onsdag 4. september 2013

Irland - Dinglehalvøya og Ring of Karry.

 
 
 
 
 


Irland
Den grøne øya.

Del 2

Klikk på bilda for å få dei større 









Vi hadde ein fantastisk kveld på Bunratty Castle...

 
 ..og etter at Brendan hadde henta oss med bussen og levert oss på hotellet, sat  tonane...


...av fantastisk middelaldermusikk ennå i øyrene.


Spesiellt felespelaren gjorde eit sterkt inntrykk...


...og folk vart heilt trollbundne av tonane hans.

Vel, dette var eit lite tilbakeblikk på kvelden før
 

 
No har vi våkna til ein ny dag og igjen blir det ein tur ut i den nydelege seinsommarmorgonen før frukost.
Nokre få bilder fekk eg med meg på brikka :-)
Å vere bussturist er travelt det, men eg har stor sans for å komme tidleg igang med dagen...:-)
 


 
Motiver fra Limerick
 




 
 St. Mary's Cathedral
 
 
Desse bildene over her var frå Limerick
 


Adare

Vi hadde eit lite stopp i denne vesle sjarmerande byen.
Her var ein flott park, hus med seregne tak og ei fantastisk gammal borg langs elva.
Ved å klikke på denne lenka, vil de få sjå bilder av dette + litt historikk.


 

 
Nydelege blomsterbedd var her også
 


Denne dagen (dag nr 4 på turen ) køyrer vi vestover gjennom grevskapet Limerick og Kerry til Dinglehalvøya.
Det består av høge fjell og djupe dalar i mjukt bølgande former som ofte er kvitprikkete av sauer som beiter roleg i skråningar i eit landskap som stadigt er i endring.
 






Her i denne vakre byen hadde vi ein liten butikkrunde.
Det er alltid noen som har gløymt å tatt med seg noke på turen -  som ein absolutt skulle hatt :-)
Kan nemne slikt som ladeledninger, batteri og overføringskabler
Adaptere var også ein nødvendigheit her borte om ein hadde  noke som måtte ladast opp.
Nokre hotell hadde til utlån men ikkje alle.
 


 

Vi er no kommen ut til kysten og begynner rundturen rundt Dingelhalvøya.
 


Dette var eit fantastisk landskap, og vi skjønar etterkvart kvifor Irland blir kalt for den grøne øy.
 


 
 
Ser av bildene mine at på dei fleste er der eit gjerde.
Det er fordi det langs alle vegar var gjrder - eg kom nesten aldri over denne garden på denne turen...:-)
 


 
Her var berre vakkert
 

 
....kyr med kvitt magebelte .....
 

 
Desse kyrene var heilt spesielle med den kvite breie stripa over magen.
Det var berre nokre få besetningar av disse skjeldne kyrene på Irland.
 
 
  
Vi følgde sørkysten på eit av Europas vestlegaste utposter og nyt naturens sjenerøse scenografi.
 

 
 Kosar seg
 

 
Øyar, holmar og skjer utanfor kysten.
 


  
Her i dette området - på The Blacket Centre hadde vi lunsj. Det var eit nydeleg område...
 





Fra denne staden kunne vi sjå over til Blasketøyane som var bebodd fram til 1953
 
 

 
Ein av disse spesielle fiskebåtane som blei brukt tidlegare.
 


 
Her er rett og slett vakkert !!
 




 

 
Tusen takk for ein flott tur ilag med doke over her...:-)
 




Sør for Dinglehalvøya står Irlands høgste toppar på Iveraghalvøya som vi kan sjå i det fjerne
http://no.wikipedia.org/wiki/Iveragh
 



 Her på denne fantastiske utkikksposten sat ei dame og spelte flott sekkepipemusikk til oss
 

 
Sjåføren Brendan gir drinks....
 

 
...og fortalte kor reisefølget kom frå.
 

 
Tusen takk seier dama - og eg skulle gjerne ha vore her lenger...
 


Så går ferda vidare og vi drar mot byen Dingle.
 

