fredag 12. oktober 2012

Mandrogi - dag 4.





 
 
 
St. Petersburg til Moskva.
 
 
Bilder og reiseopplevingar langs Tsarens Vannveier.
 
 11 dagers elvecruise i Russland med Russ.
 
1. - 11. september.





 Mandrogi.


Mandrogi er ein rekonstruert tradisjonell landsby med ein visjon frå fortida. Landsbyen ligg på kysten av Svir-elva som bind saman dei to største innsjøane i Europa; Ladoga og Onega.
Landsbyen, som er ein økologisk oase, ligg 270 km frå St Petersburg og er etablert spesielt for turistar og turisthandel.
Her ser vi m.a på gammalt lokalt handtverk, spesielt hotell, møller og andre flotte bygningar, og ikkje minst eit besøk på det populære Vodkamuseet med 2000 vodkamerker - men vi får berre prøvesmake fire...!  
 
 
 

Det er tidleg morgon, og spennande å komme ut å sjå seg rundt.

Dette er ein tur vi har hatt store forventningar til.
Har lese litt om dei største byane på førehand, men elles var spenningen stor om kva vi elles ville få sjå og oppleve.
Litt uvant var det å gå i flokk - og kø - kan eg vel sei, som i St. Petersburg, men innser at vi neppe ville fått sett og høyrt så mykje om vi hadde reist på eiga hand.


 
 
Sjølv om dette er i september, hadde vi nok håpa på litt sol og varme, men denne dagen var grå.
12 gr. og regn, sto det på vår lokale værmelding.
Regn var det heldigvis ikkje, så det er berre å kle seg godt å komme seg ut på dekk og nyte turen.
Artigt var det å sjå desse store fraktebåtane.
Store forskjellar i både standadr på båtane og kva dei hadde i lasta...



 
 
..og det er mange typer bebyggelse langs elvebredda...
 

 
 
...nedlagde fabrikkar og bygningar i forfall...



...utskipingskai...?..
 


...og kanskje ein del bygging, store kranar i bakgrunnen...



 
Ein del byar/tettsteder er det nok bak elvebredda, og det var mange ganger ein kunne ønske litt fleire stopp... 
 
 
 
 
Vi hadde eit stopp pr. dag og då er det på stader der det var tilrettelagt for turistar.
Elles er det berre å nyte landskapet, der vi sakte og lydlaust glei forbi...





 
 ..låver og uthus...
Dette var ei strekning med spredt bebyggelse - litt nytt og litt gammalt, men på mange stader kunne ein sjå at levestandaren nok ikkje var så høg.
 

...tømmertransport; elva er ein viktig transportåre...
  

 
 ...og skogsvirke virkar utømmeleg på disse traktene...

 
Sluse i elva Svir, mellom Dogadasjøen og Onegasjøen.
 



...så åpnar det seg mot vidare ferd på elva Svir.
 



Det er stor fiskeaktivitet langs elva; her er båtnaust i alle fasongar og størrelsar...



..idyllar... 


 
...og ein flott trafostasjon...? :-)
 


...kraftstasjon i tilknytning til slusa...
 



 
Så har elva igjen vida seg ut.
Noken vil gjerne tenkje at dette må vere ein lite spennande tur, men slik er det ikkje.
Bortsett fra dei store innsjøane, er  elva for det meste smal og kronglete.
Det er utruleg spennande å sjå kva som gjøymer seg bak neste "sving" Folk er nyskjerrige, pratar og tar bilder, fortel litt om korleis dei opplever turen, kor dei kjem fra, i det heile er det ein fin og avslappa tone blant passasjerane. 


 
Etter kvart letta det litt i skylaget også...
 

Enorme skogar langs elvebredda...



Ut på førmiddagen kom vi  til Mandrogi,  er bygd opp som er oppbygd som ein russisk landsby.



 
Eit typisk hage, slik vi har sett på turen oppover...
Ei blanding av blomster, grønasker og frukt.
Dei fleste som har anledning til det har ein slik hage, slik at dei har frukt og grønsaker til eige bruk.


Handverksarbeid på det ypperste !
 

 


 
Så vandra vi rundt i denne "landsbyen".
Her er hus både frå eldre tider, men også fra nyare tid.
Det som eg følte var typisk på landsbygda som vi har reist forbi, var at Russarane var glade i sterke fargar.
Spesielt blå og orange farge såg ut til å vere populært, det vart brukt både på tak og vegger...:-)
 

 

Ein fin vindmølle...

