onsdag 24. oktober 2012

Jaroslavl - dag 7

 
 
 
 
 
 
 
 St. Petersburg - Moskva

Bilder og reiseopplevingar langs Tsarens vannveier

11 dagars elvecruise i Russland med Russ.

1. - 11. september
 
Klikk på bildene for å få dei større ! 

 
Profeten Elias-kyrkja.
Denne fine, kvite kyrkja med sine grøne kupplar, vart bygd i 1650.
Den ligg i byens sentrum og er ein av dei finaste bygningane her.
Sidan 1920 har kyrkja fungert som eit museum og er spesielt kjend for sine veggmalerier.
 
Målet for turen vår på land denne dagen er Jaroslavl, der denne flotte kyrkja ligg.  
 

I gjen står det +16 og regn på vår værmelding.
Regnet har det heldigvis  vore sparsomt med, men dei grå skyene har vi med oss i dag også.
 
Vi seglar no på den Rybinske Resovoar eller som den formelt heiter, det Rybinske hav.
Den er sida 2006 den 8. største i verda og den 2. i Europa i overflateareal.
Då den vart laga var det den største menneskeskapte resovoar på jorda.
Det er den nordligaste del av Volga, og her starta den Volga- Baltiske Kanal.
 
  


Tidleg på føremiddagen segla vi inn mot Rubinsk.
Desse bilda er fra utkanten av byen





 
Rubinsk
Det er flotte bygningar som nærmar seg, nesten som eit eventyr :-)
 


Vår båt stoppa ikkje her, og noke serleg opplysninger om staden fekk vi ikkje.

Det fine med å lage slike reisebloggar er at i tillegg til å systimatisere bilda mine, er eg også mykje inn og googler. På den måten får eg med meg mykje kunnskap om stadar vi har reist forbi. Det blir som å reise ein gang til, både i ord og bilder :-) - og i tid...:-)
Synest  det er ok og legge ved nokre lenkjer, om det er andre som vil ha litt meir info.


Dette er nok også ein stad som  hadde vore hvert eit besøk...
 


 Mange fine bygningar er her i allefall.
 

 
 ...og turister...
 
 
...og kyrkjer...
 
 
Vi seglar vidare opp langs elva og på denne strekninga var det ( eller hadde vore ) stor aktivitet langs elvebreddene.
 

 


 
Her ligg det skipsverft på rekke og rad langs elvebredda...
 

 
...og opptrekksmetoden med skinner, og båten på tvers ser grei ut...
 


 
Så har vi igjen litt av desse artige husa.
Dei er utsmykka med rare takkonstruksjonar, arkjer og framspring enten dei er små eller store.
 
 
Bilvask kan gjerast fort og på mange måtar...:-)
 

...vart litt for tung bak...?:-)
Legg merke til motorsveiva som står klar til bruk...



 
Stor båttrafikk var her også
 

 
Artige desse "skyvebåtane"
 




 
 
 
 
 Her var ein som kom seg fort fram...
(Tenkjer du kjenner igjen denne, Gudmund)
 


...skal nok ta deg igjen...:-)
 

 
 Så går vi forbi ei strekning der vi godt kan sei at det var kyrkjer på kvart nes.
Mange kyrkjer var einsbetydande med velstand og rikdom på staden.
Er redd for at det meste av rikdomen gjekk akkurat til desse kyrkjene :-)
 


  


  
Vi nærmar oss no Yaroslavl
Dette er ein viktig havneby med ca seks hundre tusen innbyggarar.
Byen vart grunnlagd av prins Jaroslavl den vise i 1010.
 
  
Her ved denne kaia legg båten til og det er berre ein kort tur opp til sentrum av byen.
 

 
Så har båten lagt til kai her i Jaroslavl og vi vart henta med buss og køyrt inn her til sentrum av  byen.
Vi vart sett av ved denne nydelege kyrkja...
 

Det blir sjelden tatt bilder på kaiområda, for der er det eit mylder av folk. Har meir en nok med å finne rette gaid med rett buss.
Det er ikke berre "vår båt" som kjem inn til kai, det er gjerne minst to til.
Alle skal ha bussar og alle skal stort sett få same opplevingane.
Men vi kjem fram der vi skal, og det er ingen feilkøyring...:-)
Opplevingar får vi i massevis også.
Men må tilstå at når vi reiser for oss sjølve og ser slike turgrupper som fer springande etter ein gaid, har eg tenkt at dette må vere eit  forferdeleg stress.
No har eg opplevt det, og det var ikkje slik som eg tenkte.
Begge reisemåtar har klart sine fordelar....
 

 Her kjem vi i flokk og følge etter desse damene, og vi også går over denne opne plassen...:-)
 


 ...men damene ombestemte seg og gjekk tilbake...:-)
  

 
 
Alexander Nevski kapellet frå 1892.
 

...vi derimot gjekk mot denne staden og avtalte tid for å møtast her igjen seinare.
Vi har litt tid på eiga hand...
Mange ville gå på byens store markedsplass der det var alt fra sko, klede, mat og alt slags ting og tang + eit livleg menneskemylder.
Eg blir fort ferdig på slike stader, så alternativet vart ein runde i byen...
 



Vi kom fram til murane rundt det flotte Spaso Preobrazjenskij klosteret, men da  
 oppna himmelens sluser seg, og vi måtte finne oss eit takutspring å gå inn under ilag med ei dame som selde kvitløk.
Dette er eit av dei elste kloster i Russland, så her skulle vi igjen brukt meir tid.