 
 Dingle
 


 
 
Det var ein nydeleg dag - som skapt for denne rundturen rundt Dinglehalvøya.
Timen her vart nytta til ein tur på kaia blant båtar i alle variantar .
Andre ville nyte det Irske folkeliv på puben - den Irske Ginesen var jo ikke å forakte, sjølv om eg syntest det var noke oppskrytt... :-)
Andre var på butikkar og handla suvenirer. Vi kosa oss på kvar vår måte, og i det heile var det ein fantastisk dag !!
 
 





 

Her i Annascaul i desse vakre omgivelsene meinte Helena at det berre var rett og rimeleg å få seg ein varm irsk toddy.
 

 
Helena tar eit overblikk og forsikra seg om at alle har fått...:-)
Dette er ein pub som etterkommerane etter polfararen Tom Crean, driv.
 



 
Her i byen  Killorglin er vi heldige og hamna midt i avslutninga av Geitefestivalen "The Puck Fair"! Innbyggarane hadde no feira og festa i tre heile døgn, og geita på pidestallen på torget blei fira ned og sendt i kortesje gjennom byen.
 

 
 Ein liten fotorunde mens vi venta på geita...:-)
 

 
Brua over elva, med bronseskulpturen av bukken på enden !
 

 
Opptoget var svært fargerikt med mange og sterke innslag av ablegøyer...
 




 
...kledd for vinteren ...??
 



...og geita tilslutt...
Alle forsikra at ho hadde hatt godt med mat og drikke der oppe i høgda...
...iallefall hadde ho hatt ei flott utsikt :-)
 
Vi enda denne dagen i Killarney på Holiday Inn Hotel.
...og så vidt eg kan huske så var vi godt mette etter både middag og inntrykk denne kvelden.


Vi skal denne dagen reise rundt på The Ring of Kerry, den svingete vegen som går rundt halvøya Iveragh

Fotostopp med utsikt over vatn og dalar.
...og esel...



...og gamle ruiner...


Har er det store torvmyrar der det blir teke ut torv til brensel.



Vi besøker no The Kerry Bog Village.



Dette er eit museum som viser kva torv betydde for innbyggarane. Her er hus, redskapar og fortellingar og utstillingar om korleis dei budde og arbeidde.



Irland hadde ekstrem fattigdom etter at fleire års potethausting slo feil kring 1840-talet.




Mange slike hus blei forlatt då fattigdommen kom, og hundretusenvis av irar emigrerte til Amerika.



Pause på vegen,  Helena, Brendan, Atle og Harald.



Vakkert



Eit lite stopp...
...kos med hund og esel...!

 
Men ka er det denne mannen leita etter...? :-) 
Brendan, veit du det..?? :-)
 
 
Vel, vi reiser vidare...


Imponerande besøk hos ein gjetarhundoppdrettar..


....som viste oss kva gjetarhunder kan utrette...


...han brukte både tre og fire hundar som lydde forskjellige signal...


....både for å samle sauene og splitte dei opp i grupper.



Vi fekk her sjå og høyre om dei forskjellige sauerasane. Her er 10- 15 forskjellige saueraser.


...så går turen vidare...




Denne dagen føl vi den svingete veien som leder rundt halvøya Iveragh.  Turen går gjenom eit temmeleg karrigt og delvis dramatisk landskap.
Vi vart også fortalt om dei vanskelege levevilkåra menneska i desse traktene måtte leve under i gamle dager.
Når vi i tillegg såg ruiner av desse gamle husa med jordgolv og grastorv på taket , gjorde dette eit sterkt inntrykk.
Folk hadde ikkje verken pengar eller mat og mange søkte inn på arbeidshus som var overfylte og der dei levde i forferdelege kår.


Dette er eit monument over eit foreldrelaust sveltande barn som banka på døra til eit arbeidshus.
Dessverre kom dei oftast ikkje inn, og vart funne døde på trappa dagen etter.


Landskapet skifta fort her som andre stadar.
Her er ein populær ferieplass.


Bronsestatue av Carlie Chaplin
som ferierte her i Waterville i mange år.


...med eige Chaplin-museum.


Vi har stoppa for lunsj, og spaserer i dette fine landskapet.


Lar bilda tale for seg sjølv...








Vi er no i Sneem, ein liten fin by med ein flott park...


... med utrulege pyramideskulpturar.




Fint å spasere langs stiane i denne parken langs elva og stranda.





