lørdag 2. mars 2013

Februardagar i Stongfjorden - Naustdal.









Februardagar i Stongfjorden og Naustdal.



 Klikk gjerne på bildene for å få dei skarpare og større !


 

Ut mot havet...
 
 Etter at vi kom igjen frå Spania, har vi hatt eit nydeleg vær.
Det har for det meste vore klart, kaldt og heilt stille.
Fargane her på kysten har vore så fantastiske at eg må berre ut å nyte ...
Derfor har det blitt mange turar rundt omkring både på dagtid og kveld.
 
  
Desse tre bilda er fra Grimelia i Askvoll kommune

 
Her ute på kysten er det nesten ikkje snø ...
 


 ...men i Naustdal og på veg til Vona var det snø og nydeleg vinterstemning.
 


Flotte oppkøyrde løyper og perfekt føre.

 
Heilt fantastisk å gå inn over her.
Vonamarka og fjella rundt er eit eventyrleg område som eg set stor pris på.
 


 
Brua som går over til Nesstølen.


Bilder frå Kalland i Naustdal...


 
 
Frå ein skitur i Førdeområdet - utsikt mot Heilefjellet og Førdefjorden.


Plastpose på avveie...
 

 
Fra ein skitur i Sundsdalen.
 
 
Fra Ringstad i Askvoll.
 
 
Fra Grimelia igjen - gammal steingard...


...og fra Staveneset.
 Denne dagen såg ut til å bli klar og fin...

 
...men det kom grå og tunge skyer inn fra havet...
 


 ...og med litt lys  igjennom skylaget, vart det ein kveld med flotte fargekombinasjoner.
 

Med Jack på tur på Kyllaren i Askvoll
 



 
Tidleg morgonlys i Solheimsdalen
 

 
...og eit fantastisk kveldslys i Staveneset...
 
 
Kveld.
 Utsikt til Størdal og Stongfjorden.
 
 
 
No skal vi på tur, Jack - høgt opp til Høgeheia med start frå Holevika ytterst på Stavenesodden  ...
Det er ikkje ofte vi ser Stavfjorden så stille som her.
 

 
 ...kjem doke snart ..?
 

 
Her er utsikt både over hav og fjell.
Det er det som er så fint med fjellturar her ute på kysten.
I horisonten (over båten) ser vi oljeplattforma på Gjøafeltet som blei sett i produksjon 7. nov 2010  kl. 15.24....
 I forgrunnen Smelværet. Det er mange padlar mellom Staveneset, Heggøyna og Storøyna (Smelværet)!
 

Sola varmar godt, så vi må av med klede...

 
...mor og son i fint driv...
 

 
 
....men Håvard meinar at mamma må slutte å bruke elektroniske apparat ute i denne flotte naturen...:-)
 

 
 Smågodt - ja, det har vi med oss...:-)
 


Så er vi nesten framme ved varden...
 


...og Håvard vart først...
 
 
 Utsikta er upåklageleg...
 


 Alden, Værlandet og Bulandet lengst ute


 
Sørover mot Granesundet; Askvoll og Atløy.
 
 
 ...og vakre Stongfjorden...med Størdal midt i bildet...
 


Line og Håvard.
 

 
Håvard skuar mot Svanøy og Stavang.
 

 
... og etter god niste og smågodt for store og små, er vi klar for returen!
 

 
....og etterpå måtte vi ha med oss bilde av solnedgongen, teke frå Størdal !!
 
 
Vi har ikkje så mykje sol i Størdal på denne tid av året.
Noen timar på ettermiddagen får vi, og ein fantastisk solnedgang... 
 

Dagen etter vart like strålande, og igjen pakka vi sekken og drog på Yndestadfjellet.
...no var også Andrea på plass saman med oss !
 

 
...ho måtte ha ein kvil på minste benken i bakken...
  
 
...men Jack (med gipsa bein) var utolmodig....
 

 
....så vi måtte vidare...
 

 
......skaren var god å gå på...
 

 
...og ein av toppane var nådd..!
 

 
Her skuar eg utover det blikkstille havet, og nyter den fantastiske utsikta !
 

 
Nistepakka måtte fram idag og; skiver med brunost, kvitost og nugatti....og varm kakao !
 
 
Lengst ute til høgre ligg Kinn og Ytterøyane.
 


.....og så er det full fart nedover att....Andrea..
 

.....Håvard.... 
 

 
....og ikkje minst eg som...
 
 
 
...kosa meg kjempemasse - dette var jo kjekkare en å renne på ski...
 

 
Til slutt Line og Jack i flott driv...!
  

 
Etter på hadde Andrea komiteater,
...som vi alle fekk latterkrampe av...!! 
 
 
Det hadde vore ein fantastisk dag, og om kvelden låg fjorden like blank som kvelden før. 
  
 
25.februar måtte vi på tur att, været var fortsatt fint, litt meir trekk i lufta.
 