 
 
Her har det etterkvart letta opp, og vi er igjen ute på gata...
Rådhuset i Jaroslavl
 

 
 
Mange flotte bygningar og fontener.
 


 
Vi fekk også opplyst at her var det gjerne lurt å kjøpe vodka. Minibankar med anledning til å ta ut pengar skulle det også vere.
Vel, vi fann begge deler.
Vodka var det ingen problem med å få kjøpe. Billig var det, og av god kvalitet - sa våre mannlege reisefølge. Minibanker var her også, men penger var det verre å få ut. ( noke som var vanleg )
Då sa igjen våre kavalerer at det var ikkje så farleg - for dei hadde penger til vodka...:-)
Alt ordna seg tilslutt - det vart både penger og vodka...
 


 
Yaroslavler ein av byane som høyrer til Den Gyldne Ring, ein samling av gamle Russiske byar som har bevart sitt middelaldrande preg. Dei vart ikkje beseira under 2. verdenskrig og her kan ein framleis sjå gamle bygningar og oppleve den orginale atmosfæren. Her som mange andre stader - vi skulle hatt meir tid...
 


Den Gyldne Ring er ein betegnelse over ringen av festningsbyer som i middelalderen vart bygd omkring Moskva som vart trua av stammar fra nord.
Tilnavnet "gyldne" har ringen fått seinare pg. av dei arkitektoniske og kunstneriske rikdomer som prega desse byane.
Yaroslavl var Russlands hovudstad ein kort periode på begynnelsen av 1600 talet og er den eldste og finaste byen i denne ringen.
Eliaskyrkja som vi ser her, er berre ei av Yaroslavl sitt enorme antal kyrkjer.
 
 
 
Trur dette er fra St. Nicolauskyrkja, men det er etter kvart så mange kyrkjer, kuppler og spir at det er uråd å huske alle navn. 
 
 
 
I denne kyrkja var det
fresker i dei mest utrulege fargar... 
 
 
...og forgylte barokkelementer...
 

 
Avsluttningen her var to sanger fra desse utruleg dyktige sangarane.
Dei hadde ei stemme som nådde ut til oss med voldsom kraft og styrke....
Det var vakkert !!
 
 
Før vi retunerte til båten, hadde vi eit besøk i den tidlegere guvernørresidensen som no er kunstmuseum.
 
 
Guvernøren sjølv var ikkje heime, men desse flotte "døtrene" hans viste oss rundt ...:-)
Det er sikkert og vist, nokon hadde hatt god smak her. Utrulege ting som pynta både golv og vegger. Her hadde det vore  både handla og tatt imot gaver. Kvaliteten var det ingen ting å sei på - sikkert heller ikkje prisen....:-)
 
Kjenner no at tilgangen både på bilder og inntrykk har vore enorm dei siste dagane, så her fekk kamera ein pause.
 
 
...men eg kunne ikkje dy meg...
her måtte kamera likevel fram...:-)
 
Dette besøket vart avslutta med eit glas sjampagne til alle oss gjestane,
 og etterpå vart det ein feiande winervals i den store, glitrande salen.
Enten hadde desse kjekke sunnfjordingane ( lurer på om det ikkje var ein sogning også) gjort eit voldsomt inntrykk, eller så hadde dei vist stor interesse for desse flotte damene...

 


Ikkje veit eg,
 men dei vart iallefall førstevalget når "guvernørdøtrene" skulle finne seg dansepartnarer.
Og danse vals kunne karane :-) -  kosa seg gjorde dei også...:-)
 

 
 Så er det eit siste stopp her ved 
krigsmonumentet til  Den ukjente soldats grav i Yaroslavl.
 
 Denne dagen 7.september 2012, var det eitt år sidan Yaroslavl Ishockylag var utsatt for ei frykteleg flyulykke då 45 ishockyspelarar omkom under "take-off". Laget var eit av dei beste i Russland.       Eit frykteleg tap for byen og folket der.
 


 
 Oppstandelsenskatedralen .
 

 
Det har vore ein lang dag med mykje inntrykk,
 Det var godt å sette seg tilrette på bussetet og berre la byen og landskapet fare forbi på turen tilbake til båten igjen...
Vi seglar no tilbake på Volga mot Rybink Reservoir som er den største feskvannsjøen skapt under sovjettida. Den har ein størrelse på 5.200 kvadratkilometer. Ein starta med konstruksjonen i 1935 og begynte å fylle den opp med vatn i 1941 og slutta i 1947 då Volga, Mologa, Sheksna og mange andre elvar gav vatn til sjøen. Nesten 700 landsbyar var lagt under vatn og 150.000 mennesker blei tvangsflytta til andre stadar.
Planane om oppdemminga var heldt hemmeleg av Stalin, og kom derfor som ein frykteleg overrasking på folket som levde der.
 
 
Takk for besøket og vekommen til å vere med til neste stopp - Uglich :-)
 
 
Ha ein fin kveld !


1 kommentar:

  1. Hei.Har vært borte litt, men tar igjen det forsømte. Igjen tar du oss med på turen i Russland. Det må ha vært en opplevelse, med mange inntrykk. Mange flotte kirker og andre bygninger.Man aner også fattigdommen i utkanten av bildene. Takk for turen så langt.

    SvarSlett