 
  
 
 
.......nydeleg bygning med tårn....
 


 
...og veldig fargerikt...både veggar og tak...!



 
 
Hotellet har en flott utforming, og også her; spesiell fargesamansetning og fint handtverk.
 

 
 


 
Handelshus med mange butikkar som sel russisk lokalt kunsthandverk og suvinirar



...nydelege utskjeringar på bygningane...
 
 


...soppen var også fargerik...
 


...spesielle fasadar og fin arkitektur....
 



...sjå på disse flotte taka...!
 
 


 
...og utskjeringane...
på veggar og søyler...
 
 


...leikeplass..??
...dei som kunne komme seg opp der...:-)

 
 Marit gjekk inn...
 
 
...og kua ut...? :-)
 

Luncjen denne dagen fekk vi servert her, og den bestod av lokal mat...
Desse flotte damene som sang og dansa og musikanten på trekspelet var med oss på båten og undreheldt både under middagen og seinare på kvelden.
 


 
 
Så etter flott tur, luncj og vodkasmaking er vi igjen klar for ombordstiging og vidare tur...
 

 
..skipet ventar på oss...


 ...og vi seglar vidare langs den smale Svir-elva mot Onegasjøen....


 

...og her er eit lite tilbakeblikk på staden vi nettopp har forlete...
 
.
 
Det vart ein nydeleg kveld, stille og fint og
med enorme skogskledde områder !





...og mindre seglbåtar...
 


...og større elvebåtar...
 



...gamle nedlagde kaier...
 



Denne kvelden reiser vi forbi ein lang strekning med små  bygdesamfunn...








....fargerike bygningar...
 





 
 
Vi veit forlite om disse bygdene langs turen, kunne gjerne vore litt meir info. under vegs...
 


 
 
..gammal lastebil og eldre vrak...
 



 
 
...også her er det mykje til nedfalls, men mange bygningar ser ut som blir teke vare på
 


...bilda talar for seg sjølv...












 ...her er mykje å ta tak i....!!!

 

 






 
Ein av dei mange nedlagde fabrikkbygningane
 



 
 
Kol, sand, singel og trevirke omkring denne utskipingsplassen.
 






 
Opptrekk for båtar, har vore ein stor bygning bak.  




 
 
 
Her har det nok vore stor aktivitet i tidlegare dagar...
 




Langs elva var det mange som prøvde fiskelykka
 



 
 
Naust i alle fargar...!
 



Vi er fortsatt i lag med denne båten !
Mange fra Haugesund og Sandnes på denne skuta...
Treffer dei kvar gang vi er på land...:-)
 


 
...også ein ivrig fotograff...:-)


...ikkje mykje klaring her...




 
 
....nok eingong; russarane likar fargar på hus og bygningar...!
 





 
Så kom vi til den andre slusa i Svir-elva.
 







...alle på dekk for å følgje med...
 

 
 
 
Utsmykking på sluseveggen
 








...vil flyt roleg vidare...
 



 
...der gjekk den forbi oss...


 
Så er vi på plass rundt middagsbordet.
Skumringen er begynt å komme, men når det dukkar opp slike flotte motiv, må dei forevigast, sjølv om det blir gjenom vinduet...
 
På båten er det flott musikk, dans og mykje løyer mens vi seglar vidare inn i natta på Onegasjøen.
Tidleg i morgon skal vi ankomme Kizhi, som vi gleder oss til...:-)
 
Takk for besøket på bloggen og velkommen tilbake for å vere  med til Kizhi :-)
 
 Trur det no skal vere litt enklare og legge inn kommentarer.
 
Ha ein fin dag !


7 kommentarer:

  1. Så flotte bilder igjen,Liv:-)Dette har nok vore ein spennande tur.Kjekt å sjå:-)

    SvarSlett
  2. Det var ein fin og avslappa måte å reise på som apsolutt gav meirsmak...:-)
    Kjekt du var med Aud :-)

    SvarSlett
  3. Kjekt å sjå! Vi var også i St. Petersburg. Oppleving!

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  5. Thank you very much for viciting my blog and for leaving such a nice coment
    You are velcome back :-)
    Have a nice evening !

    SvarSlett
  6. Thanks very nnice blog!

    Also visit my webpage: world at arms hack ios

    SvarSlett
  7. It is not my first time to go to see this website, i am
    visiting this web page dailly and take good information from here every day.


    my weblog chinese interpreter services

    SvarSlett