søndag 26. august 2012

Norge - Tyskland. Bobiltur 2012. Del. 1






 
Med bobil i Europa



Fra Norge til Tyskland


Etter ein flott tur til Kroatia tidlegare i sommer, var reiselysta framleis på topp.
Campingbilen står her og berre ropar etter å komme på vegen, og vi som likar best å vere på farten var igjen klar for tur.
Denne gangen var vi litt i tvil om vi skulle velge Lofoten eller ta vegen sørover.
Siden sommeren hadde vore sparsom med varme, valgte vi  å sette kursen sørover.
Frankrike og Italia er land vi har køyrt mykje i for ein del år tilbake og ein del stader har eg alltid hatt lyst til å komme tilbake til.


 

Normandiekysten er ein av dei....
Men før vi kjem så langt, har vi mange mil  framfor oss.


Etter ein forrykande konsert på Koengen med Bruce, var vi  morgonen etter klar til å starte opp campingbilen på vår tur sørover.
Starta fra Askøy i ein stille overskya morgon med 15 gr.
GPS'en vart sett på retning Stavanger og vi tenkjer oss å ta kysten nedover.
Det vart etter kvart nydeleg vær med sol og varme, passe trafikk og klaff med ferjer.
Det var berre å nyte den fine naturen ...
 Dette er ein strekning vi har køyrt ein del ganger og Jærkysten er nydeleg med mange
fine fotmotiv, men dei vart ikkje fanga opp denne gangen...
Ved Orre køyrde vi ut til havet og stranda, og følgde kystvegen vidare heilt til Flekkefjord
Noen få bilder vart det...:-)




Orre friluftshus


Orrestranda


 
 
Det er blått hav og frisk vind
Lurer på om det nokon gang er stille her...

 
  
 
  

Frå den vakre Jærkysten med alle sine steinar og vakre naust
Hadde noen småpauser, men elles gjekk det ganske fort ned over.


Etter at vi har passert vakre Brusand, blir naturen meir kupert og desse polerte berga er det mange av i dette området.



.. dette er fra Åna - Sira...



Så er vi framme i Flekkefjord, der Målfrid og Tor venta på oss.
Hadde ein flott kveld, god mat med tilbehør, mimring om vår felles tur til Kroatia - og forventningar til føreståande turar.

 


Fekk tid til ein flott runde i Flekkefjords gamle bydel.
Hyggelege folk opna dørene for oss så vi fekk tatt ein titt inn i gamle godt bevarte og restaurerte  hus.
 



Så må vi igjen sette oss i bilen og køyre videre mot Kristiansand
 Denne tok vi med fra hagen doka, Målfrid og Tor.
Tusen takk for eit hyggeleg opphald :-)



 
Nydeleg kveld då vi reiser ut fra Kristiansand med ferja til Danmark.

 
 
Sola går snart i havet...! Frå ferja mellom Kr.sand og Hirtshals.
 
 


Ein nydeleg morgon.
Dei første morgontimane er alltid flott å få med seg.
Det er lite trafikk og morgonlyset er fantastisk.
 
Vi starta frå Hirtshals kl. 5.45 med retning Skagen !





....morgonstillhet...

 


Morgontåka ligg ennå som eit teppe over markene og det er berre 8 gr.
 

 
 
...ein fantastisk morgon denne turen mot Skagen, aleine på vegen...
 


...til og med vindmøllene hadde pause...
 


Vi kom til Skagen kl 7.45 og parkerte på ein flott tilrettelagt parkeringsplass heilt på stranda.
Skagen parkering - Grenen. Det var nok hit vi skulle køyrt i gårkveld, men no veit vi det til ein annan gang.

 


Gammalt restaurert vedfyrt fyr på Skagen. Utrulege historier dei har disse gamle fyrtårna.

 

 
Vi hadde ein flott tur langs stranda med sol fra skyfri himmel.... 



 
 
....og nesten heilt aleine...
 
 



 
Heilt på ytterste punktet på Skagen var vi.
 






 
 
Det var ikkje mange som var på stranda ennå, men på havet var det trafikk !
 



...nesten uendelege strender...
 


 
 
måsane skremde vi opp..




Kl. 9 var vi tilbake i bilen, laga frukost og etterkvart var vi klar til å forsette sørover.





 
Vi køyrer tilbake retning Hirtshals og tar inn på motorveg ved Hjørring mot Ålborg. Herfra køyrer vi mot Thisted.
Desse bildene ned over har eg tatt fra bilen i fart. Mykje hus og kornåkrer, men det er slik landskapet er -  sett fra passasjersetet i ein campingbil :-)








 
Her er også ein stor vindmøllepark




 
Her ved Limfjorden 3 mil fra Thisted, stoppa vi og hadde pause.


