søndag 30. januar 2011

Med campingbil til Lofoten!


Nr 7. På veg til Eggum.....


På veg til Eggum i eit nydeleg vær.


Etter ein lang frukost bestemmer vi oss for å reise fra Flakstad. Det har vore ein fin plass å komme tilbake til på kveldane og vi anbefaler den vidare... 
Vi hadde ein siste tur rundt på strendene og enda opp ved den flotte og sjarmerende kirka.



Dei fleste er reist vidare....

Flakstad kyrkje - tømra korskyrkje bygd i 1780


Våre venner vil bruke dagen her ute i Lofoten og vi reiser videre, først mot Ballstad.
Planen er å møtast på Eggum til kvelden.
 Den 2.juli starta vi opp igjen i 9 + og overskya. Av ein eller anna grunn vart det ikkje tatt bilder fra Balstad. Det var ein fin plass dette også.... fiskevær, og med eit grønt og frodigt landbruksområde rundt om.
På vegen inn igjen stoppa vi i Gravdal og hadde eit besøk ved kyrkja her også. Det er flotte byggverk, desse kyrkjene, og på  gravplassane er det mykje historie å lese på dei gamle gravene. 



Buskenes kyrkje - dragehodestil og bygd i 1905


Vidare går turen inn om Stamsund. Det blir etter kvart ein draumedag kva været angår. Nesten klår himmel, blikkstille hav og god temp. Rognen blomstrar med kvite blomster, og alle marker er dekt av kvite hundekjeks og gule løvetann og soleier. Bratte grønkledde fjell og blått hav, det var heilt ubeskriveleg flott...



På veg mot Stamsund

Stamsund, tettstad og fiskevær i Vestvågøy kommune



Desse bilda er tatt på veg frå Stamsund og til Eggum.





















Eggum


Eggum er ein liten plass som ligg vakkert til ute ved havet. Her er også ein fin plass å sjå midnattsola frå.
Ved vegs ende er det bygd opp ein flott rasteplass, Servicebygget er tegna av Snøhetta, det er orginalt, bygd i stein og passer godt inn i naturen.
Då vi kom ut der var det nesten heilt oppfylt med bilar som skulle vere der til natta, men det var plass til oss også. Sjølv om det var mykje folk på rasteplassen, var det god plass i terenget. Vi hadde ein fin kvelds/natt tur inn igjen til Eggum Midnattsol vart det ikkje denne kvelden, men det var fint fordi om... godt vi klarar oss med lite søvn i desse lyse sommarnettene...:)


Flott og orginalt servicebygg

Ut mot havet....



Frå stranda på Eggum,


Det ser ut for at 3.juli også skal bli ein fin dag :)
Den sveitseske kunstnaren Marc Raetz har valgt denne plassen her ute for plassering av sin skulptur Hode til prosjektet Skulpturlandskap Nordland. Dette vil vi ha med oss før vi reiser vidare. 
Skulpturen forandrer  form og dermed innhold seksten ganger dersom vi vandrer rundt den. Frå eit synspunkt ser det ut som eit klassisk portrett, frå ein anna vinkel er det som eit hode som er snudd opp ned.


 Frå rasteplassen her var det ein flott tur ut til skulpturen.


"Hode"







Vi kom tilslutt til eit postkasse med turbok og der såg det ut som det var umogeleg  å komme lenger langs havet. Vi skreiv navna våre i boka og gjekk tilbake......


Vi har vore her!

Frå havet.....

Frå stein til stein.


8 kommentarer:

  1. Ser ut som dåkke har hatt ei eventyrlig reise,flott natur og mange flotte plasser.Eg skulle gjerne ha tatt ein tur til,sjølv om det var mykje fint å sjå med hurtigrute tur,hadde det sikkert vore kjekt å køyrt med bil og. Flotte bilder.

    SvarSlett
  2. Nydelige bilder av ein flott tur!!:))) Likte godt bilde av Buskenes kirke, den var utrolig flott! Fin kveld til deg!;)

    SvarSlett
  3. Ja,enig med Janne det var ei utrulig flott kirke.

    SvarSlett
  4. Kjekt at de har vore innom og tatt del i turen min! Vi hadde fantastisk vær ein del av dagane, så det vart mange stopp.
    Denne kyrkja var utruleg fin. Tok bilder i alle vinklar for å få mest muleg med. Det var utstikk alle vegar, så ho tok stor plass på brikka :)

    Fin kveld til doke :-))

    SvarSlett
  5. Hei. har vore ein rundtur i bloggen din. Her var mange kjempefine bilder.

    SvarSlett
  6. Så kjekt Ann Tove :) du er hjerteleg velkommen til å følge med vidare!!
    Dette var ein tur som eg lenge har drøymt om og som vart heilt fantastisk når den vart realisert :)

    SvarSlett
  7. Fascinerande å sjå bilda av skulpturen som endra fasong alt etter kva vinkel de såg den frå.
    Og igjen er naturbilda fantastisk flotte!

    SvarSlett