Og så blei det eit stopp ved Laydies Views.....

http://en.wikipedia.org/wiki/Ladies_View_(Ireland)


.... det Brandan tok fram det han fekk tidlegare på dagen hos mannen med eselet !

 
.. sjåføren har lov å lukte på flaska først...
...men vi andre fekk smake på ekte heimelaga kraftige varer...!!
 

  
Seint på ettermiddagen køyrer vi inn til Killarney der vi skal overnatte.




 
Ein byrunde før vi avslutta kvelden med vakker konsert og fantastisk Riverdans.
Eit av høgdepunkta på heile turen.


Så var det ein ny dag.
Vi drar fra Killarney gjennom eit vakkert landskap rundt Mountains of Kerry.
Dagens reisemål er Kilkenny.
Ruta går østover via Mallow til Chir på ei klippe i elva Suir.

http://en.wikipedia.org/wiki/Cahir_Castle


Dette var ein morgon med både regn og sol, og det skapte nydelege lys og fargekombinasjoner på morgonkvisten.
 Desverre er det berre bilder fra bussvinduet.




 
 
Slottet i Cahir.
 

Så er vi framme ved slottet og ventar på omvising. Dette imponerande slottet som står på ei klippeøy i elva Suir var hovudkvarter og borg til den mektige klanen Butler. Slottet er eit av dei største og best bevarte i Irland.


Mange fine kyrkjer og slott ...



Då er vi inne og det er imponerande.



Det var ikkje enkelt å komme verken ut eller inn når dette gitteret gjekk ned...


Rundt slike fantastiske bygningar er det ofte flotte parkar,
og jammen er det godt og strekke på beina.




 



Ein liten blomst i skogen står..:-)


Etter besøk i Cahir reiser vi vidare til Cashel og St. Patricks klippe.Der står nokon av landets mest imponerande religiøse bygningar.





Så er vi plasert på hotell Hibernian her i Kilkenny.


Vi har ein fin tur i parken og  besøker St. Canicekatedealen..
.
 
 Det er ein lummer kveld og mørke skyer heng over oss og truga med regn i kvart øyeblikk.
Vi derimot går tilbake til hotellet's pub.
Det er mangt ein må smake på her i dette landet, og vi hadde smaksprøve fram til middag...:-)
Det var festival i denne byen og det var eit yrande liv.
Ein tur ut på byen seinare fortalde oss at irarane er gode på å feire og feste - fullt på høgde med oss nordmenn om ikkje noke hakk bedre.
Det var der som her, den yngre garde var som gjorde seg mest bemerka i bygatene...:-)
Vi hadde hotell midt i sentrum, så om morgonen kjentest det nesten ut som vi hadde vore med til den bitter end vi også.
Når det er sagt, var dette den einaste natta vi vart forstyrra av noke som helst.
Hotella vi hadde var utmerka på den måten !
 
Vi har hatt ein fin tur så langt.
Vi reiser med TEMA- reiser og alt har fungert etter planen.
Så er det turen til Dublin som gjenstår, og den tar eg også i neste blogg.
 
Tusen takk for besøk :-)
 
Takk til alle som kommenterer på FB og som likar innlegget mitt.
Set stor pris på det.
Dette er min form for fotoalbum.
 Det er tidkrevande å lage, men det er kjekt, og eg deler med glede...:-)
 
 
Ha ein fin kveld !

5 kommentarer:

  1. Det ser no ut som at du har fått med deg mange gode bilder sjølv om du "hadde sele på" Fin tur!
    SvBe

    SvarSlett
  2. Er enig med deg i a denne delen nok var den fineste på turen. Mange føotte bildet av hus, natur og gamle flotte kirker, og masse stein. Vakkert landskap. Dere har helt sikkert kost dere masse. Takk for at du deler med oss.

    SvarSlett
  3. Flotte bilder av eit vakkert landskap:)

    SvarSlett
  4. Her kan ein drøyme seg vekk og berre nyte. Mange flotte bilder som vanleg. Kjekt å sjå frå slike flotte landskap.

    SvarSlett
  5. Doke er eit triveleg reisefølgje :-)
    Tusen takk for at de vart med og for at de la igjen ein kommentar.
    Set stor pris på det :-)

    Takk også til alle på FB for kommentarer og mange tommler :-)

    Ha ein fin dag !

    SvarSlett