 
Eit nydeleg våtmarksområde


Her ligg også Nordeuropas største fuglebeskyttelsesområde med eit
 yrande fugleliv og...
 

 
... kanalar...

 
..og spesielle "hus" med tak av halm !





Fine og fargerike var dei, men sikkert ikkje noke å ta med heim i hagen...
Etter ein pause her tar vi av til Holstebro, men før vi kjem så langt køyrer vi ut mot Lemvig.
 

 
Ei av dei mange karakteristiske kyrkjene i Danmark
 
 
 
Velstelte gardsbruk

 


..fine grender..

 
...kornåkrar..
 

 

 
....enorme fjøs..


 
.....beitedyr..


 
 
.einsleg traktor....





.... fine enger...

 

...og flotte store gardsbruk...
 


...som produserer mat til oss...


 
 
....og straum til fellesskapet....



...det må vist mengder med kunstgjødsel til.




...ut mot havet...
 
 






......er mange fine motiv på turen sørover langs vestkysten av Danmark....
 
 


 
Maisåkrer
 

 
Desse vikingane kjem frå Fyrkat Vikinggård og Vikingborg som er bygd opp på det som antas å vere eit strategisk viktig punkt ved Harald Blåtan's samling av Danmark til eit rike.


 
 Gravhaugar ved same stad...
 




 
Dei lange flotte strendene ligg bak desse sandvollane
 

 
På andre sida av vegen er det enger og flott jordbruksområde



Har stopp bak strandvollen. På veg mot Hvide Sande.



Thorsminde der det var ein festdag med mykje folk og stor aktivitet!




...måtte ta bilder av disse flotte bygningane vi køyrde forbi...


 

 
Strandgården museum



 
..Igjen eit stopp på stranda




 
Kart over området vi reiste i.
 


Dei er flotte desse husa med dei særegne halmtaka

 


 
 
Vi paserer Hvide Sande (navnet er finare en byen).
Vi køyrer no inn mot Varde og vidare til Esbjerg - Ribe og over til Haderslev.
Vi har hatt ein nydeleg tur igjenom Danmark. Det er lenge siden vi har køyrt denne vegen, vanlegvis går ruta igjenom Ålborg - Århus og til Kolding.
Ein kjekk forandring var det.
 
Så er vi over grensa til Tyskland før vi veit ordet av det. Det er slutt med grensestasjoner, passkontroll og opp med ny lommebok med nye pengesorter kvar gang vi skulle inn i eit nytt land..:-)
Trur vi hadde opp til 10 forskjellege lommebøker i tidlegare tider..
 
Så kjem det skilt tilsyne med navnet Schleswig på. Vi tar av her og peilar oss inn til Schleswiger Stadthafen. Her venta Arne og Solveig på oss og vi var heldige og fekk den siste ledige plassen på bobilparkeringa(stellplatz) ved havna.
 
 

 
Med seglbåter på sjøen og campingbiler på kaia fekk vi ein triveleg kveld ilag med gode venner.
Hadde middag i byen og planla turen videre...




For meg som likar å stå opp ilag med sola, fekk eg ein nydeleg morgontur langs kaia 
 


 
Det var mange vegar og turar å velge mellom, men for at eg ikkje skulle gå meg heilt bort...

 


...vart valget ein tur inn i den gamle bydelen Holmen
 
 
 
 
Holmen er ein av dei eldste bydelen i Schleswig
fiskerhusa ligg tett omkring...
 
 

 
 
...kirkegården med det gamle kapellet fra 1876.
Omkransa av lindetrer, roser og halvdører, gjev det eit romantisk og idyllisk bilde...
 
 

 
hagane ligg heilt i sjøen...
 

 
det var ein herleg morgontur i dette fullkomne rolege og vakre området med lukt av nytrakt kaffi sivande ut gjennom opne vindu... 
 



Så er eg tilbake til bilen der resten av følge også byr på nytrekt kaffi...:-)
 

 

 
Planen vår var å tilbringe førmiddagen i denne vakre byen.
Slik vart det ikkje. Før vi var ferdige med frukosten, opna himmelens sluser seg.
Det regna trollkjerringar, og ingen vart freista til ein bytur.
Vi har hatt eit fint, men kort opphald her.


Her var reine og fine toalett og sanitærforhold, gratis wi -fi og rundstk til frukost.
 
 




Ved 13 tida var turen igang igjen, denne gangen med 3 bilar i følge.
Bjørn og Inger fra Måløy var også på reise
 
 


 
Det var tett regn og tåke, så turen mot Hamburg går uten nemneverdig fotografering
 




Det var tett trafikk og mykje kødannelser heile dagen + regn, tåke og dårleg sikt.
derfor tok etappen til Hamburg lenger tid en det vi hadde planlagt.
Vi kom oss igjenom Elbtunellen etter kvart og turen går vidare i retning Hannover og  
 
 



 
...med overnatting i vakre Celle
 
 
Her var det  bobilparkering  med 10 min. gange til sentrum.
Stor plass men ingen faseliteter.
 
