mandag 23. september 2013

Rondane, Jotunheimen, Skjåk og Stryn

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 Bobiltur i

Rondane, Jotunheimen,

Skjåk og Stryn.
 
 
 
 
Så er det ein ny dag og igjen tar eg meg ein morgontur med kamera.
 Morgonlyset er flott, og det skapar ein vakker stemning i landskapet.
 
 

 
Morgontåka ligg ennå over vatnet, men letter etterkvart som sola kjem fram bak åsen.
 

 
Det gamle naustet er like vakkert som kvelden før, men får no lyset frå ein anna vinkel.
 


Det er stille, trur det er berre eg og fuglane som er oppe...:-)



 
Så etter frukost i magen, pakka sekk
 og ein hyggeleg prat med våre bobilnaboer frå Haramsøya
er vi klar for fjelltur.
Den merka turen til Grimsdalshytta starta her frå campingplassen,
og vi vil gå litt av denne ruta i dag.
 

 
Det er lett og fint å gå  i dette terrenget...
 

 
...og at det er mange som går i desse merka turiststiane, er ikkje vanskeleg å sjå.
 


 
Trefte på to tyske jenter som ville bli fotograferte - Atle var ikkje vanskeleg å be :-) - eg nytta sjansen eg også...:-)
 


Lar bilda tale for seg sjølv...:-)







 
Det er ein flott dag for fottur, men vi som har "huset" med oss må gå både fram og tilbake til utgangspunktet.
Då er det fornuftig å snu i tide, men ein tur på 4 - 5 timar er ok, når vi skal forflytte oss med bil i tillegg.
 
 
Fantastiske vidder og topper...
 







 
Så er vi tilbake til hytter og hus...
 

 
På Hageseter campingplass.
 
Det var ein fin plass, gjerne litt lite med tilkoblingsbokser ( ein fordel å ha lang ledning )
men når det er sagt, var toalettanlegga heilt topp!!
 

 
Så er vi på vegen igjen, denne gang mot Fokstua.
 

 
Det var eit nydeleg område med mange små vatn, naust og båtar.
Det er tydeleg eit område for fisking.
 






 
Så er vi ved Fokstua Fuglereservoat.
Vi hadde bestemt oss for og gå runden rundt, men dette var ikkje rette tida for besøk.
 

Fine "stiar" å gå på...
 

 
...og nydeleg natur, sjølv om fargane ikkje var så intense her som oppe på fjellet.
Lyngen var brun, truleg av tørke tidlegare på sommaren sa ein som vi traff på runda.




Fokstugu.
 


Det var lite fugleliv, trekkfuglane var reiste og vi bestemte oss derfor å gå same vegen tilbake.
 




Så er vi tilbake til bilen...
 

...og den flotte Fokstugu.
 
Vel, dette var valgdagen.
Plikta vår hadde vi gjort på førehand, men no var det viktig å finne ein plass med god TV dekning for å følgje med på valgkvelden.
Var først tenkt å stoppe på Lom, men vi kom heilt til Dønfoss før vi kobla til Tv'en.
Valgresultatet skriv eg ingenting om :-) men tv dekninga var topp.
I det heile er Dønfoss ein flott campingplass.


Det er ein ny dag på Dønfoss og ein perfekt dag for tyttebærplukking.
Eg har ei vennine som har plukka 17 liter med bær her oppe, og om ikkje vi plukka nok, skal ho jammen få dele med meg...:-)

 



Frå info kiosken på Dønnfoss.
http://www.donfosscamping.no/
 


 Eigentleg så skulle vi ha reist heim idag, men dårlege værmeldinger for Sunnfjord gjorde til at vi drog tilbake til Lom og vidare retning Valdresflya.
 

Vi hadde ein fantastisk tur i nydeleg høstnatur.
 

Hadde mange stopp for å nyte den vakre dagen.

 



Lemonsjøen
 
 
og her var det ein artig skulptur.

 



Så er vi ein stad før Bessheim.
Her hadde vi eit lite stopp og plutseleg såg vi eit skilt med Hulderstigen på.
Det viste seg å vere ein merka natursti på 5,5 km.
Vi gjekk over denne vakre brua...
 

