sandstrender og  aktivitet i bølgjene !





Vi gjekk langs sandstranda til "endes". Her i Wimereux overnatta vi to netter siste gong vi var her.  Omkring hus og hytter var det båtar og traktorar, og på campingplassen like mange traktorar som bilar og campingvogner...
Traktorane brukast til å sjøsette og trekke opp båtane på dei langgrunne strendene!!





Treverk frå gamle moloar....




...står som statuar ut mot havet.




Surfing, kiting og vindfullt !



... men dette er livet...


 
 
...for dei entusiastiske ungdommane !
 
 
 
Mens surfarane sikkert venta på endå større bølger, venta iallefall eg på lettare vær.
Vi vart våte som kråker, men vi har tørre klær i bilen og god varme, så dette gjekk bra...:-)
 
 

I utkanten av Boulogne fann vi ein flott oppstillingsplass for bobilar.
Nydeleg utsikt der vi kunne sjå  ut over havet, på båttrafkken og moloane i Bologne




Etter litt rydding i bilen og div. var vi igjen klar for tur.
Regnbyga vi hadde hatt tidlegare på dagen hadde letta og det vart ein nydeleg kveld.






...mange fiskarar...




....og sola braut gjennom !




Artig å sjå disse bygningane ved strandaområdet !






...overalt ivrige fiskarar...



...og tolmodige må dei vere...



...graving etter makk...


....og det sosiale er viktig....




....men trur ikkje det vart den store fangsten denne dagen !


etter kvart som sola går lenger ned, blir det eit nydeleg fargespel i den våte sanden.



Fortsatt mange forsvarsanlegg som måtte fotograferast. Dette anlegget gjekk frå ein kraftig molo til toppen av klippa.



imponerande byggverk...



....som vind og vær slit ned...




Vi gjekk opp denne trappa og igjenom dette gamle festningsverket.
Må tilstå at eg hadde ein ekkel følelse med tanke på historia som hadde utspelt seg her.



Vi kom oss heilt på toppen og her ser vi den lange festningsmuren som gjekk ut i havet.
Bilde er tatt i motlys, så det er vanskeleg å få med alle detaljer som ligg i fjæra...




Ein halv million mann sleit under krigen med å bygge Atlanterhavsvollen- eit belte av festningverk langs kystane frå Nordkapp til Biscaya.
Tusenvis av bunkarar og kanoner skulle halde dei allierte borte frå det europeiske kontinentet.





Kveldslyset blei nydeleg...



...og på toppen var det flott utsikt til dei nærliggande byane.




Vi gjekk over klippene tilbake til bilen, vel fornøgde med dagens to mosjonsturer - den eine i regn og vind og den andre i nydeleg solnedgang.


 
 
 Vi hadde ei flott utsikt  over Boulogne denne kvelden.
Boulogne er Frankrikes mest historiske kanalhavn og sentrum er i gamlebyen på toppen.
Denne gangen vart det ikkje besøk der for
planen vår var å køyre vidare neste morgon. Vi skulle gjerne vore her lenger, men vi har ein plan over turen og skal vi rekke over alt, må vi forflytte oss litt kvar dag.
 
 
 
Takk igjen til doke som er med på turen - det er så kjekt med selskap :-)
 
 
 
Ha ein fin kveld!
 

4 kommentarer:

  1. Guri malla Liv,eg blei heilt facinert over bildene dine,kjempe flotte,artig å sjå klippene og strendene.Takk for turen:)

    SvarSlett
  2. Takk for denne delen også. Så mange flotte bilder. Det ser veldig flott ut langs kysten der. Har ikke vært der noen gang.Bra at du forteller litt ved bildene også. Vi vanlige trenger litt gjenoppfriskning av historiekunnskapene og ikke minst geografien. Gleder meg til neste del. Ha en god aften

    SvarSlett
  3. Takk for at eg har fått delt bilder og tur med doke Aud og Berit :-))
    Dette var ein fin tur som kan anbefalast.
    Klippene ned over kan vere like frå stad til stad, men det er så flott og oppleve atmosfæren, folk og natur på desse stadane.
    Eg elskar havet, strendene, måseskrik og den gode havlufta, og blir aldri lei av dette :-))
    Stor takk for alle tilbakemeldinger på Fb. også - kjekt :-)

    Ha ein fin dag !

    SvarSlett
  4. Takk for ei fin reise Liv og Atle gjennom Normanndie. Det er som du seier Liv at det å få oppleve havet, strendene, atmosfæren, ei og anna havfrue som dukkar opp, måsen som heile tida er i lufta og skrik og ser etter mat. Milevis med strender, og so stoppe opp litt og tenkje på kva som føregikk på desse strendene under 2 verdenskrig. Artigt å sjå kor mange casting fiskarar som er på strendene der nede, såg dei hadde greip med seg og spadde etter fjæremark som dei brukte til agn. Gleder meg til del 3 i morgon.

    SvarSlett