lørdag 15. september 2012

Le Tretat - Honfleur. Bobiltur 2012. Del 4.








Med bobil i Europa
 


 
Fra Le Tretat til Honfleur
 
 
 
 
 
 
 
Fra  Veules - Les -  Roses
 

 
Vi hadde ein flott og opplevelsesrik ettermiddag og kveld i Le Tretat. Nydeleg natur og fantasifull byggestil.
Hadde også ein flott tur opp på klippene og fekk med oss solnedgangen.
( Sjå del. nr 3 )
 
Campingplassen har alle faseliteter og her fyller vi opp nytt vatn,
  vasker og rydder  i bilen.
Fin campingplass, 15 Euro, grates Wi Fi og ca 20 min gange fra byen og stranda.




 
Vi stoppa på høgda etter Le Tretat og tok bilder.
Desse bilda er oversikt over byen med og uten sol...:-)
Her oppe var også ein fin Stellplatz



Husa står tett her




 
 
Han hadde flott utsikt å vakne opp til, denne guten...
 


 
Vi hadde ein fin tur igjenom nydeleg landskap og små byar
 





 
 Var også ned om strendene.
 



 
 
og noen ganger var det bratt ned...
 




 
 Artig takkonstruksjon.
 


 
Vi ville besøke Veules les Roses, men det var vanskeleg og finne parkeringsplass.
Etter å ha pasert byen, fann vi denne .marka der det var  lagt tilrette for parkering, og rett ved var det trappesti som førde oss rett tilbake til byen.
 
 
 
Idyllisk trappenedgang til sentrum

 
 
 
Dette er ein nydeleg by. Det seiest at her er like mange turister som det er roser
Heldigvis var dei ikkje alle her  på ein gang, men rosene var fantastiske og mange...
 


God plass framfor kafeen enno....

 

Byen har knapt 700 innbyggarar...
 
 
 ....og er intim og koseleg
 
 
 
Her også var det klipper og strand...


 
 ...Og folk kosa seg og naut det fine været...
 


 
 
Vi tok turen langs elva som rann igjenom denne delen av byen.
Elva er den minste sjøbundne elva i Frankrike, berre 1194 meter lang !!
Bli med på  ei vandring langs elva...:-)
 
 


Den renn fint og roleg mellom hagar og hus...


fine bruer
 


Utsmykka hagar...



...med frodige plantar...



...og fine fargar...
 


Veldig fint tilrettelagt for by- og hagevandring
 




Ut frå hagegjerder og portar var det stigtrinn ned i elva der innbyggarane i gamle dagar henta vatn til det daglege bruk




Gammal vannmølle




...bilda talar for seg sjøl....


 



Slike idyllar er det alle forundt å oppleve...
 



...eventyrleg, var det.


 

 
 Så var vandringen gjenom denne "hagen" over.
 

 
 vi leita oss fram til trappa som førte oss fram til vegen igjenom skogen...
  

 
...og fant stien
 
  
...og kom opp igjen på marka der bilen vår var parkert.
  

 
 Hadde noen små stopp på vegen til Etretat.
Køyrde små vegar og mykje opp og ned.
Det var eit nydeleg landskap. Desse små "byane" mellom klippene og dei flate og vide landskapet på toppane var heilt fantastisk
 

 
 


 
Fann også vegen inn om eit slott
Chateau de Sissi.
 
Her er nok anledning til å bestille overnatting...:-)
 
 
 
Nydeleg park til å gå på tur i var det også...
 




 
 Så er vi i Etretat.
Her var ein stor campingplass og stellplatz side om side.
Stellplazen har vatn og tømming men ikkje strøm.
Ligg ca 20 min. gange fra stranda.

Vi tok turen til stranda og klippene...

http://www.frenchmoments.com/Etretat.html

 


 
 
Her har naturen jobba godt...
 


 
 

Det var ein nydeleg kveld sjølv om sola forsvant ned i eit grått teppe og ikkje gav oss den solnedgangen eg hadde ønska.
  


 Etretat by i kveldslys og høg iso...

 
 Ein tur over klippene vart det her også.
Godt at vi ikkje har høgdeskrekk...:-)



opprevne klipper og utilgjengelege strender frå land
 



 
 Medan desse venta på den store fangsten, tok vi vegen tilbake til bilen. Vi kom akkurat inn då Tor med hammaren gjekk ut. Himmelens sluser opna seg og det var ok å ha tak over hode...
.
 

Vi hadde nok håpa på at sola skulle vise seg når vi no har fått ein ny dag.
Slik vart det ikkje, men det er god temp. og fint å utforske området og ta turen over klippene igjen...
 
 


 

Luftig golfbane på toppen av klippene...



 
 
Etter ein 3 timers tur langs klippene var vi klar for ein ny etappe.
 
 



Vi dreg no vidare sørover



...ved hjelp av GPS og "skiltskog"...


 
Vi køyrer over kanalen...
 
 
... og såg Le Havre i regn og tåke.
 
 

 
 
Vi kom fram til Honfleur og ein enorm bobilparkering med plass til 240 biler.
Vi bestemmer oss for å overnatte på denne staden og håpa på ein triveleg kveld med nye opplevelser...
 


Honfleur er unikt ! Byens indre hamn er flankert med sju og åtteetasjers hus med skiferfronter, uvanleg høge då dei vart bygde på 1600-talet.
 

Gammalt byggverk ved stranda

 

 Hamna med alle seglbåtane tyder på god velstand i denne byen

 
 
 

 
 ...regnet kom her også...

 

....i strie straumar...berre å finne ly...

 

 ...deretter for å vandre vidare...

 

...i smale smau...
 


...forbi eldgamle kyrkjer..
 

...og artige vindusdekorasjonar...
 


....og...
 


fine fotomotiv..!
 



Dei høge husa med skiferfasadar er unike og spesielle.

 



 Denne 20 meter lange bobilen på Volvochassis var ikkje noko for oss...på trange  vestlandsvegar!
...men duverden for ein bil...!!!
 




Idyllisk kanal/elvebredd ved bubilplassen...
 
 

...der det også var mange båtar.
  




Finveret kom, og det blei en nydeleg kveld i byen.
  


 
 
Ved denne karusellen stoppar vi opp med del 4.
 Ennå er det noen mil igjen før vi forlet Frankrike og kysten...:-)
 
Tusen takk for følge på denne etappen også :-))
 
Ha ein fin lørdagskveld !


2 kommentarer:

  1. gjen masse flotte bilder fra deres tur ti Normandie. Skjønner ta dere sitter igjen med en masse flotte intrykk. Takk for at du deler. a en flott lørdag

    SvarSlett
  2. På ei slik regnfull helg som vi har hatt her på Vestlandet no, er det kjekt å ta fram igjen bildene og lage blogg frå denne turen :-)
    Vist hadde vi regnbyger her også, men det var slike som det var ein ende på...
    Hyggeleg at du er innom bloggen Berit, og tusen takk for kommentar :-)

    Takk også til alle som kommenterer på FB og for alle tommlene.

    Ha ein fin kveld!

    SvarSlett