...og kom inn i eit eldorado av stille vatn, skog, hytter og nydelege høstfargar.
 








 

 
 
Her var mange motiv å feste på brikka...
 
 
 ...og det var ein fantastisk naturopplevelse.
 

Så er vi tilbake til sætrane...


...og vi køyrer vidare mot Valdresflya
Det var ein fin tur oppover, men grå skyer viste seg på himmelen.
Vi var heilt opp til høgste punktet på vegen, men må innrømme at her var det finare då vi var her tidlegare  i sommar.
 

Vi returnerte og køyrde same vegen tilbake.
Det var ein fin kveld og landskapet forandra seg i kveldslyset.
 
 
Dette er ein stad i Skjåk.
Vi køyrde opp til Grotli og parkerte på ein rasteplass.
 

Så er det igjen ein ny dag.
Dette er eit tidleg morgenbilde frå Grotli.
Skridoulaupen midt i bilde på 1962 moh.
På toppen her har vi vore mange ganger, det er ein fantastisk tur, spesiellt på ski .
 

Haustfargane var flotte her også
 




 
Dette tyske flyet blei skote ned her i området.....
 

 
...ved Hellstuguvatet 27.april 1940....
 


.....etter ein kamp med ein engelskmann... og begge pilotane hadde etter krigen et livsvarig godt forhold.
 


Så er vi på gamle Strynefjellsvegen og må stoppe for å ta ein titt opp på hytta som vi bygde i 1993.
Litt vedmodig er det at den ikkje er vår lenger...
Den var teikna og planlagt av oss til den minste detalj.
Hadde mange fine år her oppe, spesielt på vinteren og våren.
Skiterenget var flott med mange muligheiter, sommaren med fotturar var også fine.
 

 
Her fra stua og kjøkkenet hadde vi utsikt rett på Skridulaupen.
 

 
Vel, vi valgte å selge hytta....vi er meir fleksible i ein bobil....!
Vi køyrer vidare på gamle strynefjellsveg
 

 
Det var overskya og eg skulle ønske meg litt sol for å få fram dei nydelege fargane...
 




....men jammen er det fint i overskya vær også !
 



 
Vi var nesten heilt åleine på vegen her, det er tydeleg at turistsesongen er over.
 


Gamle Strynefjellsvegen er Nasjonal Turistveg og blir godt vedlikeholdt...
 


....og restaurert....
 




 
Så har vi passert sommerskisenteret og får dette fantastiske landskapet ved Videsæter framfor oss.
 
 
Nede i Oppstryn var det eit eventyrleg skue....!!
Tåka var i ferd med å lette, sola fekk komme fram og vatnet var blankt som ein spegel.
 


I Olden var det fortsatt besøk av store båtar med turistar. 
Dei vandra rundt blant butikker og utsalg, såg på bukser og jakker, men gjorde vel som oss når vi er ute og reiser - kjøper lite...
Det sa mannen i eine butikken - i går hadde dei hatt besøk av tre båtar, og dei hadde seldt ein hatt :-))
Atle kjøpte seg derimot både bukse og jakke - til neste fjelltur...:-)
 
 
Resten av turen gjekk uten stopp og fotografering.
 
Ein nydeleg runde i eit vakkert høstfarga Norge.
 
Velkommen innom for å bli med på turen...:-)
 
 
Ha ein fin kveld !
 

4 kommentarer:

  1. For noen fantastiske bilder. Nydelige farger. Må nok ta en slik tur jeg også, kjørte mange ganger der i "gamle dager". Du er så flink til å finne de rette stedene å ta bilder. Vann ,fjell,farger er alltid flott. Takk for at du deler . En opplevelse av fantastisk natur.

    SvarSlett
  2. Åååå desse bilda likte eg veldig godt :) Dønnfoss har vi campa ettpar ganger ,veldig bra plass. Skal ha oss ei helg til fjells ( Lom og rundt om ) ut i oktober ,håper fargane er like fine då :)

    SvarSlett
  3. Fantastisk flotte naturbilder Liv. Fikk lyst på en rundt tur i disse fjellområdene :)))

    SvarSlett
  4. Ubeskrivelig vakre og eventyrlige bilder. Lett å drømme seg bort.



    SvarSlett