mandag 2. september 2013

Irland - Aranøyane og vestkysten.

 
 
 
 
 
 
 
   Irland
Den grøne øya.
 
Del 1


Klikk på bilda for å få dei større.


 
 
Vi hadde gleda oss lenge til å besøke Irland.
Turen var bestilt på vårparten og vi tenkte at seinsommeren var ei fin tid der borte.
Det viste seg å stemme.
Det var eit vell av blomster i alle variantar langs alle veikanter, men mest desse orange liljene og røde fuchia.

Turen starta grytidleg ein morgon fra Gardemoen via Køpenhavn før vi landa tidleg på førmiddagen i Irland.
Der vart vi mottekne av vår blide og kunnskapsrike guide Helena, ho var med oss på heile turen.
Vi vart raskt og effektivt geleida til bussen som skulle frakte oss rundt i ei heil veke.
Sjåfør Brendan var straks bak rattet, og ferda starta på motorveg tvers over heile Irland frå østkysten til vestkysten

Eg må jo berre sei med ein gang at ein av dei tinga eg hadde sett fram til ved denne turen, var fotografering.
Har sjelden sett så mange flotte naturmotiv, og slikt fantastisk lys.
Når det er sagt, forstod eg jo ganske fort at her var eg ein del av ei gruppe og måtte berre sitte fint i ro på setet mitt til vi skulle ha det obligtoriske stopp ilag med andre turister.
 
 
 
 
Derfor måtte eg jo her også ta til takke med fotografering gjennom bilvinduet.
Her var det i tillegg farga glass, og støv og refleks fylgde med på kjøpet.
Trur eg har ein spesiell sans for kyr og rundballer, for det er alltid mange bilder av når eg skal til å gå gjennom billedmappa mi :-)
 

 
Vel, vi hadde ein rask og effektiv tur dei første timane. Ferda går gjenom eit variert og frodigt landskap som verkeleg lever opp til tilnavnet "det grøne landskap"
 
 
Torvmyrer var det  mykje av i Irland.
Som eg skreiv, vår guide Helena var svært kunnskapsrik og skal ha mykje skryt for den gode informasjonen ho gav oss om Irlands historie gjennom mange hundre år.
Vi fekk ein grundig innføring om kor viktig bryting av torv hadde vore for landet.
 

 
Her er eit av dei mange tårnhus som vi såg over alt,
dette og mange fleire er til nedfalls.
 

 
Det er derimot ikkje dette.
Dette var flott restaurert og inneheldt ein flott restaurant.
Her fekk vi vår første lunc på turen.
 

 
Her er vi plasert rundt borda.
Stort sett var alle ukjente for kvarandre
. Vi var 8 normenn, 8 svenskar og 8 danskar med på turen.
Svensk guide og irsk sjåfør.
Det er spennande og helse på og bli kjent med nye folk...
  ...men vi var heldige og hadde Marit og Harald
som vi etterkvart har reist med mange ganger og som er eit triveleg reisefølge :-)
Harald var forsatt forsiktig med grønforet, og Marit var sprudlande som alltid :-)
Kjekt å reise med doke !!
Kva dei synest om oss er eg derimot noko usikker på...:-))
 

 
Med nydeleg grønsaksuppe i magen er vi på hjul igjen.
Det Irske kjøkken var ikkje kjent for gourmetmat. Den kunne virke litt smaklaus, krydder var  fraverande, men når vi fekk ta ein runde med saltbørsa var det god mat.
Suppa ( i mange varianter ) var svært god, og det vart etterkvart vår faste lunchrett.
På bilde ser vi  (gjennom bussvinduet) eit gammalt murhus og i nedre kant ein utydeleg steinmur som vi skulle sjå milevis av på denne turen.
 

 
Seint om ettermiddagen kom vi til vestkystens perle Galway som er en universitetsby og fiskehavn, den ligg vakkert til ved Atlanterhavskysten.
Her  har vi vårt første lange stopp.
Vi vart slept ut av bussen som ein saueflokk ( med beskjed om å vere tilbake til avtalt tid ) og vart snart spredde for alle vindar.
Av ein aller anna grunn var nesten alle tilbake på puben rett over gata i god tid før avgang :-)
 
 

 
I mellomtid hadde vi ein fin tur gjennom byen, og her fekk eg endeleg tatt litt bilder uten bussvindufilter :-)
 

 







 
Her i denne byen er vi i Gaeltacht-området med sterk innslag av tradisjonell folkekultur.
 

 
Hesteskyss var vanleg i Irland ( for turister )
 

 
 Vi derimot tok ikkje hesteskyss, men var på plass i bussen der vi køyrde ennå ei stund før vi kom fram til Connemara...
 
 
... og flotte Connemara Coast Hotel som vi skulle bu på i to netter.
 


