tirsdag 26. juli 2011




Litt rundt omkring i Askvoll kommune 



26. juni var ein dag med løfter om sommer...

Slike dagar er til for å nytast - eg tok meg ein liten fototur....




I Staveneset var det sommer...


...det var det også på Stubseid. Dei to flotte gamle gullregntrea var på hell i blomstringen, men på markene var dei gule soleiene i full utfoldelse...


Ein liten tur til Kvammen vart det også.



 Dette gamle huset har nok hatt sin glansperiode for lenge siden.
Synd det ikkje er blitt tatt vare på...


Litt forfall var det her også, men båthavna i Kvammen var fin...:)


I Flokeneset var slåtten i full gang...


...og det lukta nyslege gras og sommer...


Ved Helle teglverk er det fint.



...og  det gøymer seg mykje historie  bak denne skogen


På gamle stier er det fint og gå...


Kvelden vart fin -  motivet er fra Grimelia.

19. juli

Ein invitasjon til å komme på besøk i "Jimhuset" på Kumle var kjekt å få!
Tusen takk Ellen Grethe og Arne for ein kjempehyggeleg ettermiddag :-)




Vi fekk også tid til ein tur til Herland...


Denne ettermiddagen var det stille her, men eg reknar med det blir meir fart til helga med Krabbefestival!!


Restaurert sjøbu på Kumle

Vi har hatt mykje skiftande vær i sommar. Den siste tida har vore prega av mildt vær med mykje lyn,  torden og kraftige regnbyger



Igjen har eg vore på tur med kamera...:)



Fra ein tidleg morgontur til Staveneset


Sola var framme av og til, men regnbygene truga i det fjerne...



...også på Korsnakkjen var det fare for regn...


Trur sauene leitar etter ein stad og gå inn under. Dei føler nok på seg at dei kan bli våte i ulla...:)



Var også ein tur til Ospedalen.
Regnet kom ikkje før eg var trygt tilbake i bilen - då opna slusane seg...


Fra ein vakker og hyggeleg kveld i Grimelia...:)



Bilda er tatt i låg kveldsol.







Ein vakker solnedgang - bilda er tatt i Grimelia.



I Askvoll har det vore Skjærgårdstreff i helga.
Mykje båtar og folk var samla i sentrum. Men den forferdelege hendinga i Oslo og på Utøya la nok ein demper på stemninga...



Når det meste av programmet  var over, vart himmelen nesten svart, og regn og vind sopa over Askvoll og festområdet...



Då er det kjekt når det så snart lettar opp igjen, og at det finst slike vakre stader... 



...og ein kan finne ei grind og gå igjenom...


 
...og finne ein stad og sette seg ned og nyte den vakre kvelden...
 Det er mange tankar som kjem fram etter ei slik rå og brutal  handling som vi har vore vitne til desse siste dagane. Det er så uendeleg trist og uforståande...



snart går sola går ned, og det kjem ein ny dag...


Takk for besøket på bloggen - trur det blir fine dagar fram over...:))

6 kommentarer:

  1. Fine bilder,Liv.Sikkert godt å få tankane vekk frå elendigheita med nokre foto turar.

    SvarSlett
  2. Kjempe fine bilder og tekst eit heilt lite eventyr....;) ser du har vert på Atløyna og:)krabbefestival t helga blir mange flotte motiv der...(reklame)

    SvarSlett
  3. Tusen takk for hyggelege tilbakemeldinger, Aud og Marit :)
    Fototurene gjev meg god avkobling og rekreasjon for det meste Aud, god mosjon og flotte naturoplevelser :)
    Marit, lykke til med krabbefestivalen! - skulle gjerne vore der, men får nok ikkje anledning denne gangen.
    God helg til doke:-))

    SvarSlett
  4. Du er dykyig med kameraet, Liv. Mange flotte bilder her. Kjekt å sjå at du har vore her ute på mine trakter òg.

    SvarSlett
  5. Nydelige bilder Liv!:-))) vi trenger ikkje reise langt for å finne flotte motiv;-) Fin dag til deg!:)

    SvarSlett
  6. Takk tilbake, Ann Tove og Janne :-))
    Ja det er sant, vi har ein flott og spennande natur rundt oss. Det skiftande været med sol og regn set ein skstra spiss på lysforholda - men litt varmere kunne det godt bli!!
    Fin dag til doke :-)

    SvarSlett