mandag 27. juni 2011

Junitur, nr. 2



Junitur til Jæren.


9. juni reiste vi videre fra Askøy og nedover mot Jæren. Vi tok ferja fra Halljem mot Sandvikvåg. Været var lettskya med sol inn i mellom

Frå ferjeturen



Vårt første stopp var ved Utstein Kloster. Utstein var opprinneleg ein kongsgård og her budde Harald Hårfagre etter slaget ved Hafrsfjord.
 Klosteret er truleg oppført i 1260. Klosteranlegget er Norges einaste bevarte middelalderkloster.
det drivast i dag som museum, konferansesenter og konsertarena. Det var eit flott og mektig bygg.







Utstein Pilgrimsgård.

Fra området rundt Utstein Hotell.
Ein nydeleg stad!!




Vi køyrer videre og snart er vi komne til dei særegne Jærstrendene med rullestein og sandstrender om ein annan. Slåtten var godt i gang, og det lukta godt av nyslegne marker,..sommarfølelsen var tilstades :-)




Friluftshuset på Orre i Rogaland er Jæren friluftsområde sitt info. senter for friluttsliv og naturvern.


Orestranda


Obrestad  fyr ligg på Obrestad i Hå komune. fyret vart opna i 1873.
 I eit av bygningane var det ein verkstad der gamle båtmotorar vart haldne vedlike. Ein hyggeleg kar viste rundt og fortalde om motorane han hadde restaurert.






På Jæren var som sagt slåtten i full gang, og vi var imponerte over dei store og flotte gardane.
Over alt kan ein sjå gravhaugar, rydningsrøyser, gamle ferdselsvegar og naust.
Gamle og fine steingardar var det over alt - og kyr....:)



Denne fekk heldigvis stå igjen



Kvassheim fyr vart bygd i 1912.
 Det er kjent for sin karakteristiske tåkelur som skulle halde skip på avstand.


Vi låg over på ein fin og velstelt campingplass som låg like ved Brusandstranda.God service og hyggelig betjening
Kvelden og morgonen etter vart brukt til fototurer på den flotte stranda.
Litt av resultatet ligg her :)













Så langt og ikkje lenger.
Vi køyrer tilbake same vegen som vi kom - så Målfrid, det vart ikkje besøk hos deg i Flekkefjord denne gangen. Derimot er vi ned om Varhaug gamle kyrkjegård.





...og går turer langs den gamle kyststien langs havet. Det var vakkert!!







Hå gamle prestegard vart også besøkt.
Gården ligg like mot storhavet og er i dag eit moderne kunst og kultursenter.
Den vart bygd i 1637 og restaurert på 1980 talet.



 Jærhuset


Hovudhuset


Den gamle løa


.....den nye løa på Jæren :)


Så var det overnatting på Ølbergstranden og campingplassen her.
Ein kald, vindfull men fin kveld :)

Bilda under er fra området på Ølberg.












   Kvelden vart brukt til tur langs havet, på gode stier og i selskap med kyrene
Det var også ein liten havn med mange spennande motiv. Ein god del bygningar står forsat i gjen fra krigens dager.
Her på Jæren er det fint, og det finst stiar og vegar til turgåing over alt. Ingen fjelltoppar å bestige, men å vandre i dette blie Jærlandskapet gjev rekreasjon til kropp og sjel :) 


Til alle som er inn om, -  takk for besøket og ha ein god dag!!

7 kommentarer:

  1. Kjempe fine bilder frå Jæren,Liv.Jammen er du flink til å komme deg ut på fine turar.Eg har og reist rundt Jæren ein gong,var innponert over strendene og alle steingardane der.

    SvarSlett
  2. Her var det mykje flotte bilder Liv, ser ut som om dåke hadde ein flott tur!!:-) Kjende meg igjen i mange av bilda, har vore å tatt bilder i samme området på Jæren:-)))

    SvarSlett
  3. Kjekt å dele bilder med doke:) og takk for kjekke tilbakemeldinger :-))... det var ein fin tur i fint landskap!

    SvarSlett
  4. Flotte bilder frå eit fint landskap.

    SvarSlett
  5. Takk for det Ann Tove :)
    Takker også for mange kjekke tilbakemeldinger på Facebook :)
    Ha ein fin sommerdag !!

    SvarSlett
  6. Kjempe fine bilder bestemor!Kan vi dra dit en gang? Hilsen Andrea! ♥♥♥

    SvarSlett