 Hotellet låg heilt på stranda, og etter ein god middag med tilbehør, var vi ute og vandra i lett overskya vær, 17 gr og ein liten bris...:-)
 

 
Marit plukkar stein på rullesteinstranda...
 




Vi trivdes godt her på det flotte hotellet


Kunst i hagen...


...og blomster - ute og...

 
 ...inne.
 
 
Trappa opp til andre...:-)
 

Så er det ein ny dag,
 og dei som er tidleg oppe får alltid tid til ein bonustur før frukost...:-)


Etter frukost reiser vi fra hotellet
og snart er alle igjen samla i bussen og gleder oss til nye opplevelser.


Vi køyrer gjenom Connemara
http://no.wikipedia.org/wiki/Connemara


Dette er tildels eit øde landskap med viltvoksende natur, imponerende fjell, steinmurer, lyngheiet og torvmose.
Vi såg flokkar med connemarahester, Irlands "eigen"ponni, som er godt tilpassa i det karrige fjell- landskapet.
Det var eit flott landskap og eg skulle så gjerne fått med meg fleire bilder...


Legg merke til taket på dette huset som er særmerkt fra distriktet.

 
 Her fra Rossaveel tar vi ferje over til Inishmore som er den største av Aranøyanes tre øyar, med ca. 900 innbyggarar.
 


Her på kaia hørte eg for første gang folk som snakka gælisk, og eg kan trygt sei at det var heilt uforståeleg for meg...


Snart er alle med på ferja, og vi legg fra land





Turen over tok 45 minutt kvarter, og det var stille og fint på overfarten.


Framme i den vesle fiskerlandsbyen Kilronan ventar minibussar for å ta oss med rundt på øya.


Aranøyane har fram til i dag vore ekstremt isolert, og
 fekk elektrisitet først på 70- talet og TV først på begynnelsen av 80 -talet.
Fiske er forsatt den viktigaste næringa saman med turisme.

http://da.gsnote.org/Aran%C3%B8erne?uselang=da




Her på øyane snakka dei fleste av befolkningen gælisk, og det er derfor eit av dei få stadane i verda der eit keltisk språk er morsmål.


Her var vakkert, berre synd vi har nokre korte timar til rådigheit.



 
Her ute var det parkering for køyretøy, og vi måtte ta beina fatt ( heldigvis ) for å gå opp til den gamle festningen Dun Aengus som ligg på toppen av øya.
 

Her ute veks fuchia vilt.



Stien oppover åsen mot fortet er fin å gå på.


Karrig, og enormt med stein på disse viddene.


Utsyn til fantastiske klipper som går loddrett i havet.


Stein, stein og atter stein...


Murane rundt fortet ruvar godt i landskapet.



Mange på tur denne dagen...


Den ytre muren rundt fortet er sett opp av skarpe steinar som er nesten umogeleg å komme forbi.


Dei indre murane var høge og hadde få åpningar.....,


...men Marit kom inn...


....og innanfor var det grasenger...


....og åpne areal.


Etter passering av den siste indre muren kom vi inn i fortet som enda på klippekanten.


Fortet er konstruert som ein halvsirkel der murane endar på kanten av klippa og er det mest spektakulære steinfortet i Europa.
 
 

...fine murar, seier Harald !


...måtte prøve å sitte på kanten...


...det var tryggast å krype fram til kanten for å sjå bølgene som slår mot klippa 100 meter lenger nede!


Attende i "landsbyen" tok vi ei lita runde blandt dei få husa.

 
...her gror det godt på gamle murar og husruinar....
 

... og fotomotiva var fantastiske...


....for ein hobbyfotograf....!

 
Og så er det berre å vente på bussen, glasa er tomme og rydda bort.... 
 

Seven Church.


Ruinar av sju kyrkjer.


Gravplassen er fortsatt i bruk.



Hesten er nysjerrig og ventar på oppdrag.
Irland har ca 5 millionar innbyggarar og ca 1 million hestar !



Det er hundrevis av kilometer steinmurar på denne øya som berre er ca 13 km lang og ca 4 km breid.


Kan eg få gje deg ein liten sleik, Helena...:-)



Det er mange meter forskjell på flo og fjære.


....og her er fin sandstrand ved ferjeleiet.

 
Så er på veg tilbake til fastlandet og hotellet.
 

Morgonen etter var det avgårde til nye opplevelser og  og reisemål, men først ...

..
...ein liten runde med kamera både ute...


...og inne -  før avreise...



Eit hyggeleg par fra Sverge - Hei til doke :-)


Og våre Norske reisevenner - kjempekjekt å bli kjent med doke :-)
No var det viktig å få alt med seg, for neste natt er det nytt hotell...