 
Disse tre bilda er fra Krikavatna, der isen fekk ein flott blåfarge i sollyset.
 
 
Mildværet forrige veke tinte opp snø og is som la seg over den gamle isen og fraus til att, derfor denne flotte fargen.
 
 
Målet denne dagen er Toreheia (717 moh) som ligg mellom Yndestad og Osland. 
 
 
Frå toppen er det fantastisk utsyn i alle himmelretningar !
 
 
..mot Kinn, Tansøy og Askrova... og holmar og skjer..!
 


 
Stongfjorden på sitt blankaste; Stafsnes, Størdal, Eidsfjorden og Follevåg på sørsida...
 

 
....og litt av solsida....
 

 
Østover mot toppane i Heilefjellet...
 

 
....vestover mot Alden og Stavenesodden....
 

 
...og litt nordvest mot øyane Kinn, Reksten, Skorpa, Hovden...  
 

 
...og i sør høgste fjelltoppen i regionen; Moldura (840 moh) mellom Holmedal og Stongfjorden.
 

 
Ørnene hadde god oppdrift over landskapet....
 


 
...og store og fine som dei er der dei siglar over oss.
   Det var seks stykker av dei ! 
 Berre synd at vi ikkje har objektiv som kunne gje oss eit klart og godt bilde.

Vi har hatt 3 flotte turar i Stongfjordfjella, og eg håpar på mange fleire fram over...


For å få ein flott avslutning på dagen, vart det ein tur til
 Staveneset denne kvelden også....
 
 
Etter sola går ned bak Alden, blir det alltid fantastiske fargespel....
 

 
...slik også denne kvelden med stor fjøre og glitrande tare !
 
 
 Alden i kveldslys.

Så går vi over i ein ny mnd. og forhåpentlegvis vil det første vårtegnet snart vise seg.
Gleder meg til ei flott årstid...:-)


Takk for besøket på bloggen



Ha ein fin dag !


 
 


15 kommentarer:

  1. Denne helga kjem eg aldri til å gløyme! Fantastisk turfølge, fantastisk natur, og masse latter og glede! Og bildene er utrulig flotte!

    SvarSlett
  2. Ja her var det mange flotte bilder! :-) Så kjekt ut :-)

    SvarSlett
  3. Ja her var masse fine bilder Liv og Atle, både frå kysten og inne i fjorden.

    SvarSlett
  4. Så mange flotte bilder fra naturen der ute ved havet. Savner å se den flotte naturen der ute. Må nok prøve å ta en tur snart. Du er en dyktig fotograf Liv og masse flott natur rundt deg som du kan vise oss alle. Fantastisk utsikt fra fjellene. Takk for at du deler.

    SvarSlett
  5. Kjempefine bilete av flott natur!

    SvarSlett
  6. Mange vakre bilder. Jeg liker best dem som enten har ei spenning i seg,( godt eks er bildet etter det med de svarte skyene, der vi ser noen gule gjenspeilinger i sjøen, det er nerkverdig og litt skummelt,) også de som har et 'blikkfang', en nær detalj som bryter opp den store idyllen. Idyller så vakre, men faren er at man ikke virkelig ser etter noe annet enn idyllen. Du er kjempeflink til å ta bilder, altså! mvh Sis

    SvarSlett
  7. Nydelege bilder som viser kor fantastisk flott vi har det her ute med kysten!Finaste plassen :) Nydeleg inni lande og med snø og skiføre,hadde vert kjekt å prøvd ein tur,men det blir som oftast berre med tanken. Det enklaste og mest avkoblande er å bruke det vi har rundt oss ....

    God søndag til dåke :))

    SvarSlett
  8. Fin oppleving å vere med på desse ekstra fine fototurane for oss som ikkje ferdast så mykje som deg Liv og Atle.

    SvarSlett
  9. For en nydelig tur rundomkring!

    SvarSlett
  10. Det gleder meg at at eg har fått vist fram bilder av vår vakre Sunnfjordnatur til så mange :-)
    Tusen takk for alle tilbakemeldingar her på bloggen, på facebook og kjekke tilbakemeldingar på mail.
    Set også stor pris på at bloggen min blir delt av andre.
    Ser fram til ein ny månad med fotografering og blogging...:-)

    Takk for besøket - ha ein fin dag !

    SvarSlett
  11. Takk for det, SB :-)
    God påske til deg :-)

    SvarSlett
  12. Utrolig flotte bilder fra en vakker natur :-) Kommer til å følge med deg! Ta gjerne en kikk innom bloggen min også :-)

    SvarSlett
  13. Kjekt at du har besøkt bloggen min, Laila Anita :-)
    Synest dette er ein fin måte å samle bilder fra turer og bilder fra nærområdet på.
    Vil gjerne følge deg også :-)
    Ha ein fin kveld !

    SvarSlett
  14. Fantastiske bilder, som viser den flotte kystnaturen vår.

    SvarSlett