 


 
Litt opplysninger om byen finn du under denne linken.
vi var heldige og kom midt oppi vinfesten

 
 
sykkelritt var her også....-)
 
 



 
 
Flott musikk og fantastisk stemning
 
 





Så er det igjen ein ny dag.
Regnværet fra i går hadde ikkje slept taket ( men gårkvelden var fin ) ein morgontur vart det likevel. Det var stille, mildt og fint.
 
 



 
 
Hadde ein tur ned i byen også. Her var alt rydda vekk og det var ingen ting som fotalde om at her hadde vore langbord og stor ståhei kvelden før...
 
 



Det er ein heilt spesiell stemning i desse tyske småbyane.
Nydelege bindingsverkhus med flotte utsmykkingar
 
 





 
Celle Castel


 
Og mens fuglane søker ly under trea og gøymer seg for ei kraftig regnbyge, sprang vi med nystekt brø under armen og hadde deretter frukost i bilen.
 
 
 
Så er vi på hjul igjen og turen går  videre via Hannover - Hameln - Paderborn -Meschede
 I dag er det søndag og derfor ingen (eller få) trailere på vegen.
 
 
 
Etter å ha pasert Hannover hadde vi  eit langt stopp i Hamlen
 
 

...og der fann vi han, rottefangaren...:)
Fin var han også
 




 
Hamlen var ein nydeleg by
 
 
Bli med på ein tur igjenom byen...
Været er fint, lettskya og varmt, så berre kos deg...:-)





 
 
Her stoppar vi og høyrer på denne karen spele Emazing Grace på trompet - nydeleg !
 
 





Marktkirche St. Nicolai, Hamlen
 
 




 
Her handler vi litt - kart,
bøker og div.
 
 


 
og så må vi ha lunch før vi reiser videre...



 
...livet er eigentleg heilt topp og vi nyt atmosfæren i desse passe store byane...


 
 
Rotter var her sjølvsagt mange av - over alt, denne låg på gata...
 

Med denne blomsten takker vi for oss til denne sjarmerende byen og ønsker at vi gjerne ein gang kan komme tilbake...
 




 
Vi hadde ein fin tur videre - på små og store vegar - i godt køyrevær.
På denne strekninga hadde vi alle litt feilkøyring, men det gjekk greit.
Tenkjer at då fekk vi sjå noke som vi eigentleg ikkje skulle sett...:-)
 
 



 

 
...som i dette vegkrysset, der vi måtte snu og køyre tilbake der vi kom fra ( ikkje langt ) :-)


Well, GPS'en tok oss over åsar, gjennom små landsbyer ....
 
 


 
...forbi kyrkjer ...

 
 
...gjennom skogar og tilslutt til Knaus Campingpark, Hennesee.
Plassen hadde vi funne i campingplassboka, men trur ikke det stod noke om at den var avsides og låg inne i ein skog...:-)
Det er ikkje så farleg, vi skal vidare i morgon, og samla vart vi alle 3 bilane...
 
 

 
 
Vist var her fint...
 


 
Etter ein liten spasertur kom vi fram til eit stort fint gardsbruk - trur dei dreiv med griser...
 
 


 
Eit nydeleg vatn var her også.
 Dette var foresten drikkevanskilda som forsynte eit stort destrikt med drikkevatn
Det vart ein fin og koseleg kveld i nydeleg vær.
 
 



Så er det ein ny dag - mandag.
No er det slik at i dette reisefølge har vi to mål.
Arne og co. skal til Rudesheim og Atle og eg til Normandie.
Tanken var å køyre ilag til Rudesheim, men vi ser no at for oss vil det vere ein fordel å sette kursen mot Frankrike i dag.
Vi skilte lag her, og vi dreg no mot Belgia, og etterkvart Frankrike
Dei andre mot Rudesheim og Rhindalen der festivalen "Rhinen i flammer" skal føregå. 
 
Så takk for turen så langt - alltid kjekt å reise med doke ;-)
Vi møtest gjerne igjen på turen...

 
Det var gråvær med regn i lufta og den første timen gjekk med til å komme ut av den labyrinten vi kom inn i i gårkveld - men vi fekk sjå mykje...:-))
 
 





 
Så er vi endeleg på motorvegen igjen, og desse skilta leda oss trygt og sikkert igjenom byer og land..
Her tar eg ein pause, men kjem igjen med mange bilder fra resten av turen som tok 3 veker.
 