Her  ser vi Dunguaire Castle.
http://translate.google.es/translate?hl=nn&sl=en&u=http://en.wikipedia.org/wiki/Dunguaire_Castle&prev=/search%3Fq%3Ddunguaire%2Bcastle%26biw%3D1264%26bih%3D511


Dagens reise går sørover i eit nydeleg landskap med fjell og åsar.
Været her på vestkysten var svært skiftande.
For det meste lettskya ( det var fint vær her borte) men det kunne plutseleg komme ei kraftig regnbyge som var over på eit augneblink.



Snart er vi over i det særegne steinlandskapet Burren. Her såg vi artiske blomster vekse side om side med vakre middelhavsplanter.

http://no.wikipedia.org/wiki/Burren




Artige steinformasjoner.

 
Her har vi igjen desse flotte steingardane som var over alt der vi reiste.
 


Vegen gjekk langs kysten, og vi  kom no  til Cliffs of Moher.


I klart vær kan vi sjå over til Aranøyane.


Frå ca 200 meters høgde stuper klippene loddrett ned i Atlanterhavet.


Klippene er mørke og triste i motsetnad til dei kvite klippene ved Dover...


Er nok ein populær utfartsstad dette.


Det er eit flott skue å sjå brenningane frå havet blir slått i stykke i møte med dei bratte klippene.
Her er nok ganske heftigt når det stormar som verst.
Etter luncj og ein frisk tur på klippene var vi igjen klar for ny etappe.

 
 Stiar og gangvegar er fint tilrettelagt for publikum, og vi gå kilometervis lange turar langs klippene.
--------
Bunratty Castle & Folk Park
 

Vi besøker no ein folkepark.


Parken er bygd opp med gamle bygningar frå "land og by" med ting og reiskapar frå tidlegare tider.





Utruleg koseleg, stille og roleg å spasere rundt i parken å sjå på dette anlegget som har teke vare på gammal kultur.






Bunratty Caste




Omvisning og historikk fekk vi med oss i dette gamle slottet som var bygd omkring år 1425.



 

Kopi av gamle bygater


....krambuer...


...og bustadar.


Vakker strikkegenser med aranmønster - fra Aranøyane


og sinkbøtter i alle varianter...



Og puben var sjølvsagt åpen !



Flott park



Ein staseleg kar...:-)


....det er berre å beundre denne staden...


....der  vi rusla rundt omkring mellom hagar og hus.


 
Etter denne runden vart vi tatt med til hotellet i Limerick, der vi skulle overnatte.
Etter noen timar går vi på historisk bankett på slottet Bunratty Castle.
Slotte sin glansperiode i middelalderen blir gjenskapt ved hjelp av levande musikk, dans og mat i den store salen.
 
 
 
Her vart vi tatt imot med flott sekkepipemusikk.!
 
 
Det var ein flott kveld med god mat og fantastisk underhaldning og musikk.
Stoppa fotograferinga her for denne kvelden...:-)
Det gjer eg også med dette blogginslaget, men det blir snart forsettelse, og turen går vidare...
 
 
Takk til doke som har vore med meg på turen her på bloggen så langt... :-) 
 
 Ha ein fin kveld !

4 kommentarer:

  1. Det ser ut til å ha vært en veldig flott tur.Mye flott natur og gamle bygninger. er det en tur du anbefaler? Kjenner gjen det med bilvinduer, refleks i vinduet og trær som farer forbi og ødelegger bilder. Har e mann som tor at han slipper å stoppe bilen for å ta bilder!!!. Takk for turen. Regner med at det kommer en oppfølger, nr 2.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette er ein tur som godt går an å reise på eiga hand, men her fekk vi ei god innføring i Irland si historie samtidig som vi reiste rundt i den vakre naturen.Historie kan du lese sjølv også, men fantastisk å både sjå og høyre samtidig. Det vart svært levande på ein måte...
      Vi stoppa ofte ilag med andre turbusser, men det var ikkje køtendenser som var plagsom.
      Vi reiste med Tema reiser og alt fungerte etter avtalen.
      Vi var fornøgd med turen, og eg kan apsolutt anbefale turen om du likar å køyre buss etter eit fast opplegg.
      Det freistar å reise tibake, men då blir det med privat opplegg og god tid til å besøke små plasser og nyde den vakre naturen fullt ut...:-) og tid til fotografering...:-))
      Tusen takk for at du vart med meg :-) Ha ein fin kveld !

      Slett
  2. Takk for turen og nydelige bilder Liv!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Leo for at du følger meg på turane mine her på bloggen :-)
      Set stor pris på det.Irland var eit flott land som til tider minte meg om både Staveneset og den flotte naturen vi har her på vestlandet og i nord.
      Hils masse til Timm og ha ein fin kveld !

      Slett