lørdag 27. oktober 2012

Uglitsj - dag 8.

 
 
 
 
 
St. Petersburg - Moskva.

Bilder og reiseopplevingar langs Tsarens vannvei.

11 dagars elvecruies  i Russland med Russ.

1. - 11. september.
 
  
Klikk på bildene for å få dei større.
 
 
Les om Uglitsj si historie under denne linken.


 

Uglitsj.
Dimitri- kyrkja er byens mest berømte kyrkje og vart bygd i 1692.
I dag er det 15 kyrkjer tilbake av 150 før i tida...

 

Uglitsj  kraftverk.
 
Det var ein kald og vindfull føremiddag då vi kom inn til Uglitsj.
Hausten var godt igang med å sette farge på naturen. Når sola titta fram på  den  mørkeblå og  dramatisk  himmelen, vart alle fargane forsterka. 

 
Flotte byggverk desse slusene !
 

 
 Her ligg båten vår Russ til kai ilag med den andre som har følgt oss på turen.
 

 
 
Vi hadde ein fin spasertur gjennom ei lang rekke suvenirboder før vi kom opp til sentrum av byen.
Dette er byen der suvenirar er billigast og utvalget størst, seiest det, men det har ikkje vore noke problem med å handle slike ting på dei andre stadane heller...:-))
 
Før 2. verdenskrig hadde ikkje byen elektrisitet, men med det store vasskraftverket forandra det seg og det utvikla industrien i området.
Den berømte Tjaika- uret er laga her.
 

Vi gjekk over denne plassen og...
 

...over denne vesle brua.


Då var vi igjen komne inn i området med kyrkjer og klokketårn.



 Kristi Forklarelseskatedral i Uglich
 Vakre bygningar er det, men denne dagen var eg så forkjøla og dårleg at eg orka rett og slett ikkje å stå i ro i vinden og ta imot meir info.
 

Tok heller ein rask spasertur for å få varmen i kroppen, men og for å få eit lite blikk på områder som ikkje stod på besøksplanen vår.
Her låg det også kyrkjer på rekke og rad.
 


Ikkje alle var så fine og gullbelagde som dei vi hadde sett før,
 men restaureringsarbeidet i full gang.



På den andre sida av gata var det bolighus...



... fine gamle laftehus med flotte utskjeringar var det å sjå; om dei var til nedfalls...



...skulle gjerne hatt noen fleire timar her - og aller helst ein bil så vi kunne komme litt vidare rundt -
slik var det ikkje på denne turen...
 

Så er vi igjen tilbake ved båten.
Langs med kaia og markedet såg vi dei gamle Babushkaer (bestemødrer) som selde små blomsterbukettar i håp om å få litt småpengar for å spe på den sparsomme pensjonen sin.
Det er nok ikkje alle som har det så godt...
 
  
Så er både vi og vår tvillingbåt klare for vidare tur.
Vinden auka på og det var kalt på dekk.
 

...men litt fleire bilder må eg ha med meg...
 



 Navnet Uglitsj skal komme etter ordet Ogol som betyr sving, og her ser vi at Volga svinger for snart å komme fram til slusen..
Byen ligg på same breddegrad som Fredrikshavn.
 

Litt vedmodig er det å reise fra ein slik plass, for sjølv om dette er ein kjempeopplevelse, er det nok ein tur som du tar ein gang.
Men det finst mange kanaler og elver...:-)
 

Så ligg vi å venter på å komme igjennom Uglichslusa.




 


Her ser vi eit einsleg kirketårn som stikk opp av basenget.
Etter at Stalin i 1939 beordra å lage eit gigantisk elektrisetetsverk her, steig vatnet 12 m og gjekk 50 km bak demninga.
Av Kaljazin som eingang var ein livleg handelsby, er det berre tårnet av St. Nikolai-katedralen som er å sjå.
Myndigheitene var så "humane" at innbyggarane fekk tid til å flytte til eit meir høgtliggande strøk før oversvømmelsen kom.
Kva dei flytta til var det ingen som sa noke om...

 
Sjølv om regnbyga feier over himmelen lengst ute,
 ser det ut for at vi skal få ein fin tur ut over kvelden på Volga.
 




Frå ferda langs Volga Baltiske- kanalen......
 

...som er 1100 km lang...








Kyrkjer og heisekranar side om side...

 
Om natta segla vi gjennom mange sluser i Moskvakanalen.
Det tok 4 år og 8 månadar å grave ut kanalsystemet som blei åpna 15. juli 1937. Kanalen blei bygd fordi grunnvatnet i Moskva var borte, og byen truga av vassmangel.
Total lengde er 128 km,(47 km lenger enn Panamakanalen) og det blei fjerna 202 millionar kubikkmeter jord (I Suezkanalen blei det fjerna 75 millionar) og bygd 240 store konstruksjonar bl.a. 11 sluser, 11 pumpestasjonar og 19 bruer.
 
Kanalen vart bygd av politiske fangar under forferdelige forhold så utgiftene var på eit lavt nivå...
 
Etter kanalen var ferdig blei Moskva ein havneby for fem hav ; Baltiske havet, Kvitehavet, Kaspiskehavet, Svartehavet og det Azoviske havet.
 

 Ha ein fin kveld !

2 kommentarer:

  1. Flott tur dette Liv. Som du forteller så var det kirker på hvert nes. Det kan man jo se. Det har vel vært slik i alle tider at kirken har tatt sin del av rikdommen og noen ganger mer enn det. Mange flotte bilder. Syns du det var greit med et slikt elvecruise ? Å bo på båt så lenge? Ha en flott helg og takk for turen.

    SvarSlett
  2. Flotte bilder igjen,Liv.Artig å sjå korleis det er langs Tsarens vannvei.Takk for at du deler bildene med oss:)

    SvarSlett