 
Takk til alle som er innom.
Om de synest det er mange bilder av nesten same slag, er det berre fordi eg ikkje klarer og besteme meg for kva for eit eg skal velge. Då tar eg like godt alle i hop :-)
 
Ha ein strålande kveld.
 
Ein spesiell helsing til to kjekke gutar frå Belgia som var på sykkeltur på Vestlandet.
Dei låg i telt i hagen vår i Størdal og vi hadde frukost og ein hyggeleg prat ilag før dei drog vidare.













14 kommentarer:

  1. Her var det veldig mykje flotte bilder. Må nok ein tur til innom for å fordøye dei og turen litt betre....;-)

    SvarSlett
  2. Takk for det, Gustav :-)
    Vi hadde ein nydeleg dag igjenom Danmark, og Tyskland med sine små og store byar er det kjekt å reise i.
    Det som toppa turen er opphaldet i Normandie og turane over klippene, det er fantastisk.
    Eg har mange bilder, så eg må dele dei inn i fleire avdelingar :-)
    Du er velkommen tilbake og tusen takk for besøket :-)
    Kjekt du deler !

    SvarSlett
  3. Så mange flotte bilder. Det ser ut som det var en flott tur så langt.Skjønner godt det der med å velge bilder. Det er alltid vanskelig.Moro å følge deg på starten av turen og følger gjerne med på resten senere.

    SvarSlett
  4. Ja,her var det jammen masse fint.Blir heilt imponert...Kjekt å sjå bilder fra Skagen,der har eg vert eit par ganger,nydeleg :) Danmark e eit fint land å reise i,fantastiske strender og koselege småbyar,også desse husa med stråtaka.Folka e koselege og,ser so avslappa ut ;))

    SvarSlett
  5. Takk for turen så langt,Liv:)flotte bilder,skal være med deg vidare:)

    SvarSlett
  6. Som vanleg er det mange flotte bilder med god informasjon til. Fortsett å kjøyr. Eg vert med som nissen på lasset:)

    SvarSlett
  7. Takk til doke alle fordi de har vore med på tur - blir glad for det:-)
    Skulle gjerne hatt doke med på "skikkeleg", de skjønar at det av og til kan bli litt kjedeleg med berre Atle'n og meg :-))
    Kjekt Arild at du deler bloggen min på Origo :-)
    Alle er velkomne innom - kjem til å legge ut bilder fra heile runden vår etterkvart...:-)
    Ønsker alle ein fin dag !

    SvarSlett
  8. Vi skulle gjerne ha vært med..DERE KJENNER OSS Lillian

    SvarSlett
  9. Hi there, і rеаd your blog from time to
    time and i own а ѕimilar οne and i was just wondeгing if yοu get a lοt of ѕpam responses?
    Ӏf so how do you prevent іt, any ρlugin or аnything
    you can suggеst? ӏ get so much lately it's driving me insane so any assistance is very much appreciated.

    Also visit my web site: Arjun Kanuri

    SvarSlett
  10. Hei
    Har lest deler av din blogg og sett mange flotte bilder. Det virker som vi har litt lik smak av motiv og stoppesteder, derfor lurte jeg på om dere kanskje har vært østover i Tyskland. Er det noe kjekt å se der? Takk for titten på alle de flotte bildene. mvh Mai

    SvarSlett
  11. Ρrеtty greаt ρoѕt. I simplу stumbled
    upon your weblog аnd wished to mеntion thаt I have reаllу loved browѕіng your weblоg postѕ.

    Αfter all I will bе subscrіbing on youг feed аnd Ι am hoping уоu
    write once morе soon!

    my wеbsite ... lloyd irvin

    SvarSlett
  12. Flott innlegg og nydelige bilder, både landskap og små detaljer :) Vi skal nedover til Tyskland (nord-nordøst) og lurte på om noen har tips til plasser å stå med bobil og ting vi bør oppleve? Alt mottas med takk. vh Mai

    SvarSlett
  13. Τhanks for yоur marvеlouѕ posting!
    I certainly enjoyed геading it, you may be a great authoг.

    I ωill make certаin to bookmаrk yοur blog and will
    often come baсk at ѕome point. I want to еncouгage one to continue your
    great writing, haνe a nіce day!

    my web pagе - reputation management

    SvarSlett
  14. Tusen takk til alle for hyggelege tilbakemeldinger :-)
    Kjempekjekt at bloggen min når ut til så mange og at den er til inspirasjon og glede.
    Har hatt ein liten pause i blogging, men vil snart komme tilbake med nye bilder...:-)

    Mai, vi har ikkje erfaring fra øst Tyskland, men når det gjeld overnatting vil eg anbefale boka om Stellplatzfuhrer Deutschland - Europa. Vi bruker oftast stellplasser istaden for camping.
    God tur og god sommer til alle :-))

    SvarSlett